søndag 24. mai 2026

Pinse

 Det er første pinsedag, og me feirar at Den Heilage Ande kom til Jesu apostlar, og vart gjort tilgjengeleg for alle menneske, høge og låge, rike og fattige, kvinner og menn, folk frå alle nasjonar, stammer, folk og språk.

 Det var heilt nytt, og står som Guds svar på det faktum at Jesus på krossen døydde for alle menneske, at han hadde rydda veg for alle menneske, og at hans frelse skulle delast ut i aust og vest og sør og nord.

 Og då Peter talte denne spesielle dagen i historia, sa han: "Vend om og lat dykk døypa i Herren Jesu namn, så skal de få tilgjeving for syndene dykkar og Den Heilage Anden i gåve, de som oss."

 Og effekten av talen hans var så kraftfull at 3000 menneske kom til tru og let seg døypa, og den kristne kyrkja var fødd. Så: GRATULERA MED DAGEN!

 Det er to ting som er viktig å seia om Den Heilage Ande: Du kan ha han i hjarta ditt som ein livsskatt som knytter deg til Jesus og din himmelske Far slik at du kjenner deg både tilgjeven og elska. Har du han slik, er du ein sann kristen som ber kristendomens fremste karaktertrekk: Kjærleik til Gud og nesten. "Guds kjærleik er aust ut i hjarto våre ved Den Heilage Ande som er oss gjeven," skriv Paulus i Rom 5. 

Men Den Heilage Ande er også han som utrustar deg til teneste for Herren, fyller deg med kraft frå himmelen til å vitna for verda om Kristus på ein overtydande måte.

Pinse og misjon høyrer saman. Det var ingen vits for apostlane å starta misjonsoppdraget før Anden kom til dei med kraft frå himmelen, og før Anden vart allemannseige. Men alt dette skjedde på pinsedag, og då starta også Guds legitime gjenerobring av ei fallen verd.  

Me treng ikkje strekka oss etter Anden, for han har  me fått som ei gåve ved trua på Jesus. Men me vert oppfordra til å strekka oss etter Andens kraft, etter å bli fylt av Anden, etter nådegåvene  som han deler ut, og mest etter å tala profetisk. Utan desse nådegåvene er det omtrent umogeleg å få nye menneske til å bli kristne. Desse gåvene bryt ned menneska sine forsvarsmurar, og opnar opp for at dei kan bli innvaderte av himmelen. Og jo fleire som blir fylte av Anden og som lever i denne fylden, jo fleire menneske kjem til tru, og jo fortare veks kyrkja og Guds rike fram.

Kva kan du gjera for å få del i dette? Pris Jesus! Be om å bli fylt. Lev i fellesskap. Lev i Guds ord, for dette ordet er ånd og liv, og Jesus vil fylla deg spontant eller sakte men sikkert. Uansett vil du oppleva at ting endrar seg til det gode for deg.