![]() |
"Gamlakyrkja" på Moster vert rekna som den eldste i landet, og står der kristninga av Noreg starta i 995, og der dei første kristne lovene for landet vart vedtekne i 1024 |
Den
kristne hovudstadsavisa Vårt Land melder at Ingeborg Furre og venninna Maria
Solås frå Moster fekk først nei då dei ville starta kristent skulelag på Moster
skule i Bømlo. Etter å ha tenkt seg litt
om, vende rektor Anne Søvold Vikanes likevel tommelen opp under føresetnad av at
dei ikkje inviterte talarar utanfrå for å halda andakt.
Anne Søvold Vikanes er forresten ikkje den einaste rektoren her i landet som synest det er vanskeleg med ungdomar som vil starta kristne skulelag. Både i Arendal og på Stord (Nordbygda ungdomsskule) har me sett det same merkelege fenomenet.
Eg kan ikkje forstå anna enn at å nekta unge menneske å starta kristent skulelag, er å innskrenka dei grunnleggande menneskerettane deira. I §18 i Menneskerettsfråsegna står det at alle menneske skal ha høve til å tru og tilbe slik ein sjølv finn rett, anten åleine eller saman med andre, privat eller offentleg, samt gje uttrykk for religionen sin gjennom undervisning, utøving, tilbeding eller ritualer. Retten til å samlast for å dyrka felles tru er også heilt udiskutabel. I norsk skule er menneskerettane ein del av verdigrunnlaget, og det er underleg at ein rektor då vel å innskrenka desse for eigne elevar. Kva lærer dei av det? At menneskerettane gjeld for alle andre i samfunnet, berre ikkje for dei? Korleis kan ein undervisa truverdig om menneskerettane dersom skulen sjølv motarbeider dei?
Vidare er det i norsk skule sett på som eit gode å ha nær kontakt med lokalsamfunnet. Ein vil gjerne ha vaksne med ulik kompetanse inn i skulestova som kan å bidra til å gje elevane ny innsikt. Når rektor nektar dei kristne elevane ved Moster skule å invitera folk utanfrå for å hjelpa dei med t.d. å halda andakt, er dette eit brot med denne linja, og ein alvorleg innskrenking av desse elevane sin fridom. Eg synest det vil vera rimeleg om Anne Søvold Vikanes innser at ho også i denne saka kolliderar med ein viktig verdi i skuleverket.
Eg er sjølv lærar ved Stord ungdomsskule, og har i mange år vore vaksenleiar for skulelaget der. Mi røynsle er at dei elevane som ønskjer å vera med å driva kristent skulelag er høgst fredelege, og har aldri i mi tid skapt vanskar for andre elevar. Tvert om er dei flotte ungdomar som veks på å ta eit positivt medansvar for skulemiljøet. Å leggja hindringar i vegen for slike ungdomar må vera ein totalt feilslegen politikk. I staden bør dei oppmuntrast og backast opp. Elevar med initiativ er gull verd, og særleg når dei driv med ting som fell 100% inn under skulen sine målformuleringar.