Follow by Email

torsdag 30. oktober 2008

Når store gjer seg små




Gro Harlem Brundland trudde ikkje at Torbjørn Jagland var så dum at han kunne stilla opp 36,9% oppslutning ved valet i 1997 som nedre grense for kva han kunne akseptera for å skipa ny regjering. Det ligg i korta at ho trudda at han var dum, men ikkje dum.

Dette er forstemmande lesning. Er ikkje dama komen lenger? Stansa det heilt opp for henne etter at ho gjekk av? Gro var stor, men dette er ikkje stort. Kva vil ho oppnå? Framheva seg sjølv? Fornedra Jagland? Begge deler? Vanskeleg å seia. Det er berre trist at ho som var stor må gjera seg så liten for å vera interessant for norsk presse. Dette er jo ikkje viktig i det heile tatt. Og Jagland er jo ikkje dum. Han har vore stortingspresident i 4 år og har gjort ein glimrande jobb, og sant og seia synest eg han er det klokaste hovudet i AP for tida, når me då ser bort frå Håkon Lie, som jo begynnar å dra litt på åra.

Jagland har ein sjeldan eigenskap som gjer at eg gjerne lyttar til han som politikar: Han tenkjer prinsippielt, og i mange spørsmål ser han mykje lenger enn dei fleste politikarar, særleg når det gjeld utanrikspolitikk. Han er modig også. Ikkje sjeldan fungerer han som eit korrektiv til eige parti. Er det det som ikkje blir tolt? Blir fru Brundland brukt av andre for å bringa Jagland til taushet ved å mobba han på denne måten? Det skulle vore artig og visst.

Reforamsjon eller halloween

I morgon er det 491 år sidan Martin Luther hengde opp dei 95 tesane sine mot avlatshandelen på slottsdøra i Wittenberg. Slik starta den reformasjonen som i ettertid kom til å bringa Guds ljos til millionvis av menneske, først i nord-Europa og seinare i Nord-Amerika, og i vår tid i alle verdas land. Den kjelda til åndeleg liv og fornying som Gud opna i Wittenberg i 1517 renn stadig kraftigare, men sterkast ofte merkeleg nok utanom dei lutherske kyrkjene. Merkeleg og merkeleg fru Blom. Det er vel ikkje det heller når me tenkjer på at dei lutherske kyrkjene er verdsmeistrar i liberal teologi og bibelkritikk. Slikt er jo drepande på sant åndeleg liv. Og dessutan har me lutheranarar gjort vårt ytterste for å distansera oss frå alt godt Andens verk som kjem frå og gjennom andre enn oss sjølve. Det er ein stolthet i dette som vekker Guds motstand.

31. oktober vart på 1500-talet ein merkedag i alle land der reformasjonen fekk gjennomslag , og det med rette. Bodskapet om at Jesus åleine kan frelsa oss, at skrifta åleine har Guds autoritet, at me er rettferiggjort av tru åleine var tre klåre stjerner som vart tent på ein åndeleg mørk nattehimmel. Men i våre dagar er det få som markerer reformasjonsdagen. Derimot har djevelen overteke heile dagen. Han gjer gjerne det med gode dagar. Slik har han prestert å omforma reformasjonsdagen til ein dag då unge og gamle feirar hekser og skrømt, utan at Jesu kyrkje gjer det minste for å ta dagen att. Det er jo litt underleg det også. For denne dagen burde vore ein merkedag for alle protestantar. 31. oktober 1517 markerer på mange starten både for lutheranarar, reformerte, baptistar og pinsevener.

Halloween er og blir flørting med demonar. Som mogne kristne burde me gje barn og unge ei alternativ feiring, ein takke og lovsongsfest til den Gud som gav oss evangeliet gjennom Jesus og apostlane og som fornya det gjennom reformatorane.

tirsdag 28. oktober 2008

Sigersrapport i flyktningesak


Kristkyrkja på Stord (http://www.kristkyrkja.no/) jobbar mykje med å hjelpa flyktningar. Gjennom åra har Gud opna ei dør for oss på dette området og velsigna oss med brør og systre frå mange land. For tida har me 4 familiar frå Iran, fleire einslege mødre med barn frå Eritrea, ein familie frå Syria og ein mann frå Irak. Desse menneska gjer oss rike, og dei lærer oss så mykje om venskap og mellommenneskeleg godleik.


I vår fekk den syriske familien på mirakuløs vis opphald i Noreg. Det skulle ikkje vera mogeleg etter alle lovar og reglar. Men me ropte til Gud for dei, og det umogeleg skjedde. Gud visste nok at denne familien ikkje kunne tola utsending. For det første hadde dei konvertert til kristen tru, og me hadde glede av å døypa dei alle i mars 07. Men det var også mange andre tilhøve som gjorde oss ekstremt urolege med tanke på utsending. Men Gud gav dei den sakshandsamaren som skulle til, og dermed gjekk saka deira gjennom.


Men i sist veke fekk dei melding om at dei måtte flytta til Os, for Stord hadde fylt opp kvoten sin med flyktningar for i år. Men denne familien har ingen som dei kjenner på Os, men her har dei eit nettverk i kyrkjelyden som er blitt som ein familie for dei. Dei var fortvila over dette, og igjen var det å ropa til himmelens Gud. Og det utrulege skjedde: Det kom eit brev frå Stord kommune i dag som fortalde at dei hadde endra meining og gjeve familien bustadrett i kommunen likevel, og dette utan at me har løfta ein fing. Så her er det halleljuastemning i dag.


Å jobba med flyktningar og asylsøkjarar gjev oss mange spennande dagar og netter. Det vert mykje bøn og arbeid. Og når me når fram og nokre får opphald, blir det takkefest. Så langt har alle som har knytta seg til kyrkjelyden fått ja på søknadane sine. Men i desse dagar har me mykje å be om. Det skal vera sikkert.

søndag 26. oktober 2008

Verdsregjering?

Den tyske avisa Der Spiegel hadde fredag ein langt artikkel der dei drøfta trongen for å etablera ei verdsregjering som kan møta dei slike utfrodringar som finanskrisa har gjeve oss.
Me som kjenner Bibelen veit at dette må koma før eller seinare. Men likevel er det underleg å lesa det på trykk i store seriøse aviser. Også Aftenposten hadde same dagen ein artikkel om det dei kalla "den nye verdsordninga". Det går seg altså til. Det vil bli slik Gud har sagt gjennom profetane sine. Og me må bu oss på det som kjem, for denne verdsregjeringa vil stå Gud og kyrkja i mot, og det vil bli ei utfordring for oss å vera true mot Jesus og misjonsbefalinga når dette skjer. Difor må me øva opp truskapen no.

Ein strålande tur til Portugal

Det har vore ganske stille på bloggen ei stund no. Det skuldast at eg har vore på tur til Portugal med to fantastiske kollegaer, Atle Barsnes som du ser saman med underteikna rett under teksten, og Are Søyland som du finn saman med Atle på det neste bilete. Som du ser av det andre bilete var det flott sommarvær den første dagen, og det heldt fram heile veka med unnatak av tysdagen.

Då me kom til Porto sto Isabella og Kristina og tok imot oss på flyplassen. Dette var to blide og oppofrande damer som hadde planlagt opphaldet for oss alle på ein super måte.

I Porto møtte me forutan kollegaer frå Portugal, lærarar frå Finland, Latvia, Tyskland og Polen. Me skulle planlegga utvikling og utveksling av undervisningsopplegg som skal hjelpa elevane våre å skjøna samanhengen mellom miljø, klima og livsstil, og inspirera dei til å leva miljøvenleg. Det er EU som har sett dette i gong og som langt på veg finansierer gildet.
På bilete under ser du heile gjengen samla utanfor det gamle universitetet i Coimbra. Der fekk me sjå det som truleg er Europas største bibliotek med ein samling på 200 000 bøker. 40 000 var utstilte.

Forutan å jobba pedagogisk, måtte me sjølvsagt sjå det som er å sjå av kulturell verdi i området. Her tek eg med nokre glimt frå Mosteira da Batalha, eit enormt kloster som vart bygd etter kong Johan I sin siger over kastilljanarane i 1385. Han hadde lova Maria, Jesu mor, eit slikt kloster om ho gav han siger. Og då det hende, var det berre å gå i gong. Det vart eit enormt byggverk med kunstferdig steinarbeid av utruleg høg kvalitet.
Når du ser på seks av dei tolv apostlane som du finn i inngangspartiet til kyrkja, får du eit inntrykk av kor høg kvalitet dette steinarbeidet har.
I sarkofagen på bilete under der att kviler Henrik Sjøfararen, den første store europeiske oppdagingsreisande. Han ligg saman med ein del kongelege i eit sidekapell i den store kyrkja knytt til klosteret.

Under denne teksten ser du den tyske delegasjonen. Ewald, Sabine og Bernt. Det er Bernt som er leiaren av gruppa, og står for kontakten mellom oss også når me er heime på våre eigne arbeidsplassar.Tyskarane er slike som verkeleg tek ansvar både for saka og for oss som er med.

Så var det gjengen frå Finland: Jakko (som er rektor), Thea og Ira. Flotte folk med eit smittande humør.
Me brukte to dagar på Escola Secundaria da Valongo, og der møtte me mange blide og flotte elevar. Her er det nokon som har øvd seg på å spela blokkfløyte til oss: Songen til fridomen frå Beethoven sin 9. symfoni, og det gjekk heilt fint med dei.

















Nokre gjekk rundt og gav oss presangar som dei hadde laga av ulike resirkulerte materialer. Det var ganske forseggjort.

















Første kvelden på byn høyrde me song og skrål over alt. Det viste seg å vera ei slags folkeleg vigsling av dei nye studentane ved ein eller annan skule. Dei vidaregåande studentane gjekk med svarte kapper og dirigerte på dei nye, som måtte gjera som dei fekk beskjed om. Det var eit skikkeleg festleg innslag i bybilete




























torsdag 16. oktober 2008

HP dukka opp

Me hadde ei flott og effektiv bønesamling i kveld. Eg hadde førebudd bøn for ei rekkje områder som er viktige for byen vår, og for kyrkjelyden i her, og me bad systematisk og effektivt, med litt lovsong inni mellom. Det møtte ikkje opp meir enn 30 personar, og det er med respekt å melda skralt med tanke på dei mange hundre kristne me har på Stord, men dei som møtte opp skal ha ros. Dei visste korleis dei skulle be.



Og så var det litt morosamt at HP (Hans Petter Martinsen), den kjende torpedoen som vart kristen i 2001, dukka opp på Horneland bedehus. Han har vore i på Stord nokre dagar og hatt skulebesøk om dagane og møter på Frelsesarmeen om kvelden, og han ville gjerne vera med oss å be denne kvelden. Det var jo veldig koseleg. HP har jo slik ein slik dramatisk historie, og han delte aldri så lite med oss av den. Fram til han møtte Jesus handla alt om vald, dop og pengar. Etter at han møtte Jesus, handlar alt om Guds kjærleik. Før spreidde han frykt. No spreier han dei gode nyheitene om Jesus.



Det er eit litt ekkelt symptom dette at så få kristne menneske finn det tenleg å prioritera slike samlingar som me hadde i kveld, trass i mange oppmuntringar om å gjera det. Eg er heilt sikker på at felles bøn er nøkkelen til vekking og framgang for Guds rike. Og når me har planlagt bønemøtenen skikkeleg, vert dei også gode å vera på.



Ha ei god natt.

Bønekveld

I kveld samlar me alle kyrkjelydane på Stord til felles bøn for byen. Det gler eg meg til. Dei siste åra har kyrkjelydane i denne byen nærma seg veldig til kvarandre, og me gjer meir og meir ting i lag. Det har hatt veldig positiv effekt på oss truande her. Me er blitt veldig glad i kvarandre, og me merkar at folk rundt oss er langt meir opne for evangeliet enn før. Akkurat denne kvelden har eg ansvaret for, og eg har førebudd meg veldig godt. Kjem attende med rapport frå møtet seinare.

tirsdag 14. oktober 2008

Litt fabulering om det synlege og det usynlege.

Materialismen er ein sterk og dominant åndsretning i Europa. Det starta under opplysningstida for 200 år sidan, og har seinare vunne meir og meir terreng, ikkje berre mellom dei lærde, men også mellom folk flest. Setningar som "Me kan ikkje tru noko anna enn det me kan sjå og ta på", "kan du bevisa at Gud finst?" osv møte me alle. Ikkje minst me som jobbar i skuleverket. Har ikkje tal på alle dei gongane eg har snakka med elevar om desse spørsmåla.

Det høgaste for materialistane er mennesktanken eller menneskefornuften. Difor trur folk på vitskapen. Vitskapen er handfaste greier, medan trua på Gud synest vera noko luftig og uverkeleg.

Ein av grunnsetningane til materialistane er at me ikkje kan tru anna enn det me kan sansa og forstå.

Men det er ein hake ved dette. For strengt tatt lever vitskapen av "det usynlege". Den har det jo i seg å utforska det ukjende. Når den sluttar med det, er den ingen sann vitskap lenger og utviklinga stansar opp.

Me har ein masse ting rundt oss som me ikkje kan sjå eller sansa. Då mikroskopet vart oppfunne kunne folk brått sjå mange ting ein ikkje hadde sett før: eincella planter og dyr, celler og bakteriar, og likeeins opna stjernekikkerten for tusenvis av nye himmellekamar. Jo, så sanneleg: det usynlege eksisterte.

Så er det jo slik at det menneskelege sanseapparatet er svært avgrensa. Me kan ikkje sansa magnetisme slik som trekkfuglane kan det. Me har han rundt oss, men usynleg.

Så har me alle emosjonane og verdiane våre, alle dei viktige og formande abstraksjonane. Kjærleik, glede, fred, rettferd, truskap, sympati, empati, lojalitet m.m. Spørsmålet er: eksisterer t.d. rettferda i seg sjølv? Kan det tenkjast at om alt vart borte, så ville rettferda likevel vera att? Eller er rettferda ikkje noko anna enn mennesketankar om rett og galt? Står ikkje rettferda på meir solid grunn enn det? Kven kan då døme nokon for folkemord dersom ein heil nasjon faktisk meinte at det som hende var rett? Kven kan forresten seia at den eine mennesketanken er betre enn den andre? For det er jo det å seia at mennesketanken slett ikkje er eintydig. Det har vore svært ulike førestellingar om rett og galt gjennom tidene, og i dag endrar det seg frå kultur til kultur. Nei, tanken om det absolutt rette må vera heva over menneskelivet og styrast utanfrå. Etter 2. verdskrigen vart nazistane dømde ut frå naturretten, ei moralsk lov som er gyldig for alle menneske gjennom alle tider, ei lov som lever i alle menneskes samvit og som samsvarar med dei 10 boda. Ingen person eller nasjon kjem unna naturretten. Den er usynleg, men høgst reell. Det fekk nazileiarane erfara.

Vitskapen er så mangt. Men etter sin natur kan han berre fortelja oss menneske korleis ting er, ikkje korleis ting bør vera. Vitskapen har ingen etikk i seg. Etikken må me få frå ein annan plass.
Kjærleik, glede og fred er i seg sjølv usynlege fenomen. Me elskar, men kan ikkje redusera kjærleiken til kjemi. Kjærleiken går ut over det kjemiske. Det same kan me seia om glede og fred. Om ingen lenger eksisterte her på jorda, ville kjærleiken, gleden og freden ikkje bli borte som universelle verdiar som ville ha vore viktige for eitkvart univers.

Det er Gud som er denne rettferda. Det er Gud som er denne kjærleiken. Det er Gud som er denne gleda, denne freden osv. Han er usynleg, men mektig nær i sitt ord, sin tanke, sitt logos.

Dei sterkast formande kreftene i vårt tilvære er av usynleg natur. Det fysiske får næringa si frå det åndelege. I Kristus vart Gud menneske og løfta menneske opp på guddommeleg nivå og gav oss ved Anden tilgang til sitt eige hjarta der me merkar det gode, sanne og rette strøymer mot oss og fyller oss. For ein mektig Gud vi har.

søndag 12. oktober 2008

"Flodbølgen". TV2 program søndag 12. oktober

"Tenk deg en flodbølge millioner ganger store enn den knusende tsunamien I 2004, en flodbølge så kraftig at den ville kunne grave ut flere tusen kvadratkilometer av hardt steinlandskap på et øyeblikk. Dette er nøyaktig hva som skjedde i en liten del av staten Washington i USA."
Her ser du dalføret, The Scablands, som er omtala ovanfor


Programmet på TV2 i kveld om flodbølgja som grov ut ein heil canyon i delstaten Washington for 15000 år sidan var veldig interessant med tanke på kva vatn som bevegar seg under stort trykk kan forårsaka av skader på fast fjell. Geologane har lært gjennom mange år no at store dalsøkk i i terrenget (som t.d. Grand Canyon) må vera grovne ut i laupet av hundermillionsvis av år av jamnt rennande elvevatn. Men i dette programmet fekk me servert bevis for at slike dalar kan dannast i laupet av timar dersom trykket og farten er stor nok. Svært, svært interessant for oss som trur på Bibelen og som etter fattige evner har forsøkt å forklara saker og ting på kloden ut frå Storflaumen. Kanskje me ikkje er så på jordet likevel? Nei, det trur me ikkje, men dette programmet gjorde meg godt. Det som me ukyndige gudfryktige har hevda i årevis, vart no presentert av aksepterte geologar. Den er god.


Krafta i trua

Den økonomiske krisa i verda i dag er i stor grad ei tillitskrise. Folk har ikkje lenger tillit til bankane, ei heller til styresmaktene sin vilje eller evne til å berga finansinstitusjonane. Misttillit resulterer i panikk og oppløysingstendensar.

Tru er tillit. Den har enorm kraft i seg og får folk til å gjera rette ting på rett måte. Men trua må vera basert på realitetar. Elles sviktar ho snart.'

Me trur på Gud fordi me meiner at han er til, og fordi me har erfart at han er til å stola på. Difor kan me ha ein perfekt ro når verda skakar i grunnvollane. Jesus er rik nok for alle som kallar på han. Det slår ikkje feil. Difor er det som no skjer viktig. Det demonstrerer at Mammom er ein svikefull gud, og dei som har dyrka det materielle i så lang tid, må få hjelp til å finna Gud slik at dei kan koma inn i hans plan og falla til ro. I dag er det Guds sanne kyrkje som sit med løysinga.

lørdag 11. oktober 2008

Omvendinga er naudsynt for fridom i Gud

Kva element inngår i omvendinga? Først må eit menneske erkjenna synd/feil. Me har alle ein medfødd tendens til å rettferdiggjera oss sjølve. Me vil gjerne bagatellisera våre eigne brist eller overføra skuld til andre. Men så lenge me held på med det, blokkerer me for Gud i våre eigne liv. Sanninga er eit vilkår for fridom i Gud.

Sann innsikt i eiga skuld må så føra til at me bekjenner syndene våre med rette namn. Johannes skriv i 1. Johannes 1,8-9: "Dersom me seier at me ikkje har synd, lurer me oss sjølve og sanninga er ikkje i oss. Men dersom me sannar syndene våre, er han trufast og rettferdig så han tilgir oss syndene og reinsar oss frå all urett."

Det er to ting som skjer når me sannar syndene våre, me vert tilgjevne og reinsa. Me skal merka oss at sannar står i presens her. Dette er altså ein prosess som me må leva i. Me blir aldri ferdige med omvendinga. Den fylgjer oss frå me vende om første gong og til me døyr.

Tove, Elise og eg er i Bergen denne helga og besøker Erlend, Anette, Kristin og Arne. I går kveld var me i Grieghallen og høyrde på Filharmonien. Ein verdskjend filoinist som heiter Schneider var solist på Mendelsohn sin fiolinkonsert. Det var uendeleg vakkert. Så fekk me høyra eit flott Stravinskijsymfoni og noko supermoderne av ein eller annan Sørensen.

fredag 10. oktober 2008

Tru og moral 2

Vil gjerne halda fram der eg slapp i går. I Bergpreika seier Jesus: "Sæle er dei reine av hjarta, for dei skal sjå Gud." Reine hjarto får eit menneske kun gjennom omvending. Og omvending inneber ærlege oppgjer med Gud og menneske. Difor er det berre den som vil gå gjennom omvendinga sin tronge port som kan kjenna Gud som Far og Jesus som frelsar. Jesus visste dette. Difor starta han gjerninga si med å kalla folk til omvending. Det må me også ha i tankane våre når me evangeliserer.

torsdag 9. oktober 2008

Tru og moral


Eg les i ny og ne i Blaise Pascal si bok "Tankar", som er ei samling manus av ulik lengde som låg att etter han då han døydde i 1662. Han hadde planar om å gje ut ein samla kristen dogmatikk, men han fekk aldri realisert prosjektet. Men dette forarbeidet hans er eit studium verd for dei som interesserer seg litt for tenkning.

Pascal forfektar at det som hindrar menneska i å erkjenna Gud og ta imot trua som ei gåve ikkje er mangel på gudsbevis eller indilkasjonar på at Gud eksisterer, men det er dei syndige lidenskapane menneska ikkje vil ta oppgjer med. Han har lite tru på gudsbevisa si kraft når det gjeld å få menneska til å venda om og overgje liva sine til Gud. Problemet er ikkje intellektuelt, det er moralsk, hevdar han, difor må menneska utfrodrast på det moralske. Sitat: "Du seier at dersom du berre fekk trua som ei gåve, ville du leggja bort lidenskapane, men eg seier deg: Legg bort lidenskapane så vil du få trua som ei gåve."

Dette samsvarar med Jesu ord i Johannes 7,17. "Den som vil gjera hans vilje, han skal få røyna om læra er frå Gud, eller om eg har henne frå meg sjølv."

For oss som likar å prata med folk om Gud, kan dette vera eit viktig bidrag. Å setja fokus på det moralske, kan bringa eit profetisk og personleg element inn i samtalen som kan få det heile til å bli aktuelt og nært. Men det stiller krav til takt og tone.

onsdag 8. oktober 2008

Audmjukhet

Vil skriva litt om audmjukhet i dag. Søndag sa Espen "Shampoo" Knudsen at enkelte ishockeydomarar måtte bli meir audmjuke. Etter det eg skjøna så meinte han med det at dei må tola meir banning og skjellsord retta mot seg sjølv. Eg veit no ikkje, eg. Det er vel helst ei skrekkeleg omdefinering av ordet.

Det å vera audmjuk er sanneleg min hatt utruleg viktig. Det har Knudsen rett i. Jakob skriv i sitt brev at det er dei audmjuke som får nåde, og at Gud står dei stolte imot. Og når dette er så viktig, må me finna nøye ut kva som meinest med det, for nåde vil me ha, og Guds vener vil me vera.

For det første: Det å vera audmjuk er å vera ærleg innfor Gud og menneske om sine eigne feil og avgrensingar. Ikkje prøva å spela ei rolle og utgje seg for å vera betre eller flinkare enn ein er.

For det andre: Det å vera audmjuk er å vedkjenna seg sin avhengighet av Gud og menneske. Ingen er sjølvhjelpne, me treng alle Gud og fellesskapet.

For det tredje: Det er å setja andre høgare enn seg sjølv. Og det er vel den vanskelegaste kunsten.

For det fjerde er det å bøya seg ned og ta på seg den børa som andre segnar under. Jesus bar våre synder og vår dom, og han sa om seg sjølv: "Eg er saktmodig og audmjuk av hjarta.."

Ingen av oss har naturtalent for audmjukhet. Nokre er av naturen spake, redde og ettergjevande, slike som skal gjera alle fornøgde. Men det er ikkje det same audmjukhet, snarare ein nevrose. Inni seg kan slike vera kjempesinna på alle dei må føya for å vera i balanse.

Det er berre Den Heilage Ande som kan gjera oss sant audmjuke. Han opplyser oss og hjelper oss å sjå sant og realistisk på oss sjølve. Han fyller oss med Guds kjærleik og viser oss kva Jesus betyr for oss og for alle andre. Dette gjer oss sanne, kjærlege, rause, tolmodige og sant menneskelege.

tirsdag 7. oktober 2008

Pengar og verdiar

Så er statsbudsjettet lagt fram, og det sjølvsagt mykje snakk om pengar i media. Det er vel ikkje til å unngå. I slike tider får alle ei kjensle av at pengar er verdas viktigaste sak. Me trur i det heile veldig på pengar i dette landet, at pengar løyser alle slags problem, og dersom me berre har litt meir av dei, så vil alt gå så mykje betre for oss. Men det er ein illusjon. Det ser me i dei tilfellene då pengar faktisk øydelegg verdiar. Det kan vera i noko så banalt som eit arveoppgjer. Kor mange har ikkje opplevd at omsynet til materiellet verdiar har vorte så viktig for folk at dei har vore viljuge til å ofra fellesskapet med familien for å få det dei meiner dei bør ha? Men få ting er så verdfullt som fred og fordragelegheit i familien. Kor mange har ikkje ofra sjela si ved å vera uærlege i pengesaker ? Ærlegdom og sjelefred er vel langt større verdiar enn kroner og ører. Kven har vel ikkje sokke inn i egoisme og kynisme i jakta på pengar, eigenskapar som me alle ser på som skadelege både for oss sjølve og andre. Og når sjukdomen råkar oss og me ser døden i kvitauga, kva betyr pengar då? Kven kan me all sitt strev legga ei alen til si livslengde? I denne tida må me ropa ut til våre medmenneske at dei må søka Gud og gå på hans vegar, for der er dei sanne livsverdiane å finna. Det kjem ikkje an på pengar.



Jesus seier tre viktige ting om pengar: "Samla dykk ikkje skattar på jorda der mol og makk øyder og tjuvar bryt seg inn og stel, men samla dykk skattar i himmelen..." Dei siste dagane har Island opplevd meir enne noko anna land at mol og makk på kort tid har tært bort både verdien på pengane, verdipapira og eigedomane deira. Landet er i ferd med å gå konkurs, og statsministeren vender seg mot Gud. Kor skal han elles gå? Be gjerne om at Island skal kunna behalda sjølvstende sitt og at islendingane skal læra seg å søka Gud og sanne livsverdiar på ein heile annan måte enn før. Då vil det som råkar dei no vera ein inderleg god ting.

Kva er det å samla skattar i himmelen? De er å samla menneske inn i Guds rike. For for Gud er det menneska som er verdfulle. Og dei som me fører til Jesus får evig liv og kan aldri forgå. Så seier Jesus: "Bruk pengane som det hefter så mykje urett ved til å vinna dykk vener som kan ta imot dykk i dei evige bustadane". Det betyr naturlegvis at me skal investera vesentlege pengar i Guds rike, dvs. i misjon og evangelisering. Og er det det han vilk, så gjer me vel det. Guds rike er vår business. Og det siste sitatet eg vil løfta fram er dette: "Ver ikkje uroa for kva de skal eta eller drikka eller kle dykk med. Slik spør heidningane etter. Men søk først Guds rike og hans rettferd, så skal de få alt dette andre i tillegg." "Alt dette andre" er mat og klede og livsnødvendige ting. Han lærer oss å slappa av i høve til pengar og ikkje la redsle for knapphet eller trong etter meir styra liva våre. Det er Jesus som er Herre og ikkje Mammon. Han kallar oss til å gå for seg, så skal han syta for at me får det me treng. Så fascinerande og frigjerande enkel Jesus er. Me er hans søsken og barn av den Gud som skapte himmel og jord, kva skulle me vera redde for? Berre dette eine: å koma bort frå han som elskar oss.

