tirsdag 8. august 2017

Engelen Gabriel kjem med bod til Maria 1


Tekst:

Det var ingen spøk då Gud skulle frelsa oss menneske tilbake
til seg sjølv. Han måtte bli eit menneske for å kunna gjera det.
Og for å bli eit menneske, måtte han ha ei mor, og valet fall
på jomfru Maria. Ho var den rette.
Men han kunne jo ikkje så godt tvinga henne. Ho måtte vilja
det sjølv. Gud tvingar ingen inn i noko. Han er jo frihetens Gud. Maria måtte
sei ja til Guds plan, elles hadde ho aldri blitt Jesu mor.
Slik er det med deg og meg også. Me må seia ja til Guds plan,
elles blir det ingen ting ut av det, noko som me taper mest på sjølve, faktisk.
Guds planar for Maria sitt liv  overgjekk alt ho kunne fantasera om i sine
villaste draumar. Ho hadde nok helst tenkt at ho skulle leva eit stille liv i
Narasaret og gå over i historia utan å bli hugsa av nokon. Det var jo det
vanlege. Men Gud er ein uvanleg som skaper uvanlege karrierar, og Maria fekk
ein av dei mest uvanlege.  Me sitt ja til
Guds plan, skapte ho historie, og er i dag ein av historias mest kjende
personar, og få menneske har fått så mange menneske oppkalt etter seg som
henne.
Det er eit viktig poeng her i denne teksten: Gud openberrar
seg for sine vener midt i kvardagen. Han er ikkje avhengig av at me gjer
spesielle triks eller åndelege øvingar for at han skal tala til oss. På ingen
måte. Det kan skje når som helst og kor som helst uansett kva me held på med,
og me treng ikkje å vera i ein lyttande posisjon, han snakkar høgt nok når han
snakkar.
Og så eit anna viktig poeng: Gud talar til deg gjennom
Bibelen, og gjennom det som du høyrer her og no, det forkynte ordet. Det er det
normale, og ingen kan sei at Gud ikkje talar til dei så lenge dei har tilgang
på Bibelen og det forkynte ordet. Den heilage ande tek ordet du les eller
høyrer, og brått opplever du at det er noko som talar veldig spesielt til deg.
Det er Gud.  
Kvifor talar Gud til oss? Fordi han er nådig. Ingen av oss
fortener at han tek kontakt med oss eller brukar oss i si teneste. Men han gjer
det fordi han er god, fordi han elskar oss, og fordi han elskar å vera saman
med oss. «Herre er med deg», sa engelen til Maria. Det var godt for henne å
høyra. Det er lett for oss å tenkja at Herren er mot oss pga våre mange synder.
Men det er ikkje sant. Trur du på Jesus, er Herren MED deg, for Jesus og Guds kjærleik
veg så mykje, mykje meir enn syndene dine på hans vektskål, og dessutan har
Jesus fjerna syndene  dine med sitt blod.
Det siste kunne ikkje Maria vita så mykje om, men GUD visste om Jesu offerdød,
og Maria og alle andre truande i den gamle pakta fekk nyta godt av at Gud
visste kva som skulle skje med sonen hans. Dei fekk tilgjeving som eit forskot.
Dessutan: Gud elskar å vera saman med oss og virka store ting
gjennom oss. Det skal du vita og aldri tvila på. Han skapte oss i sitt bilete
for at hans vesen, kraft og autoritet skulle koma til syne gjennom liva våre.
DET var poenget.
Og så til deg som veit med deg sjølv at du har motstått Gud,
at du ein gong sa nei til Guds kall og plan, og som har vore plaga av dette
neiet så lenge. 
Her og no får du ein ny sjanse. Israel hadde motstått Gud i
hundrevis av år, men gjennom englebesøket til Maria, fekk heile nasjonen ein ny
sjanse til å reisa kjerringa og starta på nytt.
Den sjansen får du også. Kast ikkje den frå deg, slik som
Israel gjorde då dei fekk Jesus krossfesta. Hopp på toget når det no stansar på
din stasjon, og medan det enno står der.