tirsdag 26. august 2008

Guds nærvær fordrar ærlegdom

"Herren er nær hjå alle som kallar, hjå alle som ærleg kallar på han." Salme 145, 18

Utan at Gud manifisterer sitt nærvær mellom oss, har me ingenting å fara med åndeleg sett. Det skjer rett og slett ingenting mellom oss av varig verdi. Alt blir menneskeverk, og alt me gjer ut frå eigen kløkt og dugleik vert ein dag borte. Berre det Gud gjer, blir ståande. Derfor må me innstendig be om at han kjem og er oss nær over tid. Kven av oss har vel ikkje opplevd at Guds gode nærvær kom og vart borte att? Og då må me spørja: Korleis skal me te oss for å få Gud til å "slå seg ned" hos oss, for å snakka reint menneskeleg? I går las me om kor viktig det personlege vitnemålet er. I dag vil eg fokusera på dette å omgåast Gud i ærlegdom. Gud trivest mellom ærlege menneske. Når det er uærlegdom i liva våre eller kyrkjelydane våre, trekkjer den gode Gud seg attende. Han trivest ikkje med lygn, det gjer han sorg. Så lat oss be om å få sjå sanninga om oss sjølve, og ivrig sanna syndene våre når Anden påpeikar og påtalar dei for oss. Det er heilt naudsynt for å oppnå den velsigninga at Gud kontinuerleg openberrar nærværet sitt mellom oss.

Ingen kommentarer: