Follow by Email

søndag 26. januar 2014

Grunntankar i Romarbrevet XXIII. Kapittel 7,1-6

Guds lov er gyldig for alle verdas menneske til alle tider. Mange trur at det er mogeleg for menneska å halda dei ti boda, og at dersom me kjem så langt i moralsk og åndeleg utvikling at me lever opp til krava, vil Gud gløyma og tilgje alle tidlegare lovbrot. Men slik er det ikkje. Kvart einaste lovbrot krev si straff, sjølv om me er blitt aldri så lovlydige. Det inneber at det ikkje finst nokon som unngår domen. Me skal alle fram for Kristi domstol og få att for det me har gjort, og blir me kjent skuldige, er domen eit evig fengsel som Jesus kallar fortaping.

Er det ingen veg ut av knipa? Kan me koma oss unna lovas lange arm? Ja, me kan det. For å forklara: Nordmenn som døyr kan ikkje lenger stillast for norsk rett og dømmast etter norsk lov. Det seier seg sjølv. Men no er det også slik at det å bli kristen er også å døy. Gjennom tru og dåp, har me døydd  bort frå den verda som me lever i,  og frå den lova som Gud forkynte som gyldig for livet på jorda. Det er nemleg slik at Gud reknar ein kristen for å vera eit menneske som har sont straffa for alle sine synder, og som difor ikkje lenger er skuldig i noko som helst. Alt er betalt. Rett nok ikkje av den kristne sjølv, men av Kristus, men det er fullt ut tilstrekkeleg og OK for Gud. Paulus uttrykker det slik: Jesu død og oppstode vert gjort gjeldande for oss i dåpen. Gjennom det som skjer der blir me rett og slett vigsla til Guds frelsesverk i Jesus Kristus og rekna for å vera reine og rettferdige, himmelen verdige. Jesus har på krossen teke bort syndene våre slik at me ved trua kan bli reinsa for eit liv i Guds fellesskap.

 Eit døypt truande menneske er tilhøyrer Jesus slik som ei brur tilhøyrer brudgomen sin. Lova kunne ikkje få oss til å elska Gud og nesten på rett vis. Men det kan Jesus Kristus. Han nåde og kjærleik fyller oss med Guds kjærleik. Lova kan få oss til å leva ærbart i det ytre, men kunne ikkje endra oss innvendig. Men det gjer Jesus. Han føder oss på nytt og fyller oss med lyst til det gode slik at me kan bera frukt for Gud.  

onsdag 22. januar 2014

Grunntankar i Romerbrevet XXII. Kap 6,12-23

Dei fleste menneske let synda rå i liva sine. Det betyr at dei følgjer sine eigne tankar, idèar, ønskjer og mål, utan å spørja kva som er Guds tankar, idèar, ønskjer og mål. Menneske er av naturen eit gudlaust vesen, dvs. sin eigen gud. Denne måten å leva på stenger ikkje berre folk ute frå fellesskapet med Gud, men også frå kunnskapen om Gud. Det er berre når folk spør etter Guds vilje og  bøyer seg for den, at dei kan bli kjent med Gud og erfara hans eksistens, godleik og makt.

Kvifor er så mange strålande intelligente menneske ateistar? Kvifor ser dei ikkje Gud? Fordi Gud skjuler seg for dei. Det er hans dom over stoltheiten deira. Når dei audmjukar seg og spør etter Gud og hans vilje, vil han openberra seg for dei. Då er det over med ateismen. Det skjer på ein blunk.

Kristne menneske må stilla seg heilt og fullt til Guds disposisjon om dei skal overleva som kristne, og om Gud skal kunna bruka dei til sine føremål. Dersom ein fell attende til gamal gudlaus livsstil, blir gudslivet og det nye åndelege sanseapparatet sveikka, og på eitt eller anna tidspunkt finn ein seg sjølv utanfor livssamfunnet med Gud og på veg mot evig fortaping. Anten er me slavar under rettferda, det fører oss til det evige livet, elles er me slavar under synda (les: eigenviljen), og det fører oss inn i den evige døden. 

Gjennom dåpen og trua på Jesus blir eit menneske frigjort frå synda. Ein er blitt ein tenar for Gud. Dette må me merka oss. Berre Gud kan frelsa oss. Frelsen er Hans aktivitet. Men han frelser oss til aktiv teneste for seg. I Romerbrevet kjem det tydeleg fram at me som frelste menneske har to identitetar: Guds barn og Guds tenarar. I kapittel 6 er det fokus på tenarskap. Me er frelst for å tena Gud og rettferda, og det er umogeleg å leva og overleva som kristen utan å tena Gud av eit heilt hjarta. 

Kapitlet sluttar med ei herleg sanning: Guds frelse er ei GÅVE som vert gjeven av nåde, dvs. utan grunn i oss sjølve. Denne gåva vert rekt oss gjennom Ordet, dåpen og nattverden. Dersom me kunne læra oss å takka og bukka og tru at denne herlege gåva er vår når Gud har gjeve henne til oss ut frå sitt gode hjarta, ja då hadde me blitt ustyrleg lukkelege og fullt av vilje til alt som er Guds.