lørdag 3. oktober 2026

"Herren har teke bort vanæra mi."

 



Elisabeth, mor til Johannes døyparen, sa då ho i høg alder var blitt gravid: "Herren har teke bort vanæra mi". Heile livet hadde ho og Sakarja vore barnlause. Men så greip Herren inn og gjorde eit under, og Elisabeth vart mor, og Sakarja far. 

På den tida var det gjerne slik at det var ei vanære for ei kvinne å ikkje få barn. Det var ingen som då visste at det like gjerne kunne skuldast mannen som kvinna. 

Men same kva som var grunnen, så skjedde underet, og Elisabeth opplevde det som at ei tung bør vart teken bort frå henne. 

Så kjem eg til sjølve saka: Den vanæra som vart teken bort frå Elisabeth, er liten i høve til den vanæra han har teke frå deg og meg. 

I Romarbrevet 3,23 står det at "me har alle synda, og står utan ære innfor Gud". Det er sanninga om oss menneske. Syndene våre er skammelege og ufyselege, om dei ligg i dagen eller under overflata, og me har ingenting å rosa oss av i møte med Gud, ei heller med kvarandre, og må me stå til ansvar for det, blir me alle dømde til evig fortaping og straff. 

Men Gud har i sin store nåde og godleik betalt for syndene våre gjennom Jesus død på krossen, og når eit menneske tek imot han i tru, blir vanæra straks teken bort, synda tilgjeven og fellesskapet med himmelen gjenoppretta. Så rik er den som trur på Jesus. 

Og så eit ord til alle pastorar og kristenleiarar. Kanskje har du strevd i årevis med å vinna menneske for Gud, men utan å lukkast. I år etter år har du våre åndeleg ufruktbar, og sunn og normal kyrkjevekst har du måtta sjå langt etter. Fatt mot. Gud vil gjera eit mirakel i livet ditt og i kyrkja di, og du vil oppleva at folk du vitnar for tek imot bodskapen og vender om til Gud, og kyrkjelyden din som var uproduktiv, vil stå fram som ei lukkeleg mor til mange nye barn, og du kan stå fram og seia: "Herren har teke bort vanæra mi!" 

Ingen kommentarer: