lørdag 23. april 2022

Brev til kunnskapsminister Tonje Brenna

Dette brevet sende eg i morgontimane til kunnskapsminister Tonje Brenna:
Kjære kunnskapsminister Tonje Brenna!
Mitt namn er Jens Thoresen. Eg har vore lærar i det du kallar "fellesskulen" heile mitt vaksne liv. No er eg nyleg blitt pensjonist. Likevel har eg ikkje losna alle band til skuleverket. I fjor haust starta nemleg Stord kristne skule opp med 18 elevar, og eg har jobba ein del der som ringevikar. Det har vore ei glede for meg.
Som kunnskapsminister er du politikar, og du er bunden av eit politisk program, og programmet du er vald inn på har, etter det eg skjønar, ikkje mykje fint å seia om friskular, det du vel å kalla "privatskular". Du meiner, og du seier at desse skulane manglar mangfald, og at dei tek ressursar frå fellesskulen. Det er det du får sagt om desse skulane, og det gjer du utan å leggja fram dokumentasjon for påstandane dine. Og eg tenkjer: Du som kunnskapsminister er på eit vis øvste leiar for ALLE skular her i landet, og soleis har du eit stort ansvar for lærarane sitt arbeidsmiljø. På den bakgrunn forskrekkar du meg når du tillet deg å bruka din sterke posisjon til utelukkande å snakka ned eit skuleslag som gjennom mange år har stått seg godt i dette landet, og som har gjeve eit sterkt bidrag til å fostra barn og unge til det som i si tid vart kalla "gagns mennesker i heim og samfunn." Det MÅ då vera noko meir du som øvste leiar for alle skulane i Noreg kunne ha sagt om friskulane enn det du har sagt, noko som kunne gjera lærarane og elevane i desse skulane stolte, både av det arbeidet dei legg ned, og over å ha deg som øvste leiar, noko som kunne gje dei ei kjensle av å bli vurdert rettferdig, og ikkje berre høyra uttalar som kun eignar seg til å skapa uvisse i spørsmålet om ein faktisk har livsens rett. Her utøver du etter mi vurdering eit dårleg leiarskap, og eg ber deg om å tenkja gjennom dette når du snakkar om desse tinga, og det hadde vore fint om du ved eitt høve fann noko fint og oppløftande å seia om friskulane her i landet. Kanskje du kunne gått på besøk til ein skule av dette slaget som faktisk har fått noko til, ta med deg eit pressa og syna fram kva nokre under ditt leiarskap faktisk driv på med av gode ting i kvardagen.
Til slutt: Det hadde vore fint om du kunne dokumentert påstandane du legg fram som grunngjeving for kvifor du stramer skruen så kraftig i høve til friskulane som du no gjer. Når det gjeld ressursspørsmålet, skjønar eg naturlegvis at pengane følgjer elevane, men eg må minna om at det er Regjeringa som sit på pengesekken og kan auka den totale kapitalstraumen i skuleverket, og det er kommunane som bestemmer kor mykje pengar dei vil bruka på skulane sine uansett, og det veit du like godt som meg at her tenkjer kommuane svært ulikt. Nokon brukar langt meir per elev enn andre samaliknbare kommunar. Og så veit du også at kvar elev i ein friskule er billigare enn om han/ho skulle ha gått i ein av fellesskulane. Når du seier at friskulane "tek" pengar frå fellesskulen, får folk lett ei kjenske av parasittisme, og det du seier tener sterkt å mistenkjeleggjera dette høgst legitime skuleslaget. Det synest eg er ganske ille.
For friskulane er legitime, og dei eksisterer rett og slett fordi det er foreldrene sin demokratiske rett å kunna velja kva verdiar som skal liggja til grunn for barna si oppseding og opplæring. Dette er nedfelt i Menneskerettsfråsegna artikkel 26 underpunkt 3. Det er underleg at du som minister ikkje nemner foreldreretten med eitt ord når du uttalar deg om skule. Det bør du gjera. Barna er ikkje statens barn, men foreldrene sine. Det burde faktisk ikkje vera naudsynt å nemna det ein gong.
Ditt siste utspel i denne saka er noko obskurt når det gjeld livssynsskulane. Du fredar skular som byggjer på anna alternativ pedagogikk, sjølv om Steinerskulen også er ein livssynsskule, men det står ikkje krystallklårt for meg om t.d. kristne friskular fell utanfor eller innafor det gode selskap. Her krevst det ei avklaring. Kan du gje denne avklaringa?

søndag 17. april 2022

Han stod opp med guddomsvelde

 Kjære lesar!

Gratulera med dagen. Det er 1.påskedag, historias største sigersdag. Triumferande stod Jesus opp frå dei døde den tredje dagen etter sin død, og han lever midt i mellom oss. For alltid er alle våre synder fjerna frå Guds ansikt, borte vekk, og dei kan aldri kallast attende. Difor gå frimodig til din skapar og Far i Jesu namn, kast deg i hans favn. Det er ingenting der som kan fordømma deg, der er det pur guddommeleg kjærleik som vil omfavna deg for evig.