Regjeringa vil redusera på den tida småbarnsforledre skal kunna motta kontantstøtte for barna sine. Her er mitt høyringssvar på regjeringa sitt forslag:
Tre ting
For
det første: Dei to første leveåra er overlag viktig for barnas utvikling. I
denne tida skal den grunnleggjande tryggleiken på plass, og all forskning (og
alt sunt vit), tilseier at det er godt for dei små barna å vera mest mogeleg
saman med foreldra, og helst mor, i denne tida. Ingenting tilseier noko anna.
For
det andre: Arbeidarpartiet har frå kontantstøtteordninga vart innført arbeidd
hektisk for å fjerna ho. Ikkje fordi kontantstøtte er dårleg for barna, men
meir av ideologiske grunnar. At barna er statens barn, er ein sjuk idè som gåt
heilt attende til den greske bystaten Sparta, og seinare adoptert av allskens
totalitære regimer. Følgjen av å redusera kontantstøttetida blir redusert
fridom for mange familiar, men også at det berre blir rike og velståande
familiar kan unna seg den gleda som det er for barna å ha det stabilt og trygt
dei første leveråra. Berre barna til dei rike skal altså få sjansen til å
sleppa den forferdelege seperasjonsangsten som mange småbarn opplever ved å bli
plassert alt for tidleg i barnehage.
For
det tredje: Det ligg eit overformynderi i dette. AP har i mange tiår meint at
kvinna er den einaste rette som kan bestemma om eit unnfanga barn skal få leva
eller om det må døy. Men når det gjeld kor lenge ho skal få ha gleda av å vera
saman med barnet sitt under trygge økonomiske tilhøve, då er det staten som
veit best. Dette opplever eg noko hyklerisk. Tillit i eine enden. Mistillit i
den andre. Difor beklagar eg at regjeringa har bestemt seg for å forkorta
kontantstøttetida. I staden bør ho auka både støtta og lengden på ho. Det ville
ha tent barnet, familien og samfunnet godt.
mvh
Jens
Thoresen