onsdag 8. oktober 2008

Audmjukhet

Vil skriva litt om audmjukhet i dag. Søndag sa Espen "Shampoo" Knudsen at enkelte ishockeydomarar måtte bli meir audmjuke. Etter det eg skjøna så meinte han med det at dei må tola meir banning og skjellsord retta mot seg sjølv. Eg veit no ikkje, eg. Det er vel helst ei skrekkeleg omdefinering av ordet.

Det å vera audmjuk er sanneleg min hatt utruleg viktig. Det har Knudsen rett i. Jakob skriv i sitt brev at det er dei audmjuke som får nåde, og at Gud står dei stolte imot. Og når dette er så viktig, må me finna nøye ut kva som meinest med det, for nåde vil me ha, og Guds vener vil me vera.

For det første: Det å vera audmjuk er å vera ærleg innfor Gud og menneske om sine eigne feil og avgrensingar. Ikkje prøva å spela ei rolle og utgje seg for å vera betre eller flinkare enn ein er.

For det andre: Det å vera audmjuk er å vedkjenna seg sin avhengighet av Gud og menneske. Ingen er sjølvhjelpne, me treng alle Gud og fellesskapet.

For det tredje: Det er å setja andre høgare enn seg sjølv. Og det er vel den vanskelegaste kunsten.

For det fjerde er det å bøya seg ned og ta på seg den børa som andre segnar under. Jesus bar våre synder og vår dom, og han sa om seg sjølv: "Eg er saktmodig og audmjuk av hjarta.."

Ingen av oss har naturtalent for audmjukhet. Nokre er av naturen spake, redde og ettergjevande, slike som skal gjera alle fornøgde. Men det er ikkje det same audmjukhet, snarare ein nevrose. Inni seg kan slike vera kjempesinna på alle dei må føya for å vera i balanse.

Det er berre Den Heilage Ande som kan gjera oss sant audmjuke. Han opplyser oss og hjelper oss å sjå sant og realistisk på oss sjølve. Han fyller oss med Guds kjærleik og viser oss kva Jesus betyr for oss og for alle andre. Dette gjer oss sanne, kjærlege, rause, tolmodige og sant menneskelege.

3 kommentarer:

Anonym sa...

Eg trivst mykje betre med din definisjon av ordet, enn Espen Shampoo Knudsen sin.

Men korleis veit du at det er nettopp desse fire tinga du trekk fram som ligg i omgrepet audmykt?

Det norske ordet kjem frå det gamalnorske authmjukr, som betyr "som lett blir mjuk". Det som virkar heilt klårt ut frå diverse ordbok-definisjonar av ordet i dag har betydningsspekteret å underkasta seg, tenkja smått om seg sjølv, og setja andre høgare enn seg sjølv. Med andre ord det du rangerer som den 3. tydinga av ordet, og litt den fyrste tydinga.

Dei to andre tydingane er eg litt meir uviss på. Kva kjelder har du på dei?

Når eg les i bibelleksika, verkar det som underkastelse og sjølvfornedring er primærtydinga. Det greske ordet "tapeinos" som er nytta i matteus 11,29, har tydingane nedkasta og lågtståande (som ein tenar, mao.) i fylgje strongs.

Dei andre tydingane du nemner er også fine eigenskapar, men er dei direkte tydingar av ordet audmykt? Kanskje særleg den fjerde tydinga verkar litt å strekkja omgrepet, sidan det gjev uttrykk for ein styrke som andre ikkje har.

Grunnen til at eg spør, er at eg som deg nettopp ser dette som eit kjerneomgrep. Som er viktig at me forstår rett, og deretter prøver å oppnå.

Jens Thoresen sa...

Hei! Takk for interessant kommentar. Når det gjeld den siste tydinga tek eg utgangspunkt i Matteus 11,28-30: "Kom til meg, alle de som slit og har tungt å bera; eg vil gje dykk kvile!
Ta mitt åk på dykk og lær av meg, for eg er mild og mjuk i hjarta; så skal de finna kvile for sjelene dykkar. For mitt åk er godt, og mi bør er lett." Jesu audmjukhet syner seg ved at han vil bera våre bører, og han utfordrar oss til å ta hans åk på oss og læra av han...Audmjukhet og tenarskap høyrer saman, noko som særleg er understreka i Filipparbrevet 2,11 ff.: Han tok på seg ein tenars skapnad...han audmjuka seg sjølv...Men dette er du jo innom sjølv også.
Når det gjeld den 3. tydinga uleider eg frå det høve at den menneskelege grunnsynda som dukka opp i Eden er ideen, eller illusjonen, om å leva ubunden av Gud, å vera herre i eige liv, å sjølv definera lovene, vera autonom om du vil. Det er som humaetikarane seier: Me treng ingen Gud som skal fortelja oss kva som er rett og galt. Det klarer me sjølve. Denne byrgskapen felte skapningen og gjorde at me kom i unåde. Men ved å underordna seg Guds autoritet, vedkjenna seg at ein er avhengig av Guds openberring, syna sann audmjukhet, får me nåde.

Jens

Anonym sa...

Takk for gode oppklaringar! Øystein