lørdag 27. september 2014

Grunntankar i Romarbrevet, del XXXVII. Kapittel 11,30-36

Evangeliet kom til oss heidningar "utanom tur." Guds visjon var først å frelsa jødefolket, og så skulle jødane bringa Guds frelse til verda. Men sidan jødefolket i det store og heile fornekta Kristus og helst ville frelsa seg sjølv, sende Gud Paulus og dei andre apostlane til heidningane med dei gode nyheitene frå Gud. 

Me fekk altså miskunn "utanom tur". Då jødefolket i det store og heile forkasta Kristus, sette Gud i verk plan B, som gjekk ut på at Jesu jødiske vener skulle bringa evangeliet til folkeslaga utan å gå vegen om jødane, og så skulle i neste omgang evangeliet gå frå folkeslaga til jødefolket.

Difor: For oss  heidningekristne gjeld også Paulus ord om at evangeliet er først for jøde, for grekar. Men sanninga om dei fleste av oss heidningekristne er at me konsentrerer oss korkje om jødar eller grekarar. Me er ulydige, nett slik som jødane var det. All ære for alles frelse går såleis til Gud åleine. Han frelser dagleg tusenvis av menneske trass i at me som trur på Jesus er både trege, uengasjerte og ulydige.

Men Gud står på og motiverer oss på mange måtar, og når me set oss i bevegelse, elskar han å bruka oss. Denne erkjenninga førte Paulus inn i lovsong og takk (vers 33-36). Gud er rik, klok og rettferdig. Ingen kan gje han råd (om me vel ofte prøver akkurat det), ingen kan krevja noko frå han, og vers 36 slår fast ein grunnleggande kristen sanning: Alt og alle tilhøyrer Gud fordi han er den som har skapt alt, og alt som er skapt er skapt for å æra han i tid og æva. Difor er det ei GRUNNLEGGANDE SYND å unndra seg Gud og leva livet utan samfunn med han, likeeins å anklaga Gud for alt mogeleg (som er så vanleg for det moderne menneske å gjera), og desse syndene vil alle som kjem inn i Guds lys forstå er dei største og mest skammelege som finst.

torsdag 25. september 2014

Grunntankar i Romarbrevet XXXVI. Kapittel 11,25-29

Gud har ein plan. Den er berre delvis openberra for oss. Men i vårt avsnitt løftar han litt på sløret: Ein del av Israel er blitt forherda, og denne forherdinga vil først bli oppheva når heidningane er komne inn i fullt tal, som det står her, eller når heidningane sitt tal er oppfylt, som me kan lesa i andre oversettingar. Det kan ikkje vera snakk om at alle heidningar må bli frelst før Israel blir frelst, men at eit visst mål med heidningar må bli frelst før den store vekkinga kjem i Israel.

Paulus skriv dette for at romarane ikkje skal tenkja for høgt om seg sjølv og heva seg over jødefolket eller sjå ned på dei på noko vis. Det har dei ingen grunn til. Tvert om. For ein dag skal det faktisk skje:  HEILE ISRAEL bli frelst, og akkurat DET er ei ære som neppe blir nokon annan nasjon til del, og så refererer han til Jeremia som seier at "redningsmannen", og det må vera Jesus, skal koma frå Sion og utrydda ALL gudløyse frå Jakob, og i samsvar med den nye pakta skal han ta bort syndene deira. Det handlar om tilgjeving og reinsing.

Sidan jødane forkasta evangeliet om Jesus, vart dei Guds fiendar. Likevel elska Gud dei som folk pga utvelginga og fedrane. Å elska betyr her å godkjenna. Gud kan ikkje gløyma lovnadane sine, og han kan ikkje gløyma Abraham, Isak, Jakob, Moses, Rahab, Josva, Rut og David, og den dag i dag vurderer Gud folket ut frå kva desse representerte, og dei dreg enorme vekslar på Guds lovnader og andres innsats. Me kan ikkje forstå dette folket utan å rekna med desse faktorane. For Gud angrar ikkje på det han har gjort, og dreg ikkje attende den utvelginga av Israel, ei heller dei nådegåvene han har gjeve dette folket.

Men enno kan ikkje dei fleste av dei henta ut det beste, nemleg forlating for syndene og evig liv, det som dei IKKJE kan få gjennom fedrane, men berre gjennom JESUS. Men bodskapen her i dag er denne: nokre tek imot Jesus og blir motteken av Gud, og ein dag vil alle ta imot Guds nådegåve i Jesus Kristus.

torsdag 18. september 2014

Grunntankar i Romarbrevet. Leksjon XXXV. Kapittel 11,22-24

Oljetrea kan gjerne bli mykje over 2000 år gamle. I Getsemane finn me enno oljetre som må ha stått der den natta Jesus kjempa med Gud om vår frelse.


Vers 22 er viktig: GUD ER GOD MOT DEI SOM HELD SEG TIL HANS GODLEIK. Det ER sant at Gud er god mot alle, og let sola si skina over rettferdige og urettferdige osv. Men berre dei som held seg til hans godleik, vil oppleva aldri å bli råka av Guds strenge dom. Med Guds godleik er det her nemleg meint den godleiken han møter oss med gjennom evangeliet, gjennom Jesus. Dei som held seg til Jesus, får vera i Gud og erfara Guds godleik i all æva.  Dei som fell frå¨Jesus, løyser seg frå Gud og blir råka av hans strenge dom fordi dei har brote det første bodet: Du skal ikkje ha andre gudar enn meg.  Gud har altså, gjennom Jesus og hans gjerningar, teke seg av oss heidningar slik at me blir poda inn i han når me tek imot Jesus som Herre og frelsar. Men enno meir er det slik for jødefolket, dei som i utgangspunktet tilhøyrde Gud, og som enno har ein spesialstilling i Guds plan med verda. Når dei gjev opp vantrua si og vender seg til Kristus, vert dei straks poda inn i Gud dei også. Og så er det eit poeng her som Everett F Harrison løftar fram i sin Romerbrevskommentar: Det vil vera enklare for jødane, når den dagen kjem, å bli kristrne enn det var og er for heidningane å bli det, rett og slett fordi jødane på ein måte naturleg høyrer heime hos Gud. Dei passar inn hos han.

Så ligg det ei åtaving her: Det er mogeleg for alle som trur å falla frå Gud. Det syner også erfaringa oss. Difor me me halda oss til hans godleik, og velja den kvar einaste dag. Når me løyser oss frå Jesus Kristus, løyser Gud seg nemleg frå oss og overlet oss til oss sjølve. Me blir avhogne greiner.

Det er eit underleg bilete dette med poding som Paulus brukar i denne teksten. For det er nemleg heilt uvanleg å poda greiner frå ville tre inn i gode framavla tre. Det vanlege er motsett, at greiner frå gode tre vert poda inn i stammer og røter frå ville tresortar. 

Men i Guds rike er det nåden som gjeld. Her vert dårlege greiner poda inn i ei god rot, og så blir dei forvandla slik at dei ber gode frukter. Berre Gud i himmelen held på på denne måten, og kan halda på slik.

Og enno meir er det slik når det gjeld jødefolket. Dei er nemleg avhogne greiner, og avhogne greiner er døde greiner. Å poda døde greiner inn i eit tre er med respekt å melda slett gartnerskap. Men Gud gjer det, og dei døde greinene får liv. Frelse er mirakløse greier.

At Gud og Guds rike her vert samanlikna med eit oliventre har kanskje også eit poeng med seg, for oliventreet blir svært gamalt. Gjerne over 2000 år. Nokr av dei trea som står i Getsemane i dag, er dei som sto der då Jesus natt til langfredag utkjempa sjelekampen sin. Gud er kalla den gamle av dagar. Det er lett å forstå. Men kanskje er det slik også at nådens tidsalder, tida frå Jesu himmelfart til at han kjem att omtrent blir eit oliventreliv. Jo, eg veit det er litt spekulativt, men då nærmar me oss veldig at dei heilt store tinga skal skje og Jesus kjem att i herlegdom for å frelsa alle truande og dømma dei vantru.

tirsdag 9. september 2014

Grunntankar i Romarbrevet del XXXIV. Kapittel 11, 11-21

v.11-15
Gud kan snu det vonde til det gode.
Også det faktum at jødane forkasta Kristus og evangeliet, snudde han til noko fordelaktig for verda.
Planen var slik: Då jødane misbrukte sjansen sin til å bli frelst og gå inn i Herrens teneste, skulle evangeliet gå til folkeslaga, og det at dei vart omforma frå å vera mennesker under synd, begjær og dom til eit gudsfolk prega av rettferd, godleik og kraft, skulle vekka misunning hos jødane slik at dei også skulle få lyst på Guds gode gåver gjennom Jesus. Slik skulle deira fall bli til rikdom for verda. Men likevel: hadde dei teke i mot Jesus og hans frelse frå starten av, ville velsigninga over folkeslaga blitt enno større, og misjonsoppdraget fullført på langt kortare tid. Men dei gjorde ikkje det. I 2000 år har dei halde seg borte frå Gud. Men når dei ein dag kjem til Jesus med liva sine, og det vil skje, vil verda bli løyst frå synda og djevelens forferdelege makt på ein måte som ein aldri før har sett maken til i historia. Det blir heilt ekstraordinært.

