fredag 29. mars 2019

Guds uimotsåelege nåde. Eit nytt perspektiv på Nord Korea og kristendomen.

Frå Lausannekommiteen kom kom i går ein artikkel av Jamie Kim om Nord-Korea og kristendomen. Deler av denne (mestedelen) har eg her oversett til norsk.

Sjølv om Nord-Korea kan verka heilt lukka og upåverka av kristendomen, og sjølv om det ikkje eksisterer religionsfridom i landet, er det likevel lysstreif av håp, både når me ser på landet si historie, og når me ser på realitetane slik dei er på bakken i dag. Gjennom historia har Gud brukt både utanlandske og nasjonale kristne til å etterjaga koreanarane med sin uimotståelege nåde. 

Nord-Korea er ein nasjon som dei siste 70 åra  har prøvd å utrydda kristendomen fullstendig. Kim-dynastiet har gått gjennom store endringar, men ingenting har ført til framgang for nasjonen. Gjennom desse åra har mange utlendingar forsøkt å hjelpa Nord Korea, men det har ikkje vore lett. Mange har måtta reisa frå landet utbrente og desillusjonerte.

Likevel er ikkje Gud på nokon måte fråverande i Nord Korea. Hans uimotståelege nåde har sett, og set sine tydelege avtrykk i nasjonens liv.

Kristendomen i Korea

Nord Korea er ikkje framand for kristendomen. Kristne vekkingar, moderne medisin, utdanning, og sjølvstenderørsler er blitt brukt av Gud til å dra nasjonen til seg sjølv. I 1907, då Pyongyang var hovudstad i heile Korea, vart byen, pga det sterke kristne nærværet i byen, kalla austens Jerusalem.

Medisin spela ein stor rolle når det galdt å opna Korea for kristendomen. Horace Allen, ein amerikansk legemisjonær, kom til Korea i 1884. Han gav broren til dronninga i landet medisiner som gjorde at han vart frisk frå ein plagsam sjukdom, og gjennom denne velgjerninga, opna landet seg for utanlandske misjonærar, og kristendomen fekk raskt ein kraftig vekst. Kort tid etter etablerte Allen eit sjukehus og ein skule, og misjonærane fekk høve til å starta utdanningsinstitusjonar over heile landet. Resultatet vart 293 skular og 40 universitet.

Kristendomen vart også identifisert med motstand mot japansk kolonialisme (merknad: Japan okkuperte Korea i 1910), noko som gav stor respekt og legitimitet. Sjølv om kristne berre utgjorde 2% av befolkninga på den tida, utgjorde dei opp mot 50% av dei som på ein eller annan måte kjempa mot japanarane.

Forfølging av kristne i nord

(Merknad: Som eit resultat av 2.verdskrigen vart Korea delt i to, Nord og Sør Korea). Frå 1945 til 1980 prøvde Kim Il Sung å fullstendig utrydda kristendomen frå Nord Korea, og han proklamerte i 1970 at det ikkje var ein einaste kristen att. Men i 1980 inviterte han likevel Billy Graham på besøk til for å forkynna evangeliet for nordkoreanarane, likeeins Sun Myong Moon og andre prominente kristne pastorar. Målet hans var då å påvisa at det var religionsfridom i landet. Det var ei innrømming av at kristendomen framleis var ei levande kraft i Nord Korea, men me veit i dag at forfølginga av truande på den tid var svært tung og alvorleg. 

Etter at Kim Il Sung døydde vart det hungersnaud i Nord Korea. Grunnen var at Sovjetunionen drog ut den mangeårige støtta si, og resultatet vart at opp mot fleire millionar nordkoreanarar døydde av svolt (merknad: Det skjedde på slutten av 1990-talet). I denne tida var det fleire hundre tusen nordkoranarar som kryssa grensa til Kina i håp om å få tak i mat. Ut frå mine eigne røynsler frå denne tida, møtte mange av desse matflyktningan Guds kjærleik gjennom kristne i Kina. Tusenvis av dei kom til personleg tru på Jesus Kristus, og reiste attende til Nord Korea med det kristne håpet i hjarto sine.     

Transparent kristent engasjement

I Kina har kristendomen blitt identifisert med ei kolonimakt som m.a. starta den brutale opiumskrigen. Slik er det ikkje i Nord Korea. Der lever enno minne om kristendomen som ei kraft i folket som starta sjukehus og skular som gav folket helse og utdanning. Likevel er kristendomen forboden rett og slett fordi landet byggjer på ein marxistisk ideologi som stemplar all religion som "opium for folket". Men den i utgangspunktet positive haldninga gjer at dei kristne som i dag kjem til Nord Korea for å vera til hjelp kjem lengst med å vera transparente med tanke på trua si.


Kristent nærvær

Sidan 1995 har over 70 kristne organisasjonar blitt ønskt velkomen for å jobba i landet med ulike hjelpe og utviklingstiltak.  Totalt er det 480 ulike utanlandske organisasjonar som har eit engasjement der. Men også i dei 410 sekulære organisasjonane jobbar det mange kristne.

Sanninga er at nordkoreanske styresmakter ønskjer kristne organisasjonar velkommen til landet (merknad: for å driva hjelpetiltak, ikkje misjonera). Dei seier at sekulære organisasjonar gjerne vil skaffa seg fordeler, medan dei kristne berre kjem for å hjelpa dei utan å krevja noko attende.            

Så lenge koreanarane får det inntrykket at kristne stiller opp for dei pga kjærleik, vil dei etterkvart identifisera kristendomen som ein koreanske religion. 


Konsultasjon om Nord Korea i Lausanneregi

I februar i år var 80 profesjonelle (innan næringslivet) og pastorar samla i Pasadena i regi av Lausannekommiteen for å be og snakka om korleis den globale kyrkja kan bli meir involvert i arbeid i Nord Korea. I dette møtet kunne kristne fortelja ufattelege ting om korleis det er å leva i dette landet, ting som står i grell kontrast til nyheitsbilete frå den internasjonale pressa som utelukkande fokuserer om atomtrugsmål og vestlege sanksjonar.

 Det vart naturlegvis også snakka om faremomenta. Folk kan bli arresterte og koma i fengsel, og spørsmålet er: korleis kan kyrkja førebu og utrusta unge menneske til å leva under slike usikre tilhøve som dette?

Utfordringen med einskap

Kristen einskap er viktig for å lukkast i Nord Korea. Me er ikkje gode på dette, og kristen oppsplitting gjer det vanskeleg for folk flest å gripa evangeliet, og det gjev rom for at usunne sekter kan få utfalda seg og gjera stort skadeverk. Dessutan undergrev konkurranse mellom kyrkjer sjølve evangeliet som jo er ein bodskap om forsoning og einskap.

Det er som Lessly Newbegin klagar over: "Korleis kan me som lever uforsonlege liv, forkynna Kristi forsoning for verda? Korleis kan me forkynna for menneska at Jesus er Herre, når me ikkje klarar å leva saman under hans herrdøme?"






Ingen kommentarer: