søndag 14. desember 2014

Guds Ord


I Johannesevangeliet kapittel 1 møter me Jesus Kristus som Guds Ord. Jesus har inga begynning. Han er frå æva og til æva. Du og eg har vår tid. Me blir fødde, lever og døyr. Med Jesus er det annleis. Han har alltid eksistert, og han står bak alt anna som eksisterer, inkludert deg og meg. Han var hos Gud, han kom frå Gud og han er Gud.

Han er også Guds Ord. Han talar til oss gjennom heile Bibelen, og det han har sagt, er sagt av den høgaste i universet og er bindande for alle menneske. Me kan lika eller mislika det han seier, godta det eller vera usamde. Det spelar ingen rolle. Det han har sagt er gyldig for oss uansett.


At Jesu tale har enorm kraft i seg ser me når me studerer livet hans. Han befalte over mang ein sjukdom og mang ei vond ånd som berre måtte gå på hans bod. Både sjukdomane og åndene forsto at orda hans var gyldige, og at dei måtte lyda kongen.Underleg nok er det berre me menneske som ikkje forstår det, me som skulkle forstå det best av alle.

Sterkast ser me Jesu autoritet i møte med døden. I Johannes 11 ser me Jesus stå  utafor grava til Lasarus medan han roper eit mektig "kom ut", og ut frå mørkret kom Lasarus for å bli sameint med familien sin. Ordet var myndig, sterkt og verknadsfullt.

Men enno større er det når han frelser folk. I fleire tekstar møter han djupt falne syndarar, og han seier til dei "syndene dine er tilgjevne!" Gyldige og sterke ord som går inn hos dei og set dei i fri frå synd og vondskap.

På domens dag vil Jesus Kristus ha det siste ordet i liva våre. Den domen han fell kan ingen anka. Seier han "gå inn til din fars glede", er vegen open for oss til den evige lukka. Men seier han "gå bort frå meg du som gjorde urett til den evige elden", er me smertefullt fortapt for all æva. Det er Jesu ord som avgjer, for det er han som er det evige og gyldige Ordet.