lørdag 31. januar 2009

Religiøse analfabetisme

Nordmenn er i stor grad vorten religiøse analfabetar. Det viser seg når me skal snakka om overnaturlege ting. Ingen veit heilt kva dei skal seia, for dei har ikkje adekvater religiøse erfaringar, ei heller eit religiøst begrepsapparat, og resultatet blir at dei snakkar stort sett tull og tøys. I Grosvold i går kveld var det ein psykolog på plass, ein spesialist på plaseboeffektar. Han skulle forklara kvifor folk vart friske av healing og dess like. Men her var det sant og seia lite å bli klok på. Han høyrdest med respekt å melda ikkje ut som ein ekspert på noko som helst. Han delte kun sin eigen kunnskapsløyse med oss, og det er som kjent sjeldan opplysande og oppbyggande. Men slik er det blitt i eit land som i så lang tid har bevega seg bort frå Bibelen. Det skumle med dette er at det at når du ikkje har ord, kan du ikkje tenkja, og du blir fort eit offer for løgn. Og i denne marknaden er det mange løgner ute og går om dagen, og menneska er ikkje i stand til å avsløra dei eller verna seg mot dei. Det endar opp med religiøse vrangførestellingar og ein usæl åndeleg lapskaus som fører menneska hovudstups inn i djevelens vald. Difor må me forkynna Ordet seint og tidleg, i tide og utide. For Gud kjem til oss gjennom Ordet, dvs gjennom Bibelen. Der strålar sanninga og sanningane mot oss og leider oss på Guds gode vegar, og lærer oss å tenkja Guds tankar.

fredag 30. januar 2009

Misjonrørsle på retur?


Det kjem om meldingar frå Norsk Luthersk Misjonssamband at dei må skjera ned på misjonærstaben sin. Dette er dårleg nytt, og kan ikkje indikera noko anna enn at kjærleiken til Jesus er på retur i dette landet. Drivkrafta i misjonen er nemleg kjærleiken til Jesus. For dersom me elskar Jesus, held me boda hans. Og hans bod er å gå ut og gjera alle folkeslag til hans læresveinar. Alle som elskar Jesus vil ha ein misjonsretta økonomi. Når me lukkar lommebøkene våre, er det fordi me lukkar hjarto våre for han som elskar oss og gav seg sjølv for oss. Du verda for ei naud dette er. Det er ei rørsle bort frå Gud i desse tala, ein pust av død. Å måtta seia opp misjonærar er heilt meiningslaust når me no går inn i den avgjerande innhaustinga før Jesus kjem att. Over 2000 folkeslag ventar enno på Guds ord. Då er det sørgjeleg at ein av dei største misjonsorganisasjonane i Noreg må redusera staben sin. Det skulle vore motsett. Lat oss be om at straumen snur, at kjærleiken til Jesus grip oss på nytt og forløyser økonomi til fornya misjonsinnsats.

Guds gåve

Sat i går og kjende meg så mislukka som kristen. Tenkte over alt eg burde fått til og som eg ikkje får til, over alle dei rimelege krava Gud og menneska har til meg og som eg ikkje klarar å oppfylla, og over otten og alle dei negative kreftene som rører seg i meg. Kjende meg så mislukka og miserabel.


Då skjedde det igjen: Den Heilage Ande kom til meg på sin sedvanlege måte og kviskra inn i hjarta mitt: "No må du ikkje gløyma at frelsa er ei gåve. Du er plassert i Jesus, og Gud din Far aktar deg høgt. Det må du også gjera. I Jesus er du både rein og komplett. Du har så lett for å gløyma. Det må du ikkje."

Då kjende eg at det letta i mi ånd. Den Heilage Ande er suveren. Han kjem til oss og peikar på Jesus når fienden peikar på alt me manglar, og på alt me burde ha fått til og ikkje får til og alt me burde ha vore og som me ikkje er. Forløysinga frå slike åndeleg depressive tankar ligg i evangeliet. Det vert aldri utslete. Igjen og igjen fører det oss ut i fridom, og det nærer oss så godt.

onsdag 28. januar 2009

Snåsamannen, helseministeren og vitskapen


Helseminister Bjarne Håkon Hansen fortel at den no så velkjende Snåsamannen lækte sonen hans for kolikk i 1997, og at denne opplevinga hadde gjeve han eit nytt syn på tilværet. Han trur no at "det er meir mellom himmel og jord enn det som naturvitskapen kan fortelja oss om". Og det er jo eit stykke på veg. Men mannen er jo ikkje framme. Ingen vert frelst ved å tru at det er noko mellom himmel og jord. Det som er mellom himmel og jord er jo strengt tatt ikkje så interessant. Det som verkeleg er interessant er jo det som er i himmelen, eller rettar sagt: HAN som er i himmelen, Gud, var skapar og far, og Sonen hans Jesus. Men Bjarne Håkon er på veg. Vonar han finn fram. Då ville det vorte storfest i himmelen, for fyren er jo så utruleg koseleg.

Men eg må jo få lov å seia noko om desse medisinske forskarane som ber seg så fælt etter vitnemålet til helseministeren. Dei meiner at han ikkje kan ha ei ny overtyding utan sterkare prov enn det han meiner seg å ha. For dette er plasebo, seier dei. Ja vel. Det er godt mogeleg at det hadde vore plasebo om det var Bjarne Håkon som hadde kolikk, men det var det jo ikkje. Det var jo babyen hans, og han visste neppe kva Snåsamannen heldt på med (her må jo det jo ha glippa skikkeleg for vitskapsmannen). Guten vart berre bra han, og foreldra vart glade og fegne som rimeleg kan vera. Og Bjarne Håkon gjekk i tenkeboksen og spurde seg sjølv om kva fylgjer dette måtte få for hans syn på røyndomen.

Problemet med desse forskarane er jo at dei trur at naturvitskapen femner heile tilværet. Men det kan han aldri gjera. Det overnaturlege, om det skulle finnast, kan sjølvsagt ikkje målast med naturvitskaplege målemetodar. Det er sjølvinnlysande. Men slik er det med mykje anna også: Kjærleik, rettferd, godleik osv er reelle ting i livet som ikkje kan bli objekt for naturvitskapleg forskning. Det er metafysikk, og tilhøyrer ei anna verd enn den naturvitskaplege. Slik er ei ny overtyding noko som kjem til folk og fangar dei inn, ofte som eit resultat av ei ny røynsle. Ein kan beklaga at det er slik, men det er jo ikkje så mykje å gjera med det heller.




tirsdag 27. januar 2009

Kva utviklar karakteren?

Når me les Bibelen, ser me at det er langt viktigare å ha åndeleg karakter enn åndeleg utrustning. Ei rik åndsutrsutning utan personleg karakter ser faktisk ut til å vera ein farleg kombinasjon. Kva er så karakter? Karakter er rett og slett den ryggmargsrefleksen som får eit menneske til å gjera det som er rett etter Guds hjarta utan å tenka på dei personlege omkostningane ved det. Korleis utviklar me sann kristen karakter? Det skjer når Jesu kjærleik trengjer inn i alle sjela sine porer og set farge på heile livet. Eg trur ikkje kristne karaktereigenskapar kan øvast opp. Dei veks fram i den som nærer seg av Jesu kjærleik og nåde. Bibelen kallar dei Andens frukt. Eit godt tre ber god frukt, seier Jesus. Ein dårleg tre ber dårleg frukt. Og Paulus set namn på fruktene i Galaterbrevet 5,22-24: kjærleik, glede, fred, langmod, mildskap, godleik, truskap, spaklynde og sjølvkontroll. Og sidan dette er frukter, er det ikkje snakk om indre kjensler, men personlege eigenskapar som andre menneske kan nyta.

mandag 26. januar 2009

Uria, ein mann med karakter

Uria er ein av dei store karakterane i historia, på linje med Josef og Daniel.

Kong David var desperat. Han hadde drive hor og gjort Batseba med barn. Kva skulle han gjera? Han la ein plan. For å løyna synda si måtte han ha Uria heim. Han måtte få graviditeten over på han Dersom Uria kom heim, villa alt verka så naturleg, og ingen ville ha oppdaga David si synd. Men David forrekna seg. Uria ville slett ikkje dela seng med kona medan kameratane hans kjempa i fronten og frista eit strevsamt liv i felt. Nei, han ville sova ute som dei, og dela deira kår så godt han fekk det til. Uria la seg i telt utanfor kongens slott. For ein karakter denne mannen hadde, ein mann av edelt merke. Men det hadde sin pris. David sørga for å få han drepen i strid, og kongen vart både horkar og mordar.

Bekvemmeligheten er kristendomen sin verste pest og hindring. Me, som alle andre, hatar ubehag. Me søkjer med iver det som gjer livet komfortabelt. Men skal me skapa historie, må me gjera det rette og gå Guds veg sjølv om det inneber å leva ubekvemt. Uria gjorde det, og han lyser i historia. Ingen kunne ha klandra han om han gjekk heim til Batseba, men ved å ta meir ubehag enn det andre kunne forventa av han, kom han til å berga David frå undergangen . Men han sjølv vart drepen.

For Jesu læresveinar er det ubekvemme meir regelen enn unnataket. Jesus snakkar om å gå på den smale vegen der få bevegar seg. Kva handlar det om? Om å gå ei ekstra mil med eit menneske, om å hjelpa dei fattige og undertrykte, om å ha ein misjonsretta økonomi, om å leva eit sjølvoppofrande liv (Jesus snakkar om å bera krossen sin), om å leva i nøgdsemd, om å leva i bøn og faste og om å vera eit aktivt vitne om Jesus i kvardagen. Alt saman har sin pris. Men det genererer store verdiar.

Då Kristus overgav livet sitt i døden for oss, fekk med det som ei gåve. Slik vil han at me skal leggja ned liva våre i teneste for nesten. Då møter dei Jesus i oss.

søndag 25. januar 2009

Er menneskerettane utsette for inflasjon?

Me har hatt undervisning om sex og samliv på skulen dei siste vekene. Då kom eg over følgjande setning i ei lærebok i samfunnsfag: "Det er ein menneskerett å ha eit godt sexliv!" Og eg tenkte: Når vart det det? Har Menneskerettsfråsegna frå 1948 fått ein ny paragraf? Ikkje det eg veit om, og der står det faktisk ingenting om dette emnet. Å ha sex er rett og slett ingen menneskerett, og lærebokforfattarane presenterer ikkje mindre enn ei lygn. Sex er ikkje meir ein menneskerett enn bilkøyring. Det er eit gode, men ikkje ein rett.

Laurdag 24. jan var det eit glimrande intervju med Janna Haaland Matlary i "Velsignet Helg". Der tek ho opp akkurat denne problemstillinga, og spørmålet i overskrifta stammar frå henne. Eg likar godt tenkinga til JHM. Ho er skarp og velformulert, og ho manar folk til å besinna seg når ein vil utasunera nye menneskerettar. Ho er redd at dersom det reelt sett vert tilført nye menneskerettar etter kvart som tidsåna endrar seg, vil alle til slutt missa verdien sin. For dei me har er allmenne, universelle og evige. Særleg dei sivile rettane som retten til liv og retten til å tru kva ein vil og ytra seg om kva ein vil.

Menneskerettane er djupt forankra i det kristne menneskesynet og i kristendomen si historie. Dei byggjer på den tanken at alle menneske er søsken, at me er skapt frie og med rett til å streba etter lukke. Men vilkåret for søskenskap er jo, som biskop Per Lønning i si tid sa, felles farsskap. Og Gud er vår rette far, og han er den einaste som har verdsett oss, og han kjøpte oss til sine med sin eigen Sons blod og liv.
Me kan ikkje i lengda halda fast på at menneske har universelle rettar utan å forkusera på kva ein menneske er verd. Der menneskeverdet vert degradert, vert menneskerettane borte. Og dette er grunnen til at dei berre vert respekterte i tradisjonelt kristne samfunn. Muslimane innrømmer ingen ikkje-muslimar trusfridom og ytringsfridom. Det gjer heller ikkje hinduar eller buddhistar. Både i India og på Sri Lanka har kristne måtta betala med liv og helse for å fortelja om Jesus.
Men også her i landet er ytringsfridomen for kristne i fare. Frelsesarmeens ungdom fekk drege inn statsstøtta si fordi dei ikkje vil gje homofile tillitsverv i organisasjonen. Statlege styresmakter synest vera viljuge til å tvinga ideologien sin inn på kristne ved bruk av pengemakt. Dei vil ikkje bruka skattebetalarane sine pengar til å finasiera noko dei ser på som diskriminerande. Som om dei som er med i Frelsesarmeen ikkje betaler skatt. Det skal bli interessant å sjå kor dette endar.

torsdag 22. januar 2009

Barn i Gasa og Noreg

400 barn skal vera drepne under krigen mellom Hamas og Israel. Enno fleire skal vera skadde. Barna er vår største verdi. Me gremmar oss ved å sjå og vita at barn lid. Me har det djupt inni oss av barn skal ha det trygt og godt.

Det er eit smertefullt fakta av me som vaksne dreg barna med oss i dei vala me tek. Vel me å gå til krig mot ei framand makt, vel me krigen på vegne av borna våre. Så brutalt er dette her. Men det gjeld også andre høve i livet. Vel me som er gifte å gå frå kvarandre, vel me skilsmål på vegne av felles barn, og det er dei som lid mest. Me har så lett for å klaga over andre sin brutalitet, men ser me vår eigen?

Me gremmar oss over at palestinske barn lid. Men dei er diverre ikkje åleine. Heile verda er full av barn som lid overlast utan at me engasjerer oss så veldig. Me kan jo ikkje ta alt innover oss, seier me gjerne. Men noko me burde ta innover oss er det faktum at det kvar dag vert drepne over 40 ufødde barn på norske sjukehus. Me har sett legane Gilbert og Fosse i deira kamp for å berga barn i Gasa. Kanskjer er det på tide at dei same legane stiller opp for norske barn på norske sjukehus og ropar ut: "Det døyr barn her, me vassar i blod!"

tirsdag 20. januar 2009

Kva kan me forventa oss av Obama?




I dag er det berre fest og gaman. Alle hyllar Obama. Men kva kan me forventa oss av denne mannen som no er vorten den mektigaste i verda? Heilt frå eg høyrde han første gong i fjor vår har eg hatt vanskar med å finna ut kva han står for. Han snakka mykje om forandring, men mindre om kva som skulle forandra seg. Nå veit me litt meir. Han vil ut or Irak, styrka krigføringa i Afghanistan, styrka diplomatiet, rekka ut ei hand til muslimane og inspirera til nasjonal dugnad og ansvarskjensle for å få den amerikanske økonomien opp og gå. Han vil gje alle amerikanrar ei kjensle av likeverd og av å stå saman for å nå felles mål, og vil bort i frå fokus på individuell suksess. Det er eit element av sunn moral i slik tale. Han vil ha oss til å tru at det umogelege er mogeleg. Det er han sjølv eit prov på. "Me kan," er vorten eit valspråk for han. Det er eit uttrykk for optimisme.
Dessutan rettar han ut handa til den muslimske verda, og ber dei om å opna knyttnevane og ta imot. Det er ein tone av forsoning slikt snakk.
Men ofte er det viktigare å høyra kva folk ikkje seier enn kva dei seier. I innsettingstalen sin sa han ingenting om dei 2,5 millionar ufødde born som vert drepne i USA kvart år. Ingen "change" for dei. Han vil gjerne ha Jesus med på laget, men det hjelper så lite om han ikkje følgjer han i ei så enkel sak som å gå imot drap på vergjerlause foster.
Han sa heller ingenting om Israels kamp mot terror, sjølv om det er den det har handla om dei siste vekene. Kva kan me lesa ut or det? Så langt har USA velsigne Israel, og det har dei hausta velsigning av. Men eg er spent på framtida. Lat oss be om at denne godviljens mann vel å gå Guds veg heilt ut. Då vil Gud hjelpa han å skapa ei forandring i USA som verkeleg er til det gode for nasjonen og verda elles.



Rick Warren, han er jo ein av våre favorittar, bad forresten ei sterk bøn for den komande presidenten. Den var metta av innhald.

Her har du bøna på engelsk:
"Let us pray.
Almighty God, our Father, everything we see and everything we can’t see exists because of you alone. It all comes from you. It all belongs to you. It all exists for your glory.
History is your story. The Scripture tells us, “Hear O Israel, the Lord is our God. The Lord is One.” And you are the compassionate and merciful one. And you are loving to everyone you have made.
Now, today, we rejoice not only in America’s peaceful transfer of power for the 44th time. We celebrate a hingepoint of history with the inauguration of our first African American president of the United States. We are so grateful to live in this land, a land of unequaled possibility, where the son of an African immigrant can rise to the highest level of our leadership. And we know today that Dr. King and a great cloud of witnesses are shouting in heaven.
Give to our new President, Barack Obama, the wisdom to lead us with humility, the courage to lead us with integrity, the compassion to lead us with generosity. Bless and protect him, his family, Vice President Biden, the cabinet, and every one of our freely elected leaders.
Help us, O God, to remember that we are Americans, united not by race, or religion, or blood, but to our commitment to freedom and justice for all. When we focus on ourselves, when we fight each other, when we forget you, forgive us. When we presume that our greatness and our prosperity is ours alone, forgive us. When we fail to treat our fellow human beings and all the earth with the respect that they deserve, forgive us. And as we face these difficult days ahead, may we have a new birth of clarity in our aims, responsibility in our actions, humility in our approaches, and civility in our attitudes, even when we differ.
Help us to share, to serve and to seek the common good of all. May all people of good will today join together to work for a more just, a more healthy and a more prosperous nation and a peaceful planet. And may we never forget that one day all nations and all people will stand accountable before you. We now commit our new president and his wife, Michelle and his daughters, Malia and Sasha, into your loving care.
I humbly ask this in the name of the one who changed my life, Yeshua, Isa, Jesus [Spanish pronunciation], Jesus, who taught us to pray:
“Our Father, who art in heaven, hallowed be thy name. Thy kingdom come. Thy will be done on earth as it is in heaven. Give us this day our daily bread and forgive us our trespasses as we forgive those who trespass against us. And lead us not into temptation, but deliver us from evil. For thine is the kingdom and the power and the glory forever. Amen."

søndag 18. januar 2009

Israels plass i ¨Guds frelseshusholdning III

"I deg og i di ætt skal alle jordas ætter velsignast," sa Gud til Abraham. Og det har skjedd. Gud har velsigna oss så utover alle grenser gjennom dette folket. For det første ved at han har gjeve oss ordet sitt gjennom jødane, og for det andre at han sjølv vart jøde og døydde for syndene våre som "Jesus, kongen over jødane". Dette knyter oss som heidningar til jødefolket for all framtid.

Men har denne lovnaden nådd endemålet sitt, eller står det enno noko att? I juleevangeliet hos Matteus les me om ein engel som kom til Josef og sa at han skulle kalla barnet som Maria bar på for JESUS, for "han skal frelsa folket sitt frå syndene deira." Kven er så Jesu folk? Det er jødane. Dei vil alltid bera denne tittelen. Sjølv om dei forkastar han som sin Gud, har ikkje han forkasta dei som sitt folk. Korleis kan han det? På krossen sonte han syndene deira, men enno ventar me med spenning på den dagen då han skal frelsa dei. Det har enno ikkje skjedd, men i Matteus 1,21 les me at dette skal skje!

Vel, så skal det det. Guds ord kan ikkje gjerast ugyldig. Det som skal skje, skal skje. Paulus skriv i Romerbrevet 11 at Gud ikkje på nokon måte har forkasta det gamle paktfolket sitt. Men forherding er komen over dei for ei tid, inntil heidningemisjonen har nådd eit heilt spesielt mål som berre Gud veit. Så skal han ta seg av folket sitt. Då har han samla dei i sitt eige land, og på ein dag skal han rydda gudløysa ut or Jakob. Kva fylgjer skal det ha for oss? Det blir som liv av døde. Då kjem den store verdsvekkjinga som me lengtar etter. Difor må me be for Israel og jødefolket, tala for dei og hegna om dei. Gud vil enno ein gong velsigna oss ut over alle grenser gjennom dette folket. Det veit Satan betre enn alle sin gudlause vener, og han set all si kraft inn for å forhindra at dette skal skje. Det har me sett gjennom jødane si historie. Det har vore ei endelaus rekkje av forfylgingar og progromar som til slutt kuliminerte i Holocaust. Eg er redd det kjem meir. Og kanskje må det koma meir. Gud er historias Herre. Hatet mot Israel ser ut til å breia kraftig om seg. Men til sjuand og sist skal alt dette tena Guds forunderlege plan. Så lat oss følgja med, og lat oss reisa oss og tala vel om dette folket, be for dei og velsigna dei som vår frelse kjem frå.

torsdag 15. januar 2009

Israels plass i Guds frelseshushaldning II

Gud gav Abraham eigedomsretten til Kanaans land for seg og etterkomarane sine. Dette kan me lesa om i 1. Mosebok (1. M) 12:7, 13:15-18, 15:7-21, Denne lovaden har Gud aldri drege attende, og han har heller ikkje overført han til oss kristne. Det er ein lovnad til Abrahams fysiske etterkomarar gjennom Isakslinja, ein lovnad som gjeld for all framtid.
Me som ikkje er jødar og som trur på Jesus er også velsigna med goder og rettar på same vis som Abraham, far vår i trua, men det er åndelege goder som fred med Gud, barnekår og Andens gåve. Alt dette får me fordi me, som Abraham, trur at Gud er oss nådig for Jesu skuld. Men Israel og jødefolket har eigedomsrett til landet, og ingen andre har det. Men det er viktig at dei forstår at dei har fått landet ikkje for å isolera seg, men for å tena nasjonane. Men det skal me koma attende til.

onsdag 14. januar 2009

Israels plass i Guds frelseshushaldning I

Israel og jødefolket står heilt i sentrum av Guds frelseshistorie. Det skulle det ikkje vera den minste tvil om. Heile Bibelen er ei jødisk bok. Så langt eg kan sjå er ikkje ein einaste bokstav av Guds openberring skriven av ein heidning. Alle forfattarane av bøkene Bibelen er jødar. På den måten kan me trygt seia at jødane er Guds openberringsfolk. Difor sa Jesus til den samaritanske kvinna: "Frelsa kjem frå jødane." Og det er sant. Difor må me som kristne tenka på dette folket med undring og glede. Jødane har velsigna oss utover alt me kan førestella oss, og det skulle berre mangla om ikkje me skulle velsigna dei attende. Gud elskar dette folket. Ja, så høgt at då han sjølv tok det store steget å bli menneske for å frelsa alle menneske, vart han ein jøde. For all æva er Gud ein jøde. Han tilhøyrer det jødiske folket, og han vil for all framtid vera "kongen over jødane".

mandag 12. januar 2009

Krigen mot Gud

Den ideologiske kampen som no rasar mot Israel, er ein kamp mot Gud. Alle skjønar at det er den israelska regjeringa si sure plikt å få setja ein stoppar for Hamas som peprar byane i sør-Israel med dødbringande rakettar. Slik sett burde det vera i alle nasjonars interesse å støtta og forsvara Israel, for dersom ikkje Israel har rett til å forsvara innbyggjarane sine, har ingen andre det heller. Men nesten ingen støttar Israel. Berre USA. Noreg ser ut til å gå lengst i fordøminga. Jens Stolt. meiner dei brukar for kraftige verkemidlar. Men då må me spørja: Kva meiner han så er høvelege verkemidlar? Kunne han tenkt seg å seia noko om det? Har han så enorm militærstrategisk kompetanse at han i det heile kan seia noko som helst om kva som i dette tilfelle er høveleg og uhøveleg? Truleg ikkje. Han berre masar.

Nei, grunnen til dette oppstyret er sjølvsagt at det er Israel, Guds utvalde folk, som forsvarer seg. Venstresida i norsk politikk har heilt sidan 70-talet hata Israel, jødedom, kristendom og Gud. Det er ikkje logisk. Det er åndeleg. Denne rørsla er full av ateistar og humanetikarar som helst vil utsletta den jøde-kristne arven, og dei har arbeidd utrøyteleg med å fjerne kristendomen frå skular og barnehagar, og no faktisk også frå kyrkja. Dei ser sjølvsagt den nære koplinga det er mellom jødedom og kristendom, og kjempar mot begge deler. Dette er folk som gjev seg ut for å vera fredselskarar, men då hadde dei for lengst protestert heftig mot Hamas sine mange tusen rakettar inn i Israel. Nei, desse menneska er ikkje motstandarar av krig. Mange av dei er sogar for væpna revolusjon, og dei har ingen vanskar med å støtta militante islamistar. Nei, desse menneska er berre imot Israel, kristendom og Gud. Og det verkar som om journalistane både i dei store riksavisene og i NRK og TV2 sympatiserer med dei, og brukar sivilbefolkninga si liding for å demonisera Israel og jødar. Men det er ugyldig. For sivilbefolkninga i Gasa har sjølv vald leiarane sine, og dei støttar Hamas sin aggresjonspolitikk mot Israel.

Om eg ikkje har hjarta for skadde og drepne barn? Sjølvsagt har eg det. Eg ber om at Gud skal verna barna i dette infernoet. Og eg gremmar meg ved tanken på at Hamasterroristane brukar dei som levande skjold for å vekka vestens sympati. Det er eit sorgens kapittel. Men det ser ikkje ut til at denne organisasjonen skyr noko som helst. Dei veit godt at dei må tapa militært, men mediakrigen kan dei vinna, men då må dei sørga for å få vist fram døde og skadde barn. Det er eit høgt, kynisk og brutalt spel. Og vinn Hamas mediekrigen, kan dei lett koma til å vinna totalt. Det er dei levande klår over.

Eg ber om at Gud skal verna borna i Gasa, ikkje berre frå Israel sine bomber og granatar, men mot Hamas som i eine augneblinken bruker dei til skjold i krig, og i neste no fyller dei med hat for å senda dei ut som sjølvmorsbombarar mot skuldlause menneske.

Korleis skal me vinna?

Kristne har berre 3 våpen i kampen mot det vonde: Me kan be, hjelpa og forkynna. Det er alt. Men det er nok. Driv me på me dette, er me uimotståelege. Då kan motstandarane våre kontrollera gatene og media, men dei taper mot oss likevel. Snart har me ikkje berre overvunne dei, men me har vunne dei for Kristus. For kristne som ber, hjelper og forkynner (vitnar), er surdeig. Små fellesskap gjennomsyrer heile samfunnet.

Normisjon i tenkeboksen

Rolf Kjøde seier i eit intervju med Vår Land i dag at Normisjon vurderer å lausriva seg frå Den norske kyrkja. Det er den teologiske utviklinga i dette kyrkjesamfunnet som aktualiserer problemstillinga.

Det er sjølvsagt heilt naudsynt for Normisjon å løysa banda til Den norske kyrkja. Det er mange grunnar til det. Men når ei kyrkje aksepterer vranglære, er det farleg for folk å bli verande i henne. For vranglæra opnar kyrkja for Vranglæraren som er djevelen, og han er med respekt å melda ikkje å vera i hus med. Han fangar oss rett og slett i løgnene sine.

Kyrkja si oppgåve er å løysa folk frå synda og djevelen. Men når synd mot 6 bodet vert akseptert og ikkje påtalt av kyrkja sine hyrdar, bind kyrkja syndaren til synda og djevelen. Det kallar me forføring, og Jesus vil fella ein streng dom over alle forførarar. Den norske kyrkja er vorten ei kyrkje under Jesu dom.

Men det kan eikvar kyrkje lett bli. Me står i ein mektig åndskonflikt i våre dagar, og ingen av oss er upåverkelege. Det veit, eg etter å ha forkynt Guds ord ein mannsalder, alt om. Det er ofte ein kraftig indre kamp når Ordet skal opp på talarstolen. Kva vil eg tena eller tapa på å forkynna Guds ord reint og uforfalska? Kva skal eg profilera? Kva skal eg dempa? Og kvifor?

Ingen unngår kampen. Men me treng stå saman, formana og hjelpa kvarandre i dette. For kampen for det som er sant er kampen for livet.

Men i tillegg til å ha ein sunn teologi og bibelsk forkynning, er det ein sterk trong i Noreg for å utvikla kyrkjelyden som søsken og tenarfellesskap. Bibelen syner oss ein kyrkjelyd der medlemmene står kvarandre nært, jobbar tett saman for utbreiing av evangeliet, prøver og kallar sine eigne hyrdar osv. Ein treng ikkje vera så mange. Jesus sa at når to eller tre samlast i hans namn, vil han vera midt i mellom dei. Og er ikkje det eit uttrykk for kyrkjelyd? I det minste vil det vera sant dersom desse 2-3 menneska samlast regelmessig og ofte, og overgjev seg til dette fellesskapet i den hensikt å vera ei vekstcelle for Jesus.

lørdag 10. januar 2009

Far og son



Sjå på denne sjarmerande og tankevekkande snutten.

fredag 9. januar 2009

Takk til Siv Jensen


Siv Jensen er, saman med Ingebrikt Sørfonn, så langt eg har fått med meg den einaste politikaren i landet som no står fram og forsvarar Israel sin rett til sjølvforsvar. Det står det respekt av, og alle me som elskar Israel og jødefolket har grunn til å takka henne for dette. I debatten med Kristin Halvorsen på NRK TV i kveld var ho glimrande og påviste klårt og tydeleg at det er terroristorganisasjonen Hamas, sterkt støtta av bandittregima i Syria og Iran, som heilt og fullt må ta på seg ansvaret for krigen i Gasa. Ved å skyta mange tusen rakettar mot sivile mål i sør-Israel, pressar dei Israel til å gå til forsvarskrig, og eg reknar med at heile hensikten med provokosjonane er å framprovosera ein større krig i området, eller ved å bruka sivile som skjold mot Israelske soldatar å skaffa Israel nye fiendar og seg sjølv nye "vener". Hamas er nok styrt frå Teheran, og me veit jo alle kva jødehataren Amadinejad tenkjer om Israel: Det skal bort frå kartet.

Odd Karsten Tveit sa forresten i intervju like etter debatten mellom Siv Jensen og Kristin Halvorsen, at dei einaste som støttar Hamas er Syria og Iran. Men det er ikkje sant. Noreg er i same gruppe. Det er litt av eit selskap me søkjer.

Det undra meg forresten enormt at Dagfinn Høybråthen ikkje stilte opp til støtte for Israel i demonstrasjonstoget i Oslo i kveld. Han har jo markert seg som ein sann israelsven. Ville han ikkje bli sett saman med Siv Jensen? Ville han tekkast redaktøren i Vårt Land? Det luktar merkeleg av taktikkeri av dette, og det skuffar. Det er meir enn nokon gong tid for å vera tydeleg. Me får vona at dette anfallet av otte sig av han. Men det er alltid ein fåre for at når ein begynner å trekkja seg, vil otten berre auka.

Me må halda fram med å be om frelse og fred for Israel og Jerusalem. Gud har enorme planar med dette folket sitt, og det må me ikkje mista av syne. Og fordi det er slik, vil Satan gjera alt som står i hans makt for å øydeleggja det. Men utviklinga går no fort mot den dagen då Israel skal sjå opp til Jesus som dei forkasta, og dei skal gråta sårt over han og ta han til hjarta og finna frelse og lækjedom i hans sår.

mandag 5. januar 2009

Israels rett

Norske politikarar og norsk media hyler mot Israel. Det gjer dei alltid når Israel forsvarer seg mot åtak. Eg kan ikkje vera med på denne konserten. Den israelske regjeringa har plikt på seg til å forsvara innbyggjarane i sør-Israel mot Hamas sine rakettar, og korleis skal dei kunne ta vare på denne plikta utan å avvæpna Hamas? Det raseriet som Noreg og nokre av arabarstatane rettar mot Israel, er ikkje logisk. Ingen i Halden kunne tenkt seg ein einaste dag å leva i frykt for rakettåtak frå Sverige. Då hadde dei forventa at det norske forsvaret føretok seg eitt eller anna. Kva har me elles eit forsvar til om det ikkje skal forsvara eit lands innbyggjarar mot våpenmakt frå framande makter? Men Israel skal ikkje ha denne retten. Dette er ikkje logisk. Så kan ein orsaka at kvinner og barn vert råka. Og ein må be om at det skjer i minst mogeleg grad. Men det er no ein gong slik at eitkvar folk deler lagnadsfellesskap med leiarane sine. Slik har det alltid vore, på godt og vondt.

lørdag 3. januar 2009

Du formar i stor grad ditt eige 2009


GODT NYTTÅR TIL ALLE LESARAR AV DENNE BLOGGEN. MÅ 2009 GJE DYKK MANGE GLEDER, OG MÅ HERREN GJE DYKK FRAMGANG I ALL DYKKAR GJERNING TIL BATE FOR ANDRE.

Kjære truande ven!
Sørg for å ha din forankring i Gud! Det må du ha når du skal tena andre menneske. Dersom me manglar forankring, har me i lengda lite å gje til andre. Men når me lever i Gud og har vårt sinn og vår tanke grunnfesta i Kristus, er det ingen grenser for kva godt me kan gjera. Og det trengst i denne tida. Det bles kalde vindar i verda. Men frå Gud kjem det ein stadig mild bris som varmar oss og held oss åndeleg levande og vitale. Dersom du i 2009 klarar å halda deg nær til Gud vil dette året by på langt meir enn du kunne forventa av godt. Då vil han fylla deg og bruka deg langt utover dine eigne evner. Du vil vera ei velsigning berre i kraft av den du er i Kristus. Utover dette vil eg ikkje prøva å spå om 2009. Det vil slå feil. Men dersom kvar av oss som sanna Jesus som Herre tek vare på oss sjølve, vil det til saman bli ein sterk flaum av nåde som renn ut over samfunnet. Me kan hjelpa kvarandre med det. Lukke til.

Helsing Jens