mandag 6. oktober 2008

Biskop Kjølaas


Eg høyrde på radio i dag at biskop Per Oskar Kjølaas har bede regjeringa gripa inn og stoppa idrettsstyret i å trekka OL-søknaden no.


Eg stussa sant og seia på dette, eg. Når ein biskop skal uttala seg i embets medfør, skal han vel snakka på Guds vegne. No skal det seiast at biskopen er redd for at nordlendingane skal ta skade av eit negativt vedtak. Og eg ser ikkje bort frå at dette er vanskeleg for mange der nord. Og eg er glad for at biskopen har omsorg for sjelene. Men med tanke på folks sjelehelse er nok spørsmålet om OL- 2018 ikkje så viktig. For det som skadar sjela, seier Jesus, er trongen etter å vinna heile verda og mangel på sjølvfornekting og Kristusetterfylging. Og det bør Kjølaas minna nordlendingane og andre nordmenn om, og då snakkar han som ein sann biskop på Guds eigne vegner.
I grunnen er dette vorte meir og meir vanskeleg for meg å finna norske biskopar som talar myndig til store og små i samfunnet ut frå Guds ord i Bibelen. Dei snakkar mykje, men sjeldan frå Gud. Langt oftare talar dei faktisk mot Gud, og det skaper sår i sjelene det. Når dei som skal lækja dei sjuke, fornektar sjukdomen og nektar å skriva ut rett medisin, då er nauda rimeleg stor.

Haustferie

Det er haustferie med typisk vestlandsvær for årstida: no strålande sol, i neste minutt plaskvatn. Koseleg det. Har rydda i garasjen i dag. Det var påkrevd. No trur eg faktisk at eg får plass til bilen mellom alt det andre.



I går hadde me eit kjempekoseleg barnemøte i kyrkjelyden. Fullt hus og stormande jubel, får eg seia. Det er sanneleg mykje energi i desse ungane. Her ser du store og små i full sving med den snart "rituelle" ballongdansen.

I andakten snakka eg om Jakob som var så "lur" at han stal velsignelse. Det var det raraste tjuveriet i historia. Tjuvar flest stel pengar og ting, men Jakob forsto at dersom han klarte å få tak i Guds velsigning, så trong han alltid få påfyll av alt mogeleg. Men å stela det som Esau skulle hatt var jo slemt og ekkelt og heilt unødvendig. For han kunne jo berre å bedd Gud om velsigning, så ville han ha fått den. For sånn er reglane i Guds rike: "Den som ber, den får".

Jakob vart flyktning. Og sidan kyrkjelyden vår er full av flyktningar, måtte eg snakka om den Gud som passar på folk som er på flukt, og minna dei om at Gud sjølv var ein gong flyktning i Egypt.

Så vart Jakob forelska i Rakel og ville gifta seg med henne. Men det var ikkje så lett. For onkel Laban sette ein høg pris på dottera si. Og til saman måtte Jakob jobba i 14 år for å få Rakel til brur. Men ingen pris var for høg for Rakel. Jakob jobba gladeleg 14 år for henne.

Slik var det med Jesus også. Han elska oss så høgt at han betalte alt han hadde for å få oss, ja sitt eige liv og blod. Ingen av oss treng altså å vera i tvil om at Jesus elskar oss. Men me må seia ja til han, slik som Rakel måtte seia ja til Jakob.