tirsdag 23. april 2013

Grunntankar i Romarbrevet del XI, kap 3,25-31

25 Han har Gud stilt synleg fram, så han med sitt blod skulle vera soningsstaden for dei som trur. Slik viste Gud si rettferd. For han hadde før, i sitt tolmod, halde tilbake straffa for dei syndene som var gjorde. 26 Men i vår tid ville han visa si rettferd, både at han sjølv er rettferdig, og at han seier rettferdig den som trur på Jesus. 27 Kva har vi då å vera stolte av? Ingenting! Etter kva lov? Lova om gjerningar? Nei, lova om tru. 28 For vi hevdar at mennesket blir rettferdig ved tru, utan lovgjerningar. 29 Eller er Gud berre Gud for jødane? Er han ikkje Gud for dei andre folka òg? Jau, for dei òg. 30 For Gud er éin, han som rettferdiggjer dei omskorne av tru og dei uomskorne ved den same trua. 31 Opphevar vi då lova med trua? Langt ifrå! Vi stadfester lova.

Då Jesus kom, vart Gud synleg for verda. Han var sendt av Gud, og han var Gud. Skulle me bli frelst, måtte Gud sjølv gje sitt blod, ingenting mindre kunne duga, og Golgata er slik blitt den viktigaste plassen på jorda for alle som trur. Det er vår soningsplass, plassen der syndene våre vart tekne bort av Gud sjølv. Me kjem aldri til å møta dei att så lenge me trur på Jesus. Slik har Gud bestemt dette her. Difor stolar me på det som skjedde på Golgata kross. Der finn me vår rettferd og evige frelse.

I våre dagar spør gjerne folk: Kan Gud vera rettferdig når så mange menneske har det vondt? Eller dei spør: Kan Gud vera rettferdig dersom han sender folk i evig fortaping? Ja, slik spør folk i dag, og så vil dei gjerne fella domen over Gud ved å svara nei på sprøsmåla. Men for Paulus var problemstillinga ei heilt anna, ja, stikk motsett. Kan Gud vera rettferdig når han i det heile tatt tilgjev nokon som helst noko som helst. Er det ikkje meir rettferdig at folk får den straffa dei har gjort seg fortent til? 

Og apostelen svarar: Det er heilt rettferdig at Gud tilgjev oss syndene våre så lenge han sjølv tok på seg straffa for dei i vår plass. Hadde han ikkje det gjort, kunne ingen fått nåde om dei bad om det aldri så mykje og aldri så lenge. Skulle Gud frikjenna oss, måtte han døma seg sjølv i vår plass, og det gjorde han. 

Ingen menneske kan takka seg sjølv for frelsa. Den er ei gåve som alle berre må ta imot av nåde. Så spør Paulus: Opphevar me ikkje slik lova slik den er gjeven oss av Gud. Nei, seier han, me stadfester henne. Korleis det? Og svaret er enkelt: Den som trur på Jesus, blir fødd på nytt, får Guds sinn og vil ut frå sin nye natur leva i samsvar med hans lov. Slik stadfester me Guds lov ved å leva etter henne ut frå indre motivasjon. Ikkje for å bli frelst, men fordi me er frelst.

torsdag 18. april 2013

Romarbrevet del X. Kapittel 3,21-23

21 Men no er Guds rettferd, som lova og profetane vitnar om, openberra utanom lova. 22 Dette er Guds rettferd som blir gjeven ved trua på Jesus Kristus til alle som trur. Her er det ingen skilnad, 23 for alle har synda og manglar Guds herlegdom. 24 Men ufortent og av hans nåde blir dei kjende rettferdige, frikjøpte i Kristus Jesus.

Lova er altså ikkje gjeven for at me skulle bli frelst ved den. Ho kan ikkje frelsa oss og gjera oss nye, berre døma og fordøma oss. For å ta eit bilete. Uansett kor dugande ein snikker er, vil det bordet han lagar av rote materiale, vera og forbli rote, same kor fint det ser ut. 

Me er syndige menneske, og kan ikkje gjera noko med det. Me kan ikkje bli rettferdige ved å strekka oss etter det rette og gode. Lova er god. Men ho kan ikkje gjera oss gode. Det kan berre Jesus når me innrømmer våre synder og at me er avhengige av han. Då blir me tilgjevne og reinsa, og han kjem inn i oss og skaper alt nytt. Guds kjærleik fornyar oss, og me blir fylt av godleik til han og til våre medmenneske. 

Guds frelse er heilt ufortent. Det handlar ikkje om deg på nokon annan måte enn at Gud elskar deg på same måten som han elskar alle menneske, og fordi han gjer det, har han opna døra inn til himmelriket på vid vegg slik at det er berre å gå inn for den som ønskjer det. Der møter me ein atmosfære av tilgjeving, godleik og glede som er heilt unik. Når me kjem til Gud i tillit til Jesus, blir me straks kjende rettferdige av han. Det er meir enn å bli benåda. For alle som blir benåda har jo faktisk gjort noko gale. Men me blir FRIKJENDE, dvs behandla som om me aldri har gjort noko gale. Og dette kan Gud gjera fordi han behandla Sonen sin som om HAN var opphavet til alt vondt, han som ingenting vondt hadde gjort, men berre godt. Jesus gjekk i din og min plass, og me får lov å ta HANS plass. Dette er nåde over nåde.