fredag 29. august 2008

Humanetikken som ny statsreligion?


"Bønn for Oslo" med pastor Egil Svartdal i spissen, søkte om å få avslutningsmøtet sitt i Oslo rådhus. Det har dei gjort mange gonger før. Men denne gongen sa bystyret nei. Ordførar Fredrik Stang likte ikkje tanken på at nokre skulle be til Gud i rådhuset, kva han no enn risikrer med det.
For å ha ei slags plattform for neiet sitt, laga bystyret nye reglar for bruk av rådhussalen. Og desse reglane slår fast at denne salen skal ikkje brukast til religiøse eller politiske markeringar. Korleis dei skal unngå politiske markeringar i denne salen der dei m.a. deler ut fredsprisen, skal bli interessant å følgja med på. Men det underlege er at i reglane vert det markert at Humanetisk Forbund skal få lov til å halda sine arrangement der, for dei er korkje religiøse eller politiske. Men sanninga er at Humatetisk forbund er rekna for eit trussamfunn i Noreg, eit trussamfunn som har som mål å aktivt bekjempa det som andre trur på. Og er det noko dei ikkje er, så er det religiøst nøytrale, og det er vel også tvilsamt om dei er politisk nøytrale i og med at organisasjonen er dominert av sosialistar av vekslande raudfarge, og det dei seier og meiner har sjølvsagt ditto preg.


Det er underleg at bystyret kan leva med eit så inkonsekvent vedtak som dette. Men når kjenslene er sterke, må alltid rasjonaliteten vika, også hos dei som vedkjenner seg til fornuften som øvste dommar i det meste. For i spørsmålet om kristendomen sin plass i samfunnet, er det kjenslene som rår, ikkje fornuften. Og ikkje minst i Stang sin familie. Mora, Wenche Foss, har ved fleire høve stått fram i media og uttrykt sin klåre forakt for konservativ kristendom. Det har ikkje vore vakkert å høyra på.


Denne rådhussaka får stå som eit symbol på noko større som eg trur er i ferd med å skje: Kristendomen er på veg ut som statsreligion i Noreg, og humanetikken er på veg inn. Kor mange i regjeringa som er humanetikarar veit eg ikkje. Men sjølve filosofien står sterkt i AP og SV, og etter kvart også i Høgre som Stang representerer, og det gamle kristendomsfaget i skulen er meir og meir vorten eit fag på humanetikarane sine premissar. Organisasjonen er i medgang mellom akademikarar, og det er som kjent dei som kler dei mektige posisjonane i Noreg.

Avgjerda i Oslo bystyre var udemokratisk så det held. Men i spørsmål om kristen tru og kristne verdiar, er ikkje dei store i samfunnet drivne av demokratiske krefter, men av demoniske krefter som styrer tankane og kjenslene deira til å gjera slikt som dei her har gjort.

Ingen kommentarer: