søndag 31. august 2008

Kristne i Laos under press


Totalt 90 kristne er vorten fengsla dei siste vekene i Laos etter at styresmaktene tydlegvis har innleida ein offensiv mot dei truande i landet. Arrestasjonane skjer gjerne ved at lokalt politi slår ned på gudstenester, løyser opp desse og fer av garde med pastoren og andre kyrkjemedlemmer. I ettertid vert det gjerne krevd av slektningane til dei fengsla at dei fråseier seg den kristne trua. Be om at dei kristne i Laos står fast i Herren, og at ljoset i dei truande sigrar over mørkret i forfølgjarane.



fredag 29. august 2008

Humanetikken som ny statsreligion?


"Bønn for Oslo" med pastor Egil Svartdal i spissen, søkte om å få avslutningsmøtet sitt i Oslo rådhus. Det har dei gjort mange gonger før. Men denne gongen sa bystyret nei. Ordførar Fredrik Stang likte ikkje tanken på at nokre skulle be til Gud i rådhuset, kva han no enn risikrer med det.
For å ha ei slags plattform for neiet sitt, laga bystyret nye reglar for bruk av rådhussalen. Og desse reglane slår fast at denne salen skal ikkje brukast til religiøse eller politiske markeringar. Korleis dei skal unngå politiske markeringar i denne salen der dei m.a. deler ut fredsprisen, skal bli interessant å følgja med på. Men det underlege er at i reglane vert det markert at Humanetisk Forbund skal få lov til å halda sine arrangement der, for dei er korkje religiøse eller politiske. Men sanninga er at Humatetisk forbund er rekna for eit trussamfunn i Noreg, eit trussamfunn som har som mål å aktivt bekjempa det som andre trur på. Og er det noko dei ikkje er, så er det religiøst nøytrale, og det er vel også tvilsamt om dei er politisk nøytrale i og med at organisasjonen er dominert av sosialistar av vekslande raudfarge, og det dei seier og meiner har sjølvsagt ditto preg.


Det er underleg at bystyret kan leva med eit så inkonsekvent vedtak som dette. Men når kjenslene er sterke, må alltid rasjonaliteten vika, også hos dei som vedkjenner seg til fornuften som øvste dommar i det meste. For i spørsmålet om kristendomen sin plass i samfunnet, er det kjenslene som rår, ikkje fornuften. Og ikkje minst i Stang sin familie. Mora, Wenche Foss, har ved fleire høve stått fram i media og uttrykt sin klåre forakt for konservativ kristendom. Det har ikkje vore vakkert å høyra på.


Denne rådhussaka får stå som eit symbol på noko større som eg trur er i ferd med å skje: Kristendomen er på veg ut som statsreligion i Noreg, og humanetikken er på veg inn. Kor mange i regjeringa som er humanetikarar veit eg ikkje. Men sjølve filosofien står sterkt i AP og SV, og etter kvart også i Høgre som Stang representerer, og det gamle kristendomsfaget i skulen er meir og meir vorten eit fag på humanetikarane sine premissar. Organisasjonen er i medgang mellom akademikarar, og det er som kjent dei som kler dei mektige posisjonane i Noreg.

Avgjerda i Oslo bystyre var udemokratisk så det held. Men i spørsmål om kristen tru og kristne verdiar, er ikkje dei store i samfunnet drivne av demokratiske krefter, men av demoniske krefter som styrer tankane og kjenslene deira til å gjera slikt som dei her har gjort.

Foreldremøte

Har hatt møte med foreldra til den nye klassen min i dag. Det gjekk i grunnen veldig fint. Dei var fornøgde med den pedagogiske filosofien min, og det er bra. Har i grunnen fått fin kontakt med elevane, og me er komen i flytsonen. Nokre av dei treng nok å strama seg opp. Dei yt ikkje sitt beste, og det er heilt naudsynt dersom dei vil ha gode resultat, og det vil dei jo.

torsdag 28. august 2008

Valden i Orissa eskalerer

Worthy News melder no om at valden mot dei kristne i Orissa eskalerer. Så langt har 600 kyrkjer vorten øydelagde, 4000 kristne er på flukt frå landsbyane sine og minst 25 er drepne. Situasjonen er dramatisk for flyktningane i og med det kontinuerleg kraftig monsunregnet som pregar dette området på denne årstida.

Me held fram med å be for våre kristne søsken at Herren skal vera med dei der dei er og verna dei mot fleire overgrep og mot alle andre fårar som lurer på heimlause menneske.

onsdag 27. august 2008

Kraftig forfølging av kristne i Orissa, India

I forlenginga av drapet på Swami Laxmanandana, leiaren for World Hindu Council, den 23 august, braut det 24. august ut kraftige forfølgingar mot kristne i den indiske delstaten Orissa. Militante hinduar skuldar kristne for å stå bak dette attentatet, sjølv om det føreligg sterke prov for at det var ei maoistisk gruppe som sto bak, og har starta mange åtak på kristne over heile staten og slått og drepe kristne i minimum 12 distrikt. I ei kyrkje vart 6 kristne arbeidara brutalt myrda. Vidare har dei sett fyr på kyrkjebygningar, misjonsstasjonar, skular, eit sosialsenter og to barneheimar. Den eine av barneheimane låg i Bargah, og der brann ei ung kvinne inne etter at ho hadde forsøkt å verna nokre av borna mot skade.


150 kristne heimar er vorten brent ned, ein lam mann kom seg ikkje tidsnok ut og brann inne. Sjølv om politiet seier dei vil beskytta dei kristne, har åtaka berre halde fram dei siste dagane.
Presidenten og grunnleggjaren av Gospel for Asia, K.P. Yohannan fortel at Orissa er ein av dei mest unådde regionane på heile det indiske subkontinent, men at mange har kome til tru på Kristus den siste tida, og at det er bakgrunnen for aggresjon mot dei kristne no.
Det var elles i Orissa at den australske misjonæren Graham Staines og dei to sønene hans vart brent til døde i ein bil i 1999.

Det var også her at mange kristne vart drepne rundt juletider.

Lat oss be for dei kristne i Orissa at dei står faste i trua i denne tida med lidingar, og spesielt for dei som har mista sine kjære.

Vidare vil det her krevjast store summar for å hjelpa dei kristne å byggja opp at alt som er blitt øydelagt.

"Erkjente ikke straffeskyld"

Der var det igjen. Det er blitt ein vane å høyra at menn som har utøvd drap og andre stygge overgrep ikkje erkjenner straffeskuld. Ja, sjølv om dei erkjenner å ha utøvd udåden, vil dei ha retten og alle oss andre til å tru at dei ikkje strafferettsleg ansvarlege. Det ser ut til at ingen lenger vil ta ansvar for handlingane sine i dette samfunnet, men for einkvar pris skjula dei, bagatellisera dei eller frikjenna seg sjølve som utilreknelege på gjerningstidspunktet. Kva er det som skjer med oss?

Ingen kan springa i frå ansvaret sitt. Ein dag vert ein teken att, om ikkje før så på Herrens dag.

Dessutan er det farleg for sjela å ikkje erkjenna og stilla seg ansvarleg for sitt eige liv. Dersom ein kjem unna med urett, lever ein på lygn, og den som lever på lygn, taper sjela si. Ingen tvil om det. Ein taper i dette livet, og tapet vert fullstendig i det neste.

Denne gongen er det ein 41 år gamal mann som står tiltalt i Oslo tingrett for krigsforbrytelsar i Bosnia i 1992. Han er tiltalt for dei mest forferdelege ting som han skal ha gjort mot serbiske fangar i ein fangeleir. Men han erkjenner ikkje straffeskuld, les me. Og så vart heile første dag i retten brukt til å diskutera om han kan stillast for norsk rett, sidan den lova han er tiltalt for ikkje er meir enn 2 år gamal, og sidan grunnlova ikkje opnar for at nye lover kan ha tilbakeverkande kraft.

Men eg spør meg: Erkjenner denne mannen moralsk skuld. Og dersom han gjer det, må det vel vera i hans eiga interesse å få stå til ansvar for det han har gjort. Ville ikkje moralsk normalt fungerande menneske tenkja slik? Har me ikkje alle behov for eit oppgjer når me har påført andre skade og frårøva dei livet eller andre høge verdiar?

Etter krigen vart ei rekkje ansvarlege nasistar dømde i Nürnberg etter naturretten. Denne vart ståande over alle grunnlover i validitet og hadde kraft i seg til å døma folk som hadde gjort alvorlege brotsverk mot menneskeætta.

Seinare er naturretten vorten parkert i Noreg til fordel for såkalla positiv rett. Den seier at det ikkje finst overordna moralnormer, men at det er rett som er gjeldande rett, eller gjeldande rettsoppfatning. Det kan syna seg å vera ei stor ulempe no då me skal stilla krigsforbrytarar til ansvar for gjerningane sine.

tirsdag 26. august 2008

Guds nærvær fordrar ærlegdom

"Herren er nær hjå alle som kallar, hjå alle som ærleg kallar på han." Salme 145, 18

Utan at Gud manifisterer sitt nærvær mellom oss, har me ingenting å fara med åndeleg sett. Det skjer rett og slett ingenting mellom oss av varig verdi. Alt blir menneskeverk, og alt me gjer ut frå eigen kløkt og dugleik vert ein dag borte. Berre det Gud gjer, blir ståande. Derfor må me innstendig be om at han kjem og er oss nær over tid. Kven av oss har vel ikkje opplevd at Guds gode nærvær kom og vart borte att? Og då må me spørja: Korleis skal me te oss for å få Gud til å "slå seg ned" hos oss, for å snakka reint menneskeleg? I går las me om kor viktig det personlege vitnemålet er. I dag vil eg fokusera på dette å omgåast Gud i ærlegdom. Gud trivest mellom ærlege menneske. Når det er uærlegdom i liva våre eller kyrkjelydane våre, trekkjer den gode Gud seg attende. Han trivest ikkje med lygn, det gjer han sorg. Så lat oss be om å få sjå sanninga om oss sjølve, og ivrig sanna syndene våre når Anden påpeikar og påtalar dei for oss. Det er heilt naudsynt for å oppnå den velsigninga at Gud kontinuerleg openberrar nærværet sitt mellom oss.

mandag 25. august 2008

Bibelrefleksjon

"Gud, vi prisar og takkar deg. Ditt namn er nær hjå dei som fortel om dine under." Salme 75,2

Har dei siste 2 dagane tenkt mykje på verdien av Guds nærvær. Me veit jo at Gud de facto er nær over alt til alle tider, men han gjer ikkje alltid sitt nærvær gjeldande for oss. Men alle som elskar Jesus lengtar etter at han skal gjera akkurat det. Nokre gonger har me så definitivt opplevd dette nærværet, og det resulterer både i sorg over synd, naud over eige elende og glede over Guds frelse i Kristus. Når Gud manifisterer sitt nærvær, kjem me inn i det som me i dag kallar for ei "flytsone": Gud gjer sine ting på sin måte, og det han gjer har avgjerande varig verdi.

Så kan me spørja: Kva utløyser dette nærværet? Eitt av svara finn me her: Gud kjem til oss når me fortel om hans under! Dette er oppmuntrande.Det personlege vitnemålet frå folk som har opplevd Gud er ein faktor som openberrar hans nærvær mellom oss. Så her er det berre å stå på og dela alt godt med kvarandre.

På søndag skal eg forresten tala om Guds nærvær, men håpar alt i morgon å kunne skriva meir om same emnet her.

lørdag 23. august 2008

Besøk av iransk familie

I kyrkjelyden har me ein iransk familie som me kjenner oss veldig tett knytta til. Det er Mehdi Saber (nr. 2 på bilete frå venstre) og kona Nazani (ytterst til høgre) og barna deira Amir (nr. 4 frå venstre) og David (på armen til kona mi Tove). Herlege folk. Denne veka har dei hatt besøk av søster og bror til Mehdi, og i går tok dei besøket sitt med til oss, og me hadde ein utruleg kjekk ettermiddag saman. Heilt til venstre på bilete ser du søstera Shirin. Ho er gift og bur i Hamburg. Og på kne i front ser du Nader som bur i Helsingborg. Shirin hadde med seg sonen Amira (gul t-skjorte) og dottera Nika som sit på kne til høgre. I forkant spring Louise, barnebarnet vårt.

Shirin og mannen hennar er aktive kristne og tilhøyrer ein pinsekyrkjelyd i Hamburg. Ho kom til tru etter at ho kom til Tyskland. Etter å ha søkt etter meining med livet i mange år, vart ho med mannen på eit teaterstykke om himmel og helvete. Det gjorde så sterkt inntrykk på henne at ho overgav livet sitt til Gud. Det resulterte i dramatiske endringar. Ho har ei sterk tru, og har vorte til stor velsigning for familien.

Alt dette hende på slutten av 90-talet. På den tida var Mehdi framleis i Iran og hadde det vanskeleg. Shirin sendte då noko kristen litteratur til han som etter kvart førte også han fram til personleg tru på Jesus. Det kan du lesa meir om på http://www.kristkyrja.no/ under "vitnemål". Seinare reiste Mehdi på besøk til Shirin, og vart døypt i Tyskland. Nazani på si side vart døypt i Jesuschurch i Oslo etter at dei kom til Noreg.

Familien Saber har vore i Noreg i 3 år og 9 månader, men har enno ikkje fått opphald. Men me har godt håp for dei. Det handlar både om common sence, og om det me meiner er signal frå Gud. Situasjonen for kristne konvertittar i Iran er vorten betydeleg verre dei siste månadane. Det ser ut til at forfylginga vert meir og meir planmessig utført frå styresmaktene si side. I tillegg tilhøyer Mehdi ein familie som har kjempa aktivt politisk mot imamregimet i Iran, og han har vore fengsla fordi han ikkje vil samarbeida med styresmaktene for å få has på dei politisk aktive brørne hans.

Dersom du vil vera med og be for denne herlege familien, vil me vera svært takksame for det.

onsdag 20. august 2008

Saudiarabisk kvinne drept av sin eigen far.

Gulf News melder at ei ung saudiarabisk kvinne nyleg vart drepen av sin eigen far etter at ho hadde konvertert til kristendomen. Faren, som er med i religionspolitiet i landet, kutta tunga av dotter si og brant henne til døde etter ein heftig religiøs debatt mellom dei to.

Be for familien til denne unge kvinna, om at Gud skal arbeida i liva deira. Be også for dei kristne i Saudi Arabia at dei er ivrige for Kristus og at dei er det ljoset som dreg andre til Jesus.

tirsdag 19. august 2008

Indonesia: Slamet møtte nyleg Jesus i ein draum og vart frelst



Indonesisk mann. Illustrasjonsfoto.


Gud brukar mange måtar å dra menneske til seg på. Slamet vart først introdusert for Jesus av Basuki, ein kristen kyrkjelydsplantar, før han møtte Jesus personleg i ein draum.




Basuki bur og verkar sør på Sumatra, den største øya i Indonesia. Som du sikkert veit er Indonesia den mest folkerike islamske nasjonen i verda med ein folkesetnad på 260 millionar menneske der 80% er muslimar. Vel 11 % er kristne, og sidan 1970 åra har veksten i talet på kristne vore formidabelt.


Men attende til Slamet. Basuki gjekk ein dag for å besøka ein ny truande i heimen hans. Der møtte han Slamet, som var svoger til den nyfrelste. Dei kom i prat, og Slamet kunne fortelja at han var islamsk predikant og talte i moskeen kvar fredag. Han sa også at han vart tilkalt til sjuke for å be for dei. Det er ikkje uvanleg at lislamske andsbypredikantar ber for sjuke. Då fortalde Basuki Slamet om Jesus og den lækjedomskrafta som er i han. Slamet vart interessert, og dei to begynte å studera evangelia saman.


Veke etterpå var dei saman 3 dagar der Basuki svarte på Slamet sine spørsmål om den kristne trua. Dette pågjekk i fleire veker, og Basuki fekk etter kvart også hjelp av Indra, ein tidletare muslim som hadde stor innsikt i både islam og kristendom.


Ein ettermiddag låg Slamet og halvsov. Brått synte Jesus seg for han i ein draum og sa: "Gled deg!" Og han heldt fram: "Når skal du begynna å tru? Skal det bli no, eller vil du venta til etter at du er død?" Slamet var heilt rysta etter dette synet.


Etter nokre veker med meir bibellesning, tok Slamet imot Jesus. Etter å ha bedd saman, gret han sårt i armane til Basuki. Etter dette er Slamet vorten ekstremt svolten på Ordet. I helgane er han hos Basuki og lærer om den nye trua si. Men han talar enno i moskeen, og tilhøyrarane er etter kvart ganske forvirra over forandringa dei merkar med han.


Han har no bestemt seg for å trekkja seg som predikant, for han kjenner at dette vert feil. Han har lest om kva Jesus seier om kva kristne kan forventa seg av verda, så han er budd på problemer. No er det viktig for han at kona og dottera også blir kjent med Jesus. Be om dette, og be om at Slamet skal stå fast i trua kva som enn skjer. Og be ei bøn om framgang for Guds rike i Indonesia, og om vern for dei kristne der. Kjelde: Partners International News


Sumatra vart stygt råka av Sunamien 1. juledag 2005.
På denne tropiske øya er det eit eventyrleg dyre og planteliv.

mandag 18. august 2008

Berberfamilie vender seg til Kristus


Denne oppmuntrande historia er er datert juli 2008, og er også henta frå http://www.partnersintl.org/


Det kom eit brev til ein kristen radiostasjon som sender kristne program til Nord-Afrika. Det lydde slik:
"Det er ei gleda for meg å ta pennen fatt og skriva nokre ord til dykk og gje dykk litt informasjon om landet vårt. Herren har gjort store ting her, og me gler oss. Foreldra mine kom til tru for fire månader sidan, og eg vil fortelja dykk om bakgrunnen for vår omvending.


Far min var ein muslim som ottast Gud. Han var dei einaste i vårt hus som praktiserte trua si. Når han begynte å be, resiterte han nokre vers frå Koranen på eit arabisk som han ikkje kunne forstå og heller ikkje uttala rett. Det var ganske morosamt å høyra på.


Ein kveld, etter at far var ferdig med bønestunda si, begynte me alle å le høgt. Far min som er ein veldig tolerant mann, spurde oss om kvifor me lo. Me sa: "Bønene dine når ikkje ein gong utafor huset, sidan du ikkje skjønar innhaldet i dei versa du resiterer."


Han innrømte at han ikkje forsto det arabiske språket i Koranen, "men det vil koma ein dag," sa han, "då eg skal kunna snakka til Gud på morsmålet mitt. Då vil han forstå meg."


I same stunda skrudde han på radioen og begynte å søka. Brått stoppa han på ein stasjon som tok inn eitt av dykkar program.


Det var heilt på slutten av programmet, og då vart det sitert frå Johannes 1,12 som seier at alle som tok imot Han (Jesus) og som trur på Hans namn, dei har rett til å kalla seg Guds barn.


Då far høyrde dette begynte han å skjelva av glede og sa: "I dag har det kome som eg har venta på så lenge. Dersom eg blir eit Guds barn, då kan eg snakka fritt til Gud som Far frå no av. Er ikkje det sant?"


Me sat heilt stille nokre minuttar. Eit mirakel hadde hendt. Hjarto våre vart opplyste, og me vart løfta inn i noko heilt nytt. Brått ropar mor vår: "JESUS FYLLER HUSET. SER DE?" Men me såg ingenting, men mor hadde sett Jesu herlegdom. Me priste Jesus inntil midnatt. "


Berberane er eit nord-afrikansk urfolk som vart fortrengt av arabiske kolonialistar på 600 og 1100-talet. Dei er nomadar og held til i fjellområda i Algeri og Marokko. I dei første århundra av vår tidsrekning vart berberane kristne, men under dei arabiske invasjonsbølgjene som kom over Nord-Afrika frå 600-talet av, fann dei det lurast å konvertera til islam. Trass i at arabarane stal landområda deira, er berberane i dag i hovudsak muslimar, men som me las i dette brevet, er Gud i ferd med å røra ved hjarto og openberra evangeliet om Jesus for dei. Det tel rundt 10 millionar menneske, men dette talet er uvisst, og snakkar 26 ulike dialektar av språket tamazight.



Be om fortsatt framgang for evangeliet mellom berberane.



søndag 17. august 2008

Todd Bentley, enno ein gong


Det vert no meldt frå Todd Bentley sin organisasjon Fresh Fire at Bentley har stått i eit usunt nært høve til ein kvinnleg medarbeidar. Kva som ligg i dette vert ikkje presisert, men det er grunn til å tru av dette "usunne" forholdet er ein av grunnane til at han og kona nyleg vart separert.


Det vart tidlegare presisert at det ikkje var utruskap som låg til grunn for separasjonen. Dette har synt seg å ikkje vera sant.


Det som her har hendt er meir enn ille. Her vert Guds namn enno ein gong vanæra av eit menneske som har vorte plassert over all kritisk prøving. Korleis kan dette berre henda gong etter gong? Kor lang tid skal det ta før Guds kyrkje når fram til manns mogning? Det er ein sørgeleg affære.
Eg har ikkje følgt så mykje med i kva som har hendt i Lakeland, men kan me ut frå det faktum at Bentley har levd i synd konkludera med at alt som hendt der borte er menneskeverk eller det som verre er? Ikkje isolert, slik eg ser det. Gud har mange gonger verka gjennom sprukne kar. Me må ikkje gløyma at David dreiv hor, laug og myrda før han vart avslørt av Herrens profet. Men han fekk oppreising og fornya tillit.
Det må vera ein veg for Bentley også om han vil venda om og gjera offentleg bot. Då kan dette snu seg rett veg for mange. Men alle dei apostlane og profetane som har applaudert utan å sjå nauda denne mannen var og er i, bør gå kraftig i seg sjølv. Kanskje dei ikkje flyg så høgt og ser så klårt som dei vil ha oss til å tru.

India: Jesus gjer seg kjend for Koyafolket gjennom enkle menneske.


Mission Network News (http://www.mnonline.org/) har plukka opp denne historia frå misjonorganisasjonen Partners international (http://www.partnersintl.org/) sitt arbeid i delstaten Orissa i India. Pastor Vasantharaj Albert, direktør for Church Growth Assosiation fortel:

Det banka på døra til Mutha (bilete). Ho var redd det var folk frå den berykta maoistgeriljaen som kom, så ho venta i det lengste med å opna. Men bankinga held fram, og Mutha fann det til slutt best å gå til døra, sjølv om det var seint og ho hadde ein lang dag bak seg på markene.

Ho var letta då ho såg at det berre var nabokona som sto der saman med dotter si. Men dottera var hysterisk, og mora bad Mutha om å be for henne.

Mutha, som hadde vore med på eit seminar som Partners International hadde halde for den unådde folkegruppa Koya, bad ei kort og litt nervøs bøn om lækjedom for jenta, på den måten ho hadde lært på "Bibelen i praksis"-seminaret ho hadde vore med på, og jenta vart straks rolegare. I dagane som følgde besøkte Mutha familien. Gjennom Mutha si bøn vart jenta lækt for sjukdomen sin, og Mutha fekk høve til å dela dei gode nyheitene om Jesus med familien.

No er Mutha kjend som "bønekrigar" i landsbyen, og folk kjem til henne med sjukdomane sine og opplever at Gud lækjer dei når Mutha ber. På denne måten har ho og mannen fått føra stadig fleire i landsbyen til Kristus.

Dei siste åra har Guds rike hatt ein eksepsjonell framgang i India. Mange kyrkjelydar arbeider systematisk saman gjennom organisasjonar som India Mission Association og Church Growth Association for å nå ut til fullstendig unådde byar og landsbyar i landet med evangeliet. Dette har resultert i sterk vekst, men også ein aukande forfølging frå militante hinduistiske grupper, som det er mange av. Det ser ut som om vekst fører til forfølging, og forfølging til vekst. Ein smertefull god sirkel.

torsdag 14. august 2008

Føresetnader for å kunna gjera rette åndelege vurderingar


Me som kristne er raske med å uttala oss om ting me meiner er avvikande. Ofte for raske. Det er så lett å falla i den grøfta at me uttalar oss på sviktande grunnlag. Eg er redd det har skjedd i samband med Todd Bentley og vekkjinga i Lakeland. For nokre år attende las eg Francis Frangipane si bok om "De tre slagmarker". Der skriv han m.a.: ingen har rett til bedømma ånder utan å vera motivert av kjærleik. Det trur eg er eit godt prinsipp. Dersom ikkje me kjenner godleik for den me kritiserer, endar me opp som miskunnslause dommarar som lett overdriv både her og der.
Men eg trur også det er andre ting som må vera på plass hos kritikaren. Kritikken må primært rettast til den som gjer eller har gjort feil. Det er som oftast ikkje særleg mykje poeng i å snakka om ein person dersom bodskapen ikkje når fram til personen. Kva skulle det tena til? Eit anna poeng er: Skal ein kritikar vera legitim, må han/ho jamnleg sjølv underkasta seg vurdering. Eg tenkjer på skriftemålet. Den som sjølv har øving i å bli vurdert, vil alltid dømma mildt og balansert. Unndreg du deg dette, har du ingen føresetnad for (og kanskje heller ikkje rett til) å utøva rett vurdering av andre. Vidare er det viktig at den som vurderer ei sak eller ein person kjenner fakta om saka eller personen, og ikkje byggjer på rykter eller andre sine vurderingar. Det må bli eit dårleg resultat av slikt. Vidare: Den som påtek seg å vurdera andre offentleg eller privat må ikkje berre peika på det som han/ho meiner er galt, men må også kunna peika på ein betre veg, slik at han/ho verkeleg kan vera til hjelp for den som fer vilt.
Todd Bentley har lenge slite i ekteskapet sitt. Det skulle kalla på vår medkjensle og forbøn. I noko eg les no anar eg ein triumf: endeleg er han avslørt. Den som tenkjer og føler slik, må gå kraftig i seg sjølv og føreta ein ramsalt sjølvvudering, gjerne innfor ein skriftefar.

onsdag 13. august 2008

Somalisk kristen skoten og drepen



International Christian Concern (ICC) rapporterer at islamistar skaut og drap den 28 år gamle Sayid Ali Sheik Luqman Hussein 10. juli i år. Hussein konverterte frå islam til kristen tru i 2004, og hadde evangelisert ganske aktivt i heimbyen sin Afgyoye, der han også jobba som lærar. To menn hadde kome til Hussein den 8. juli og spurt om han snudde seg mot Mekka når han bad. Til dette hadde Hussein svart at han var ein kristen, og at han ikkje trong snu seg i nokon spesiell retning når han bad, fordi Gud er nær over alt. Den 10 juli kom mennene attende tik Hussein med ei AK-47 rifle og skaut og drap han. Den gravide kona hans vart så forskrekka då ho høyrde om mordet at ho fekk rier og fødde eit døfødt barn.

Me må hugsa på å be for denne kvinna som er råka av ein dobbel tragedie i livet sitt. Be om at ho må kjenna Gud som Immanuel (Gud med oss) i den store sorga som har råka henne. Hussein er den 5 kristne som er myrda i Somalia dei siste 9 månadene. Be om vern for dei kristne i dette landet. Eg kan nemna av Åpne Dører har ein bøneaksjon gåande for Somalia, dette ulukkelege og borgarkrigsherja landet der anarkiet og klanveldet rår, og der islamistane har hatt fritt spelerom i årevis.

For alle som er interesserte i inforamasjon om forfølgde kristne for å kunna be målretta for dei kan den nye bloggen til Bjørn Olav Hansen vera tenleg: www.martyrkirkensvenner.blogspot.com

Hyrden, prototypen på ein kristen leiar


Alle med kristent leiaransvar er hyrdar, anten gode eller dårlege. Enten dei er apostlar, profetar, evangelistar eller lærarar, ligg hyrdekallet i botnen. Jesus var det største av alle apostlar og profetar som har levd. Men han sa om seg sjølv: "Eg er den gode hyrde." Peter var leiaren mellom dei 12 apostlane. Jesus sa til han: "Vakte sauene mine." "Fø lamma mine!" Altså: Peter var hyrde i apostolatet sitt. I Salme 23 les me "Herren er min hyrde!" Og israelsfolket sine politiske og åndelege leiarar var alle omtala som hyrdar, gode eller vonde. I moderne tankar om kristent leiarskap finn eg ikkje dette belyst tilfredsstillande. Der vert hyrdeembetet omtala nærast som det minst interessante og betydningsfulle av dei fem embeta som er nemnde i Efesarbrevet 4. Men det held ikkje å laga seg tankar om kristent leiarskap berre ut frå eitt vers. Då tenkjer me systematisk feil.

tirsdag 12. august 2008

Kyrkja skal leiast av sanne tilbedarar



"Du er Peter, og på dette fjellet vil eg byggja mi kyrkje, og dødsrikeportane skal ikkje få makt over henne", sa Jesus etter at Simon hadde sanna Jesus som Messias. Han sa: "Du er Messias, den levande Guds Son!" Far i himmelen hadde openberra dette for Simon, og slik gjort han til ein sann tilbedar: "Du er Messias..." Tilbedarar hevar seg over sine eigne behov og dei nære ting og strekkjer seg mot Jesus og seier: "Du er min Herre, du er min frelsar, du er...min". Slikt er godt for Jesus å høyra. Elles vert øyro hans dagen lang pumpa full av bannskap, rått og grovt snakk, løgner og baktale. Men midt i all denne straumen av synd mot himmelens Gud, høyrer han ei og anna røyst frå ein kristen som har skjøna litt: "Jesus, min Herre og min Gud, mi rettferd, mitt lys, mi von og mi framtid..." osv. Og han tenkjer: "Denne personen har forstått. Han/ho er til å byggja på. Eg vil byggja kyrkja mi på tilbedarar. Dei har mitt stoff i seg, dei er faste som fjell og dei er slike som andre kan støtta seg til. Dette er folk til å stola på, nett som Simon Peter."




Jesus kallar tilbedarar til å leia kyrkja si. Ingen skjønar hans hjarta som dei, og leiarar som ikkje skjønar Jesu hjarta er farlege.


På jobb att


I går begynte eg på jobb att, og har to dagar med planlegging før elevane kjem. Skal overta ein 10. klasse dette skuleåret. Det blir spanande. Ikkje alt er på strekk i denne klassen. Elevane er kjende for å ha eit etter måten høgt støynivå. Så me får sjå kor det går. Ofte har ungdomane modnast i laupet av ein sommarferie, og i 10. klasse vert mange av dei ganske vaksne og fornuftige. Vanlegvis er det siste året ei festreise i høve til 9. klasse.

Men det å koma inn i klassen så seint som dette, er ein heller stor utfordring. Mykje har sett seg når det gjeld arbeidsvanar og slikt, men me får det nok til. Me finn ut av det.
Skal dette året undervisa i matematikk, natur og miljøfag, samfunnsfag og RLE (Religion, livssyn og etikk), som det gamle KRL-faget no heiter. Innhaldet i faget er enno ikkje endra, berre nemninga.

RLE-faget legg opp til full synkretisme (religionsblanding) inni hovuda på elevane. Det er eit reint orienteringsfag som stort sett fører til desorientering, og den norske stat har ikkje lenger noko svar å gje elevane når det gjeld dei eksistensielle spørsmåla om kor me kjem frå, korleis me skal leva og kor me går hen. For ikkje å snakka om korleis me kan finna Gud og bli frelst. Her er alt like gyldig, og blir såleis likegyldig for elevane.

Men som kristne lærarar har me Gud med oss inn i klasserommet, og det er rike mogelegheitar innafor nær sagt alle emne å presentera evangeliet. Men det må ofte skje gjennom samanlikning. Når me møter ein religiøst førestelling som panteismen, kan me spørja: Korleis vert dette forstått innafor kristendomen? Eller når me jobbar med hinduismen spør me: Kvifor snur dei kastelause ryggen til hinduismen for å bli kristne? Her må me må vera litt lure og be om visdom og Gudsnærvær i klasserommet. Me får jobba så lenge det enno er ein smule dagslys.

Elles var det gildt å møta kollegane att, og det nye laget eg no er komen på verkar OK.
Kjenner forresten på at behovet for å utvida pastorstillinga i kyrkjelyden aukar veldig på. Det er naturleg med mange nye medlemmer. Satsar på utvida stilling etter kvart.

søndag 10. august 2008

Refleksjon over Salme 32,7

"Du er min gøymestad! Du vaktar meg for trengsle. Du let frelsesjubel lyda ikring meg."

Dette verset lærer deg 3 ting om Gud:


1) Han er i seg sjølv ein gøymeplass for oss. Alle truande er hos han og i han, og dei er effektivt verna mot det vonde. Me er ikkje nødvendigvis verna mot alt som gjer vondt, men mot alt som vil føra oss til fall og føra oss bort frå Herren og dei evige godene.


2) Han vaktar deg for trengsle. Kva kan dette bety? Kristne blir jo tydlegvis råka av dei same vanskane som andre, pluss nokre til. Kor er Guds vern då?Hos profeten Jesaja les me: "I all deira trengsle var det inga trengsel." Daniel vart kasta i løvehola, men Herrens engel lukka munnen til løvene. David måtte gå gjennom dødsskuggens dal. Men der var Herren og dekka bord for han. Gud fjernar ikkje vanskane, men han omformar trengslene og ufarleggjer det farlege. Peter gjekk på vatnet, men gjekk ned då han fokuserte på dei trugande bølgjene i staden for på Jesus. Men då han mista sin overnaturlege oppdrift, var Jesus straks hos han og drog han opp. Slik jobbar Gud i liva våre. Kva er det som trugar deg i dag? Set namn på det du er redd for og sjå om det du har lese her ikkje stemmer.


3) Gud let frelsesjubel lyda rundt deg. Kor kjem denne jubelen frå? Frå mennesker som du har frelst og ført til Gud. Ingenting kan tilgfredsstilla ein kristen som den forløyste jubelen frå dei som han/ho har ført til Jesus. Slik vil Gud velsigna verda gjennom deg. Gå med Gud og lev vel.

lørdag 9. august 2008

Nære samfunn

Men når alt dette er sagt, må eg få presisera: Eg er sikker på at Jesus vil at me skal stå kvarandre nært i eit solidarisk og forpliktande fellesskap. Det handlar om å bruka tid saman, bli involvert i andres liv på godt og vondt, be saman, gjera ting i lag, dela Jesus, Ordet og alle typar livsgoder med kvarandre.


Simpson peikar med rette på at mange små kyrkjelydar utviklar langt fleire leiarar enn færre store. Det er logisk og talar for at modellen har skisserer for oss kan vera god, i alle høve der han kommuniserer med kulturen me lever i.





Men det er viktig at dei små kyrkjelydane er reelt sjølvstendige. I den føreskrivne modellen er eg viss på at det er apostlane som vert sitjande med makta, og då har me ikkje noko anna enn eit nytt kyrkjesamfunn oppe og går, men eit kyrkjesamfunn der Guds barn er vorten fråteken all mynd. For kven kan hevda noko i mot ein apostel som har innsikten sin frå Gud? Det er hassard.

fredag 8. august 2008

Apostlar og profetar


Bilete: Bulgarias 7 apostlar.
Apostlar og profetar er limet som held huskyrkjene saman, og dei av embeta som er nemnde i Efesarbrevet 4 som gjev kyrkja mål og framdrift. Profeten peikar ut målet. Apostelen sørgjer for framdrifta. Når kyrkja kom skeivt ut og stagnerte etter Konstantin, kjem det av at apostlane og profetane vart borte, likeeins evangelistane. Berre hyrdane og lærarane var att.


Problemet er at Bibelen snakkar så lite om apostlar og profetar. Me får stort sett vita at dei var til stades i urkyrkja, og at det er god grunn til å verja seg mot dei falske. Men funksjonen deira står det lite om. Men ut frå det me kan lesa var Paulus og Barnabas apostlar. Truleg også Timoteus. Apostel tyder "utsending med autoritet frå utsendar." På latin brukest visstnok ordet "misjonær", altså ein utsending til folkeslaga. Dei 11 apostlane som fekk misjonspåbodet, vart også sendt til folkeslaga med evangeliet. Likeeins Mattias og Paulus. Det er i det heile vanskeleg å sjå at nokon kan kalla seg apostel utan å ha ei teneste ansynes folkeslaga. Dette er ikkje fokusert på i moderne aposteltankar som dei me finn hos Simpson.

Når det gjeld profetane er desse også i stor grad sparsamt omtalte. Me høyrer om Agabus som profeterte over Paulus om lidingane som venta han i Jerusalem. Me høyrer også om at liknande profetiar kom til han i alle byar han vitja. Døtrene til Filip i Antiokia var profetinner. Elles var det mange profetar i denne kyrkjelyden. Johannes må vel ha vore ein profet, sjølv om det ikkje er sagt. Men openberringsboka er profetisk så det held. Paulus for sin del ser også framover utan at han titulerer seg som profet.


Det er interessant at når Jesus snakkar om sitt eige leiarskap, så kallar han seg for "den gode hyrde". Hyrdetittelen bar også Israels kongar. Og i Esekiel 34 vert alle leiarar i Israel titulerte med hyrdar. Desse var stort sett uansvarlege og dårlege hyrdar, og fordi dei var det, profeterte Esekiel at Herren sjølv ville senda ein ny hyrde til dei som ville føra dei til gode og trygge beitemarker. Og då kling Salme 23 i oss der David sannar: "Herren er min hyrde."

Dette fører meg fram til følgjande konklusjon. Alle leiarar i kyrkjelyden, anten dei kallar seg apostlar eller profetar, er i første rekkje hyrdar som skal leia flokkane sine til gode og trygge beitemarker, dette sjølv om det å vera hyrde, eldste, er eit eige embete.

Jesus seier: "Mine sauer høyrer me røyst, eg kjenner dei og dei kjenner meg." Det er kyrkjelyden som avgjer om dei høyrer Jesus i ein person eller ikkje. Tanken om at apostlar peikar ut apostlar, profetar profetar osv., han ingen bibelsk basis og er direkte farleg. Det er kyrkjelyden sin rett og plikt å dømma om slikt. "Vakta dykk mot dei falske profetane", sa Jesus til dei truande. Og vidare: "de skal kjenna dei på fruktene."
Men sanne profetar og apostlar skal finnast i kyrkja, men som Peter vart innsett som hyrde i si apostelteneste (Johannes 21), må kyrkjelyden høyra den gode hyrdingen gjennom alle apostlar og profetar om dei skal godkjennast.
Lev vel.
Jens

torsdag 7. august 2008

Huskyrkjer

I Bulgaria les eg Wolfgang Simpson si bok "Hjem som forvandler verden". Simpson, som er journalist og jobbar innan DAWN-rørsla, skriv at skal kyrkja verta det Jesus ville med henne, må me attende til urkyrkja sin modell der dei kristne i hovudsak møttest i heimane og hadde både åndeleg og økonomisk fellesskap. Han skriv vel meir at dette er den vegen som Gud har openberra for dei truande, ein veg som vart totalt avspora då rikskyrkja vart innført av keisar Konstantin ein gong etter konsilet i Nikea i 325. Innføring av kyrkja som ein institusjon som vart driven av eit eige presteskap, og i hovudsak utanfor heimane , førte til at kyrkja vart eit "fellesskap utan fellesskap" og i neste omgang førte dette til stagnasjon og fråfall.

"Kyrkja må bli mykje mindre før ho kan verta større" er ein av tesane hans. Ei huskyrkje bør ikkje ha fleire enn 20 medlemmer. Når medlem nr. 21 dukkar opp, er det tid for deling. Ein eller fleire av dei 20 første må då ha fått leiaropplæring til å ta halvparten med seg og etablera ei ny huskyrkje. Denne modellen meiner han å ha sett føra til eksplosjonsaktig vekst mange stader, og han syner til Kina og Vietnam.

Sjølv om boka hans er lite gjennomarbeidd, og sjølv om han rotar saman ein masse saker og ting frå kykrjevekstlitteraturen som han ikkje hadde trengt å koma innom for å få sagt det han ville, er ho tankevekkande og verdt å lesa, i alle fall deler av ho.

Veikskapane er tydelege: Han gjentek seg sjølv for mykje. Han sløyfer henvisning til kjelder. Han tillet seg å ikkje grunngje påstandar. Han glorifiserer huskyrkjene til det usannsynlege. Har han vore med i ei sjølv? Og vidare. Han normerer det i Guds ord som berre er beskrivande. Påstanden hans om at kyrkja dei første århundra jobba etter eitt fasttømra mønster, let seg truleg ikkje forsvara. Den høge grad av eigedomsfellesskap som me ser hos kyrkja i Jerusalem, var truleg av kort varighet, og me merker ikkje noko slikt hos andre samtidige kyrkjelydar. Men økonomisk fellesskap på eit visst høgt nivå har det nok vore over alt, og ei kyrkjeordning med prestar som mellommenn mellom Gud og kyrkjelyden, ville nok apostlane ha avvist bestemt og med indignasjon på vegne av evangeliet der det berre er ein mellommann, Jesus.

Det finst nok heller ikkje noko grunnleg i Skrifta for å anta at utkyrkja var bygd opp som eit nettverk av huskyrkjer som delte seg når dei vart 21. Det kan vera ein god idè, og det kan vera tenleg som berre det, men det er vel helst gode mennesketankar.

Det som etter mitt skjøn får kyrkja til å veksa er forkynninga av Guds ord i ein atmosfære av bøn, heilagdom og brorskjærleik. Eit folk som elskar Jesus, ber, gjer godt og vitnar om Han vil alltid oppleva at ordet ber frukt og folk kjem til tru. Er det ikkje slik?

Men boka løftar også fram verdien av apostlar og profetar for vår tid, og den biten av ho vil eg kommentera i morgon.

Ei ny og litt framand oppleving

Familien har vore på ferie i den idylliske svartehavsbyen Sozopol i Bulgaria i 2 veker. Kom heim i går. Det vart soling og bading og mykje lesing. Kjem attende til det.

Men søndag ville eg gjerne ha med meg ei ortodoks messe, og fann ei kyrkje i byen. Det vart til dei grader ei annleis gudsteneste enn det eg er van med. Kjende meg framand og keitete. Her var det aktivitet med krossing, lystenning og kyssing av ikoner, og der sto eg og kunne ikkje ein einaste regel og var totalt analfabet. Personleg synest eg nok best om skikken å kyssa kvarandre (folk frå den 3. verda har dei siste åra lært meg mykje om det), men det er no så.

Alt som hende var liturgisk bestemt. Presten begynt framom ikonstasen med ei lang messande bøn før han så gjekk attanfor ikonstasen (ein vegg med ikoner og 3 dører som skil aleteret frå kyrkjelyden). Det heile verka unekteleg veldig gamatestamentleg med presten som mellommann.

Kyrkjelydssangen var overraskande rik, likna ikkje lite på våre salmer. Og folk song. Dei kunne salmene sjølv om dei var ganske lange. Og forsongarane gav godt på og delvis fleirstemt. Men sjølvsagt ringde ein av forsongarane sin mobil under songen.... Gamal og ny tid.

Så var det ut og inn med nattverdselementa, og ut og inn med bibelen. Presten og lekfolk i prosesjon. Fok bukka ærbødig og krossa seg, frå høgre mot venstre. Det er viktig. Dei romersk katolske gjer det andre vegen.

Så var det nokre eldre kvinnner som eg kalla lysgjetarane i hovudet mitt. Det var to sankassar framom ikonstasen som sto på kvar sin sokkel der folk kunne setja ljosa sine. Men desse brann fort ned, tynne som dei er. Lysgjetarane sørga for å å få sløkt dei nesten nedbrende. Det kunne vera travelt.

Men elles kom og gjekk folk. Nokre var der frå start til slutt, vil eg tru. Men eg måtte gå då ryggen streika.

Lev vel.

Jens