fredag 29. juli 2011

Thomas tvilar


Forteljinga om Thomas og den oppstadne Jesus er ei lyssterk sak. Første påskedag hadde han ikkje vore saman med dei andre læresveinane då Jesus hadde kome til dei, prata og ete saman med dei. Då Thomas fekk vita dette, ville han ikkje tru, ikkje utan at han sjølv fekk sjå han og ta på han. Ja, han ville til og med berøra sårmerkene hans, elles kunne han ikkje tru. HAN VILLE HA BEVIS.

Neste søndag var han saman med dei andre. Då kom Jesus og synte seg for dei alle.

Her vil eg gjerne skyta inn: Dersom du vil ha personleg bevis for at Jesus lever, oppsøk ei gudsteneste der du veit du kan finna kristne som elskar kvarandre og som forkynner og praktiserer Bibelen uavkorta. Så vil du få det beviset du er ute etter.

Straks Jesus syner seg, det verka som han etter oppstoda kunne bevega seg mellom synleg og usynleg modus, seier han til Thomas: "Stikk fingen din i såra mine og handa di i sida mi, og ver ikkje vantruande, men truande."

Det var det som skulle til for Thomas sin del. Han fall på kne framfor Jesus og sa fram den tydlegaste kristne vedkjenninga til då: "Min Herre og min Gud." Han var overbevist.

Og Jesus sa: "No trur du fordi du ser, sæle er dei som ikkje ser, og likevel trur."

Seinare reiste Thomas austover og enda etter tradisjonen opp i India og forkynte evangeliet om den levande Jesus, og i sørvest-India kan me enno finna såkalla Thomaskristne.

Kjære ven! Tru Guds ord om Jesus, og du skal få erfara hans kraft. Lukke til.

Ingen kommentarer: