fredag 29. mars 2019

Guds uimotsåelege nåde. Eit nytt perspektiv på Nord Korea og kristendomen.

Frå Lausannekommiteen kom kom i går ein artikkel av Jamie Kim om Nord-Korea og kristendomen. Deler av denne (mestedelen) har eg her oversett til norsk.

Sjølv om Nord-Korea kan verka heilt lukka og upåverka av kristendomen, og sjølv om det ikkje eksisterer religionsfridom i landet, er det likevel lysstreif av håp, både når me ser på landet si historie, og når me ser på realitetane slik dei er på bakken i dag. Gjennom historia har Gud brukt både utanlandske og nasjonale kristne til å etterjaga koreanarane med sin uimotståelege nåde. 

Nord-Korea er ein nasjon som dei siste 70 åra  har prøvd å utrydda kristendomen fullstendig. Kim-dynastiet har gått gjennom store endringar, men ingenting har ført til framgang for nasjonen. Gjennom desse åra har mange utlendingar forsøkt å hjelpa Nord Korea, men det har ikkje vore lett. Mange har måtta reisa frå landet utbrente og desillusjonerte.

Likevel er ikkje Gud på nokon måte fråverande i Nord Korea. Hans uimotståelege nåde har sett, og set sine tydelege avtrykk i nasjonens liv.

Kristendomen i Korea

Nord Korea er ikkje framand for kristendomen. Kristne vekkingar, moderne medisin, utdanning, og sjølvstenderørsler er blitt brukt av Gud til å dra nasjonen til seg sjølv. I 1907, då Pyongyang var hovudstad i heile Korea, vart byen, pga det sterke kristne nærværet i byen, kalla austens Jerusalem.

Medisin spela ein stor rolle når det galdt å opna Korea for kristendomen. Horace Allen, ein amerikansk legemisjonær, kom til Korea i 1884. Han gav broren til dronninga i landet medisiner som gjorde at han vart frisk frå ein plagsam sjukdom, og gjennom denne velgjerninga, opna landet seg for utanlandske misjonærar, og kristendomen fekk raskt ein kraftig vekst. Kort tid etter etablerte Allen eit sjukehus og ein skule, og misjonærane fekk høve til å starta utdanningsinstitusjonar over heile landet. Resultatet vart 293 skular og 40 universitet.

Kristendomen vart også identifisert med motstand mot japansk kolonialisme (merknad: Japan okkuperte Korea i 1910), noko som gav stor respekt og legitimitet. Sjølv om kristne berre utgjorde 2% av befolkninga på den tida, utgjorde dei opp mot 50% av dei som på ein eller annan måte kjempa mot japanarane.

Forfølging av kristne i nord

(Merknad: Som eit resultat av 2.verdskrigen vart Korea delt i to, Nord og Sør Korea). Frå 1945 til 1980 prøvde Kim Il Sung å fullstendig utrydda kristendomen frå Nord Korea, og han proklamerte i 1970 at det ikkje var ein einaste kristen att. Men i 1980 inviterte han likevel Billy Graham på besøk til for å forkynna evangeliet for nordkoreanarane, likeeins Sun Myong Moon og andre prominente kristne pastorar. Målet hans var då å påvisa at det var religionsfridom i landet. Det var ei innrømming av at kristendomen framleis var ei levande kraft i Nord Korea, men me veit i dag at forfølginga av truande på den tid var svært tung og alvorleg. 

Etter at Kim Il Sung døydde vart det hungersnaud i Nord Korea. Grunnen var at Sovjetunionen drog ut den mangeårige støtta si, og resultatet vart at opp mot fleire millionar nordkoreanarar døydde av svolt (merknad: Det skjedde på slutten av 1990-talet). I denne tida var det fleire hundre tusen nordkoranarar som kryssa grensa til Kina i håp om å få tak i mat. Ut frå mine eigne røynsler frå denne tida, møtte mange av desse matflyktningan Guds kjærleik gjennom kristne i Kina. Tusenvis av dei kom til personleg tru på Jesus Kristus, og reiste attende til Nord Korea med det kristne håpet i hjarto sine.     

Transparent kristent engasjement

I Kina har kristendomen blitt identifisert med ei kolonimakt som m.a. starta den brutale opiumskrigen. Slik er det ikkje i Nord Korea. Der lever enno minne om kristendomen som ei kraft i folket som starta sjukehus og skular som gav folket helse og utdanning. Likevel er kristendomen forboden rett og slett fordi landet byggjer på ein marxistisk ideologi som stemplar all religion som "opium for folket". Men den i utgangspunktet positive haldninga gjer at dei kristne som i dag kjem til Nord Korea for å vera til hjelp kjem lengst med å vera transparente med tanke på trua si.


Kristent nærvær

Sidan 1995 har over 70 kristne organisasjonar blitt ønskt velkomen for å jobba i landet med ulike hjelpe og utviklingstiltak.  Totalt er det 480 ulike utanlandske organisasjonar som har eit engasjement der. Men også i dei 410 sekulære organisasjonane jobbar det mange kristne.

Sanninga er at nordkoreanske styresmakter ønskjer kristne organisasjonar velkommen til landet (merknad: for å driva hjelpetiltak, ikkje misjonera). Dei seier at sekulære organisasjonar gjerne vil skaffa seg fordeler, medan dei kristne berre kjem for å hjelpa dei utan å krevja noko attende.            

Så lenge koreanarane får det inntrykket at kristne stiller opp for dei pga kjærleik, vil dei etterkvart identifisera kristendomen som ein koreanske religion. 


Konsultasjon om Nord Korea i Lausanneregi

I februar i år var 80 profesjonelle (innan næringslivet) og pastorar samla i Pasadena i regi av Lausannekommiteen for å be og snakka om korleis den globale kyrkja kan bli meir involvert i arbeid i Nord Korea. I dette møtet kunne kristne fortelja ufattelege ting om korleis det er å leva i dette landet, ting som står i grell kontrast til nyheitsbilete frå den internasjonale pressa som utelukkande fokuserer om atomtrugsmål og vestlege sanksjonar.

 Det vart naturlegvis også snakka om faremomenta. Folk kan bli arresterte og koma i fengsel, og spørsmålet er: korleis kan kyrkja førebu og utrusta unge menneske til å leva under slike usikre tilhøve som dette?

Utfordringen med einskap

Kristen einskap er viktig for å lukkast i Nord Korea. Me er ikkje gode på dette, og kristen oppsplitting gjer det vanskeleg for folk flest å gripa evangeliet, og det gjev rom for at usunne sekter kan få utfalda seg og gjera stort skadeverk. Dessutan undergrev konkurranse mellom kyrkjer sjølve evangeliet som jo er ein bodskap om forsoning og einskap.

Det er som Lessly Newbegin klagar over: "Korleis kan me som lever uforsonlege liv, forkynna Kristi forsoning for verda? Korleis kan me forkynna for menneska at Jesus er Herre, når me ikkje klarar å leva saman under hans herrdøme?"






søndag 24. mars 2019

10/40- vindauga

Image result for 10-40 window 

2/3 av menneska på jorda lever mellom 10 gradet nord og 40 grader nord, eit området som utgjer 1/3 av verdas landareal.  Dei aller, aller fleste unådde folkeslaga på jorda lever her Me snakkar om Midt-Austen, Nord-Afrika og Asia. Dette området er dominert av dei tre store verdsreligionane islam, buddhismen og hinduismen, forutan kommunismen som dominerer i Kina, og i noko grad også i Indo-Kina.

I 10/40 vindauga finn me også dei fattigaste av dei fattige menneska på jorda som bur i land som er i stor grad er stengt for kristen misjon. Det er også her forfølginga av nasjonale kristne er mest heftig og alvorleg. Vidare er det i desse landa at misbruk av barn, slaveri og pedofili er mest utbreidd. Menneskerettane blir dagleg krenka i stor skala, og dessutan gjev land som Afghanistan og Pakistan rom og ly for verdas terroristorganisasjonar.

Det var missiologen Louis Bush som begynte å snakka om 10/40 vindauga ein gong på 1990-talet i eit forsøk på å få kristne til å forandra fokus, for sjølv om dei største utfordringar for den kristne kyrkja er å finna i 10/40-landa, er det her ho set inn minst ressursar både når det gjeld økonomi og personell. Ikkje meir enn 3% av misjonsinnsatsen frå kyrkjene i vesten rettar seg mot unådde folkeslag i denne regionen.

Om ikkje anna, bør denne forståinga ha betydning for korleis me ber, og i den samanheng kan det vera lurt å brukla bloggen min som du finn på www.globalbonn.blogspot.com, og dersom du meistrar engelsk, bør du kopla deg opp mot www.joshuaproject.net, og www.operationworld.org. Der finn du dei beste og fyldigaste data. Lukke til med det, og hugs at bøn fungerer og utgjer heile forskjellen eigentleg.


søndag 17. mars 2019

Det store skiftet

Lenge vart det snakka om "det kristne Vesten". Då den evangeliske misjonsrørsla starta på 1700-talet og heilt til langt ut i det 20. hundreåret gjekk evangeliet frå "vesten til resten".

Slik er det ikkje på nokon måte lenger. Frukta av den evangeliske misjonen på verdsbasis har vore eit eventyr, evangeliet har slått djupe røter i land etter land og folk etter folk, og i dag er det langt fleire kristne i den tredje verda enn det er i dei vestlege landa, og straumen snur. I dag er det ein straum av misjonærar som kjem frå dei tradisjonelle "misjonslanda" for å starta misjon i Europa.

Når me snakkar om kristne i denne settinga er det naturlegvis aktive kristne som bekjenner trua på Jesus Kristus som Herre og frelsar me meiner

Dei tala eg presenterer her har eg naturlegvis henta frå www.joshuaproject.net. Statistikken ser slik ut:

År
% av alle kristne i Europa og Nord-Amerika                    
% av alle kristne i Asia, Afrika og Latin-Amerika
1800
99%
1%
1900
90%
10%
1978
50%
50%
2018
23%
77%


Dette enorme skiftet skuldast sjølvsagt den til dels enorme kyrkjeveksten i mange land i Afrika, Latin-Amerika og Asia, og det er særleg grunn til å dra fram land som Sør-Korea, Kina, Filippinane, Nigeria, Etiopia, Argentina, Brasil og landa i Mellom-Amerika, men det skuldast også det faktum at talet på kristne i Europa og Nord-Amerika har prosentvis gått kraftig attende. Det åndelege fråfallet i denne delen av verda er ein vesentleg årsak til at statistikken ser ut som han gjer. 

For å få tidevatnet til å snu her hos oss, må me ta eit par steg attende, ta i bruk JESUSMETODEN, og begynna å disippelgjera enkeltpersonar, og ta den tid det treng for å koma på offensiven. 



fredag 15. mars 2019

Er disippelgjering av nasjonane realistisk?

Den einaste måten å disippelgjera nasjonane på er å disippelgjera enkeltpersonane i nasjonane.
Jesu idè og metode var enkel og genial:  Han disippelgjorde 12 menn forutan eit ukjent tal kvinner og menn me ikkje kjenner namna på. Dei 12 me kjenner er dei som vart utnemnde til apostlar.

Han brukte mesteparten av tida si på dei 12. Men mykje tid også på dei andre. Korleis føregjekk dette?

Eg vil dra fram tre faktorar: Personleg fellesskap, teori og praksis.

Jesus brukte så mykje tid saman med disiplane sine at dei følte seg elska og medrekna. Den personlege relasjonen med Jesus må liggja i botn for disippelskapet. Det handlar ikkje berre om å vera frelst, men om å "veksa i nåde og kjenneskap til Jesus" som Peter uttrykkjer det.

Så underviste han dei gjennom talar og samtalar. Det føregjekk heile tida. Eit utval av denne undervisninga finn me i evangelia.

Parallelt med undervisninga, hjelpte han folk. Dei kom til han med sine sjuke og han lækte dei, og dei som var plaga av vonde ånder, fekk fridomen sin attende.

Disiplane hans var lenge observatørar til det som føregjekk. Men på eit gjeve tidspunkt bemyndiga han dei og sende dei ut på teamtur for å gjera det same tinga. Dei skulle proklamera Guds rike, undervisa folket, lækja dei sjuke osv.  Og dei kom glade tilbake, les me. Det fungerte.

Denne modellen tok så disiplane med seg vidare i livet. Over alt kor dei kom, vann dei menneske for Jesus og disippelgjorde dei etter JESUSMODELLEN: Personleg fellesskap, teori og praksis.

Dette fungerer alltid. Det slår ikkje feil. Folk kjem ikkje berre til tru, dei lærer seg å formidla trua til andre for så å fostra og utdanna dei til menneskefiskarar og disippelmakarar.

Kva skjer når me jobbar på denne måten? Me multipliserer oss EKSPONENTIELT.  Dersom kvar kristen vinn eitt menneske for Gud per år og disippelgjer denne, får me følgande reknestykke dersom me i utgangspunktet har 10 personar som ønskjer å jobba etter denne modellen:  10 ·230 = vel 12 milliardar. Det vil altså ta 30 år på å disippelgjera nasjonane under nemnde føresetnader. 





Då pinsedagen kom var det 120 disiplar, les me, og med det utgangspunktet ville det ha teke 25 år. Etter pinsedagen var over var dei 3000 kristne. Dersom alle desse hadde blit disippelgjort slik me her har definert disippelskap, ville alle verdas nasjonar vore disippelgjort på under 22 år.

Svaret på spørsmålet er JA. Det ER realistisk å disippelgjera nasjonane om me går fram etter JESUSMETODEN. Elles ikkje.




tirsdag 12. mars 2019

Misjonsoppdraget er eit fellesskapsprosjekt

Det ligg i sakas natur. Misjon er å invitera folk inn i Guds familie, inn i fellesskapet, ta vare på dei der, , undervisa dei i Guds ord, hjelpa dei å finna sin plass i Guds store misjonsprosjekt og utrusta dei til å bli menneskefiskarar og disippelgjerarar.

Det kan ikkje poengterast sterkt nok i vår indiviualistiske tid: ME ER SKAPTE OG FRELSTE TIL FELLESSKAP.

Me lever ikkje FOR fellesskapet, men for GUD.  Men me lever FOR GUD I FELLESSKAP. Ja, Gud sjølv ER eit fellesskap mellom Faderen, Sonen og Den heilage ande. Dette er det opprinnelege og det sterkaste fellesskapet som eksisterer, og alt fellesskap har sitt utspring i dette.

Ingen bør etablera kristen teneste utanfor ein lokal kyrkjelyd. Kyrkjelyden er Guds idè og ordning, og han har lagt så mykje åndeleg beskyttelse ned i ordningane sine. Går me utanfor, blir det veldig sårbart, og ein vert fort utsett for tunge åtak og for bedrageriske tankar.

Einkvar kyrkjelyd, liten eller stor er eit lokalt uttrykk for den store universelle kyrkja, den som vert kalla Kristi kropp eller Kristi brud, den som berre JESUS er leiar for.

Misjon er teamarbeid. Jesus sendte alltid folk ut to og to. Apostlane reiste aldri åleine, men med team. Dei jobba etter den modellen Jesus hadde lært dei: Me går alltid saman, me jobbar alltid i team. Me er berre åleine når me har åleinetid med Gud på romma våre, elles skjer alt i fellesskap, og ikkje kva som helst fellesskap, men det fellesskapet som Bibelen kallar kyrkje, det fellesskapet som Jesus Kristus er hovudet for.   

Målet for misjonen er altså fellesskap, og det som har fellesskap som mål, må gjerast i fellesskap.

Så ein påstand: Me kan ikkje disippelgjera verda utan at me gjer det i fellesskap. Og då tenkjer eg ikkje berre fellesskap mellom enkeltpersonar, men fellesskap mellom kyrkjelydar. Og for akkurat dette har me fått ei fantastisk plattform å jobba ut frå: LAUSANNEPAKTA som vart utarbeidd i samband med verdskonferansen for evangelisering og misjon i Lausanne i 1974. Betre lesing finn du ikkje, og eg meiner at alle kyrkjelydar i eit område som kan skriva under på denne, bør gå saman og leggja opp ein felles strategi for å nå menneska i sitt område med evangeliet og disippelgjera dei som tek imot. Det er det minste me kan gjera for alle desse som Jesus har døydd og stått opp for, og eg er heilt sikkert at alle dei som har teke seg bryet med å lesa dette  blogginnlegget er heilt enig med meg i dette.

Neste innlegg her vil forresten handla om realismen i misjonpåbodet. Det er artige greier.:)




mandag 11. mars 2019

Kva inneber det å fullføra det kristne misjonsoppdraget?

Jesus fullførte frelsesverket.
Han kallar disiplane sine til å fullføra misjonsoppdraget, og dei overgav det i si tid til sine disiplar.

Men kva var oppdraget, og når er det fullført?
Dette er  eit viktig spørsmål. For kan me tenkja oss at Jesus kan koma att før jobben er gjort?
Det kan eg vanskeleg sjå.

Han sa: "Dette evangeliet om riket skal forkynnast som eit vitnemål for alle folkeslag, så skal enden koma."

Kva betyr det?

Me må forstå ordet i lys av den misjonsbefalinga han gav disiplane sine før han vart teken opp til himmelen: "Gå ut og gjer alle folkeslag til mine læresveinar...."

Då må me forstå sakene slik: Evangeliet om riket er forkynt som eit vitnemål for alle folkeslag når alle folkeslag er disipplegjort!" Er ikkje det logisk?

Joshuaproject.net fokuserer på unådde, minimalt nådde, overfladisk nådde og nådde folkeslag. Eit nådd folkeslag har meir enn 2% kristne, og av desse er meir enn 5% evangeliske.

Men er eit folk disippelgjort når det er nådd? Det er nok tvilsamt. Det norske folket er nådd, men slett ikkje disippelgjort.

Korleis ser du ut når eit folk er disippelgjort? Då seg eg for meg at Jesus vert trudd, æra og elska av majoriteten i samfunnet, og i særleg grad av folket sine leiarar. I eit slikt folk vil Guds ord ha avgjerande innflytelse på alle samfunnsområder som politikk, juss, økonomi, pedagogikk, all type kunst og kultur, utdanning og media.

Kan me tenkja oss at det var dette Jesus tenkte på då han gav misjonsbefalinga? Eg trur det, og når eg tenkjer meg om, har eg møtt desse tankane før både hos Loren Cunningham  (mannen bak Ungdom i Oppdrag) og Bill Bright (mannen bak Jesusfilmen og Campus Crusade for Chirst).

Korleis disippelgjera ein nasjon? Ved å disippelgjera individa i nasjonen.
Når er eit individ disippelgjort? Når vedkomande kjenner Jesus, trur på han, elskar og tilber han som Frelsar og Herre, følgjer han i alle ting og med iver deler evangeliet med sine medmenneske og disippelgjer dei han/ho vinn for Gud. Det er noko heilhjarta over ein disippel. Men han/ho opererer aldri åleine, alltid i team, og det tek me opp i neste bloggartikkel her.




torsdag 7. mars 2019

Går me framover eller bakover i høve til misjonsoppdraget, eller begge vegar?

I denne tabellen frå www.joshuaproject.net ser du korleis talet på ikkje-kristne har utvikla seg sidan år 1900. På den tid var det vel 1 milliard menneske som ikkje kjende Gud. I 2019 var det om lag 5 milliardar. Det betyr ganske enkelt at folketalet i verda har vakse mykje fortare enn kyrkja. Konklusjonen ser ut til å bli at misjonsutfordringa i dag ser ut til å vera større enn nokon gong.

Når folketalet aukar fortare enn det talet på kristne gjer, må det oppfattast som tilbakegang i høve til Guds misjonsbudsjett.

Av dei vel 2 millionar menneske som blir rekna som kristne i verda, kan me gå ut frå at 700 millionar av dei er Kristusetterfølgarar. Resten er nominelle kristne som har eit kyrkjemedlemskap, men som ikkje kjenner Gud personleg og har eit nullforhold til Jesus Kristus.

Den kristne kyrkja veks med 1,2% årleg. Det er i tal langt altså mindre enn det folketalet veks.
Men dette er ikkje heile sanninga. Dei evangeliske kyrkjene har gjennomsnittleg ein årleg vekst på 2,4%. Det er i faktiske tal høgare enn befolkningsveksten (som berre er på vel 1% for tida). Men også talet på nye evangeliske kristne er dalande.

Men det er ein markant framgang i talet på bibeloversettingar, og under ser du eit søylediagram som illustrerer dette.


Denne tabellen frå www.joshuaproject.net syner at i år 1900 vart det påbegynt 3 nye oversettingsprosjekt. I 2015 var talet 120. Og dette aukar berre på. Wycliffe bibeloversetjarar har som mål å ha påbegynt arbeid i alle levande minoritetsspråk med behov innan 2015. Denne visjonen har synt veg og gjeve dette arbeidet ein kraftig aksellerasjon.

lørdag 2. mars 2019

Misjonsstatistikk 2

Av alle verdas menneske kan me rekna med at 10% er Kristusetterfølgjarar. 22% kan me kalla nominelle kristne, 39% har høyrt om Jesus utan å respondera og 29% har aldri høyrt om han i det heile tatt.

Når det gjeld bibeloversettingar er stoda slik: Det er 7118 språk i verda. Heile Bibelen er oversett til 684 språk, 1551 til NT, 1126 til deler av Bibelen, 1565 språk har eit definert oversettingsbehov, 875 språk har eit diskutabelt behov medan 1317 språk er døyande.


Enkel matematikk tilseir då at  3361 språk har tilgang til noko av Guds ord.
Ser me bort frå språk som døyr ut i næraste framtid, vil maks 2440 har behov for oversetting.

Wycliffe bibeloversettarar har sett seg som mål å vera i gong med prosjekt i alle gjenverande språk innan 2025. Det ser ut til å kunna gå.

Det å få Guds ord på morsmålet, hjartespråket, har gong på gong synt seg å vera heilt avgjerande med tanke på resultatet av misjonsinnsatsen.

Men det er ikkje nok. Me kan ikkje rekna ei folkegruppe som nådd før det eksisterer ei levande disippelgjerande kyrkje i folket.

Me står overfor fantastisk interessante utfordringar, særleg med tanke på at dei gruppene som me i dag må rekna som unådde omtrent alle er å finna i land som er lukka for misjon.

Det fører tankane våre mot broder Andreas som sa at det eksisterer berre opne dørar. Og i våre internettider, har det dukka opp heilt nye opsjonar.


Litt misjonsstatistikk

Det er altså 17014 folkeslag (ethne) i verda. Av desse er 7063 (41,5%) rekna for unådde.
Desse utgjer 41,4% av alle enkeltindivid i verda, dvs. 3,14 milliarder menneske.

Av dei som vert rekna som nådde, er 1213 folkegrupper minimalt nådd, 1777 overfladisk nådd, 3728 delvis nådd og 3233 signifikant nådd.

Dette tilseier at det ikkje berre er dei definert unådde folkegruppene som treng fokus, men også i mange av dei andre er det små sjansar for folk å møta på eit kristent menneske som kan føra dei til Gud og disippelgjera dei. Difor blir dei fleste i desse gruppene fødd i mørkret, lever livet i mørkret, døyr i mørkret og går inn i evighetens mørker.

Grafikk frå www.joshuaproject.net

 https://joshuaproject.net/resources/powerpoints

På nettsida over finn du gode PowerPointpresentasjonar som gjev de langt meir utfyllande informasjon om situasjonen for verdas land og folk. Me vil koma attende til det seinare.