v. 16-21
Den gode rota som me heidingar er pota inn i er Gud sjølv, og sidan denne rota er heilag, er alle som er kopla på rota også heilage. Dei får del i Guds heilagdom. Den heilage krafta og det heilage livet frå Gud strøymer inn i oss gjennom Jesus Kristus og lovnadene knytte til han. For det er jo Jesus er som Guds lovnad. Dei vantruande jødane er avbrotne greiner. Alle Jesustruande ikkje-jødar er pota inn på alle ledige plassar. Men her ligg ei kraftig åtvaring: Sidan det var vantru som fekk Gud til å hogga jødane av den gode rota, dei som var dei første til å få lovnaden, må ingen heidningar innbilla seg at dei skal bli verande på rota om dei endar opp i vantru. Dei vil ikkje bli sparde men hogne av og kasta på elden. Dersom Gud ikkje sparte dei naturlege greinene, vil han slett ikkje spara oss ikkje-jødar om me fell frå i vantru.



tirsdag 2. september 2014

Grunntankar i Romarbrevet XXXIII. Kap. 11,1-10

Kapittel 11 er høgaktuelt. Det handlar om det jødiske folks særstilling i Guds historie med verda. Me må aldri gløyma at Gud bestemte seg for å frelsa verda gjennom jødefolket, at han sjølv valde å bli jøde. For evig og alltid er dette folket knytta til himmelens Gud, og er såleis eit nøkkelfolk, og Jesus vil ikkje koma attende før jødane har akseptert han som Messias og ber han om å koma attende.
Så til teksten.
I vers 1 slår Paulus fast at Gud ikkje har forkasta Israel. Det må alle leggja seg på minne. Han brukar seg sjølv som prov på påstanden. Han er jo sjølv israelitt. Han er jo sjølv jøde av Benjamins stamme. Hadde Gud forkasta Israel kunne Paulus aldri har blitt kristen. Det ser ut til å vera logikken her.
Så går han over til slags historisk døme som skal underbyggja  påstanden hans. Elia trudde at han var åleine truande att i Israel på Akabs tid. Men Gud visste betre og kunne fortelja om 7000 andre som heller ikkje hadde bøygd kne for Baal.
Berre Gud har full oversikt. Våre menneskelege førestellingar kan vera ganske langt borte frå sanninga. Men Gud som ER sanninga, kjenner alle ting.
Situasjonen for Guds folk kan sjå ganske håplaus ut. Men ikkje for Gud. Han ikkje berre KJENNER sanninga. Han FORMAR historia og skaper ny røyndom (på gresk er sanning og røyndom same ordet). Det var ikkje berre slik at det var 7000 løynde truande på Elias si tid, men det var Herren som hadde SPART DEI. Han hadde sjølv teke vare på dei.
Slik vil det alltid vera. Han kjenner kvar einaste trufast jøde, han veit kor dei er og han har til hensikt å føra dei ut frå der dei no er og samla dei i det landet han gjennom eid gav Abraham og hans etterkomarar. Og dette gjeld ikkje berre Judas og Benjamins stamme (jødane), men også dei andre stammene som vart deporterte i 722 f.Kr av assyrarane, og det er meir enn interessant Manasses  stamme no er funnen i India, og dei er på veg attende til Israel.
Ein rest av det jødiske folket er spart av Gud til frelse. Det er av nåde, ikkje av gjerningar eller forteneste. Elles ville ikkje nåden lenger vore nåde. Gud tek seg av og frelser Israel kun og åleine fordi han er god og elskar dei, slik han også frelste oss som ikkje er jødar.
Lenge har jødefolket lege i tjukkaste mørker, spreidde som dei har vore utover heile verda. Som straff for si avvisning av evangeliet i den første tid  gav Gud dei ei sløv ånd, slik at dei ikkje lenger kunne venda om. I mellomtida, i heile 2000 år, har så evangeliet om Jesus gått sin sigersgang mellom andre folkeslag. Men Israel og jødane er blitt liggjande i skuggelandet. No endrar imidlertid alt seg. Gud hentar jødane ut frå alle folkeslag, samlar dei i Israels land for å openberra Jesus Kristus for dei som Messias og Herre, og mange har alt forstått det og kome til Jesus med liva sine og trykt han til hjarto sine. Denne førstegrøda vil vera viktige når ein dag alle kjem. Då vil desse bli åndelege fedre og mødre for dei mange nye truande.