Viser innlegg med etiketten gudsbevis. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten gudsbevis. Vis alle innlegg

tirsdag 14. oktober 2008

Litt fabulering om det synlege og det usynlege.

Materialismen er ein sterk og dominant åndsretning i Europa. Det starta under opplysningstida for 200 år sidan, og har seinare vunne meir og meir terreng, ikkje berre mellom dei lærde, men også mellom folk flest. Setningar som "Me kan ikkje tru noko anna enn det me kan sjå og ta på", "kan du bevisa at Gud finst?" osv møte me alle. Ikkje minst me som jobbar i skuleverket. Har ikkje tal på alle dei gongane eg har snakka med elevar om desse spørsmåla.

Det høgaste for materialistane er mennesktanken eller menneskefornuften. Difor trur folk på vitskapen. Vitskapen er handfaste greier, medan trua på Gud synest vera noko luftig og uverkeleg.

Ein av grunnsetningane til materialistane er at me ikkje kan tru anna enn det me kan sansa og forstå.

Men det er ein hake ved dette. For strengt tatt lever vitskapen av "det usynlege". Den har det jo i seg å utforska det ukjende. Når den sluttar med det, er den ingen sann vitskap lenger og utviklinga stansar opp.

Me har ein masse ting rundt oss som me ikkje kan sjå eller sansa. Då mikroskopet vart oppfunne kunne folk brått sjå mange ting ein ikkje hadde sett før: eincella planter og dyr, celler og bakteriar, og likeeins opna stjernekikkerten for tusenvis av nye himmellekamar. Jo, så sanneleg: det usynlege eksisterte.

Så er det jo slik at det menneskelege sanseapparatet er svært avgrensa. Me kan ikkje sansa magnetisme slik som trekkfuglane kan det. Me har han rundt oss, men usynleg.

Så har me alle emosjonane og verdiane våre, alle dei viktige og formande abstraksjonane. Kjærleik, glede, fred, rettferd, truskap, sympati, empati, lojalitet m.m. Spørsmålet er: eksisterer t.d. rettferda i seg sjølv? Kan det tenkjast at om alt vart borte, så ville rettferda likevel vera att? Eller er rettferda ikkje noko anna enn mennesketankar om rett og galt? Står ikkje rettferda på meir solid grunn enn det? Kven kan då døme nokon for folkemord dersom ein heil nasjon faktisk meinte at det som hende var rett? Kven kan forresten seia at den eine mennesketanken er betre enn den andre? For det er jo det å seia at mennesketanken slett ikkje er eintydig. Det har vore svært ulike førestellingar om rett og galt gjennom tidene, og i dag endrar det seg frå kultur til kultur. Nei, tanken om det absolutt rette må vera heva over menneskelivet og styrast utanfrå. Etter 2. verdskrigen vart nazistane dømde ut frå naturretten, ei moralsk lov som er gyldig for alle menneske gjennom alle tider, ei lov som lever i alle menneskes samvit og som samsvarar med dei 10 boda. Ingen person eller nasjon kjem unna naturretten. Den er usynleg, men høgst reell. Det fekk nazileiarane erfara.

Vitskapen er så mangt. Men etter sin natur kan han berre fortelja oss menneske korleis ting er, ikkje korleis ting bør vera. Vitskapen har ingen etikk i seg. Etikken må me få frå ein annan plass.
Kjærleik, glede og fred er i seg sjølv usynlege fenomen. Me elskar, men kan ikkje redusera kjærleiken til kjemi. Kjærleiken går ut over det kjemiske. Det same kan me seia om glede og fred. Om ingen lenger eksisterte her på jorda, ville kjærleiken, gleden og freden ikkje bli borte som universelle verdiar som ville ha vore viktige for eitkvart univers.

Det er Gud som er denne rettferda. Det er Gud som er denne kjærleiken. Det er Gud som er denne gleda, denne freden osv. Han er usynleg, men mektig nær i sitt ord, sin tanke, sitt logos.

Dei sterkast formande kreftene i vårt tilvære er av usynleg natur. Det fysiske får næringa si frå det åndelege. I Kristus vart Gud menneske og løfta menneske opp på guddommeleg nivå og gav oss ved Anden tilgang til sitt eige hjarta der me merkar det gode, sanne og rette strøymer mot oss og fyller oss. For ein mektig Gud vi har.

torsdag 9. oktober 2008

Tru og moral


Eg les i ny og ne i Blaise Pascal si bok "Tankar", som er ei samling manus av ulik lengde som låg att etter han då han døydde i 1662. Han hadde planar om å gje ut ein samla kristen dogmatikk, men han fekk aldri realisert prosjektet. Men dette forarbeidet hans er eit studium verd for dei som interesserer seg litt for tenkning.

Pascal forfektar at det som hindrar menneska i å erkjenna Gud og ta imot trua som ei gåve ikkje er mangel på gudsbevis eller indilkasjonar på at Gud eksisterer, men det er dei syndige lidenskapane menneska ikkje vil ta oppgjer med. Han har lite tru på gudsbevisa si kraft når det gjeld å få menneska til å venda om og overgje liva sine til Gud. Problemet er ikkje intellektuelt, det er moralsk, hevdar han, difor må menneska utfrodrast på det moralske. Sitat: "Du seier at dersom du berre fekk trua som ei gåve, ville du leggja bort lidenskapane, men eg seier deg: Legg bort lidenskapane så vil du få trua som ei gåve."

Dette samsvarar med Jesu ord i Johannes 7,17. "Den som vil gjera hans vilje, han skal få røyna om læra er frå Gud, eller om eg har henne frå meg sjølv."

For oss som likar å prata med folk om Gud, kan dette vera eit viktig bidrag. Å setja fokus på det moralske, kan bringa eit profetisk og personleg element inn i samtalen som kan få det heile til å bli aktuelt og nært. Men det stiller krav til takt og tone.