mandag 19. desember 2022

Kristi kors, eit trugsmål mot sørgande?



Human Etisk Forbund (HEF) i Hamar vil at kyrkja skal fjerna alle kristne kors frå gravkapella i området. Korset verkar trugande og påtrengande på dei ikkje-kristne sørgande, seier lokallagsleiar Magne Kvalbein. 


For millionvis av menneske er korset et symbol på framtid, håp og fridom. Men for HEF i Hamar, Stange og Løten er det trugande. Korleis kan det ha seg? 

Eg trur det må vera fordi korset også er eit symbol for døden. Og døden er jo eit trugsmål for oss alle. Men problemet for HEF på Hedmarken er at om me fjernar alle kors i heile verda, fjernar me ikkje det som reelt sett trugar oss, nemleg sjølve døden. 

Så har eg ei kjensle av at det ligg noko meir i dette enn psyken til humanetiske sørgande. Jula er det liksom høgsesong for HEF når det gjeld å kritisera kristendomen sin posisjon i samfunnet. Og eg kjenner meg ganske sikker på at det er dette det handlar om i denne saka også. 

Å fjerna kors er forresten eit behov andre plassar i verda også. I kommunistdiktaturet Kina fjernar dei kors over heile landet om dagen, og i muslimske diktatur er korset eit forbode symbol. Det er truleg fordi korset forkynner ein to tre ting som ein ikkje ønskjer å bli minna om: at Jesus lever, at menneske har trong for frelse, og at denne frelsa utelukkande er å finna i trua på Jesus. Dette er dårskap for verda, skriv Paulus, men ei Guds kraft for alle som trur.