mandag 8. september 2008

Ein Guds mann langt utanom det vanlege


For eit par år sidan fekk eg tak i Blaise Pascal si bok "Tanker om kristendommens sannhet". Det gjorde meg lukkeleg. Blaise Pascal som levde i Frankrike på frå 1623 til 1662 er kjent både som matematikar, fysikar, apologet og vekkjingspredikant. Ein så sjeldan kombinasjon at det burde vekkja interesse hos nokon kvar. Han er vel rekna for å vera eit av dei mest lysande genia i europeisk historie. Innan matematikken er han kjent for Pascals triangel, arbeid med binomialkoeffesienten, han utvikla statistikken som vitskap og la grunnlag for å kunna berekna sannsyn. Dessutan jobba han mykje med såkalla magiske kvadrat der det er plassert tal vassrett og loddrett i ruter, og der summen av tala i rutene blir den same om me reknar vassrett, loddrett eller diagonalt. Han konstruerte også den første reknemaskinen, og starta dermed eit laup som har enda i dagens datateknologi. Nok om det.
Pascal kom til omvending etter ei alvorleg ulukke med ein hesteskyss i 1654. Han vart liggjande umeviten av sjokk i 15 dagar, og då han vakna til live, hadde han intense religiøse visjonar. Han skreiv dette ned på ein lapp og gøymte det i kappa si: "Eld! Abrahams, Isaks og Jakobs Gud, ikkje filosofane og dei lærde sin gud....eg vil ikkje gløyma ditt ord. Amen!"
Etter dette gjekk han inn i klosteret Port Royal der han kom under innflyting av den katolske vekkjingsrørsla jansenismen, ei rørsle etablert at hollenderen Cornelius Jansen (1585-1638). Jansenistane la vekt på personleg syndeansvar, Guds nåde og Guds forutbestemming.
I klosteret kasta Pascal seg ut i intens skriving. Dei mest kjende skriveria er dei såkalla provinsialbreva der han under pseudonymet Louise de Montalte, med intellektuell overlegenhet knuste den jesuittiske moralfilosofi. Det vart 19 brev i alt, og paven lyste dei i bann og beordra at dei skal brennast. Men kornet var sådd, og desse breva kom til å endra heile den katolske teologiske litteraturen.
Pascal hadde som mål å skriva ein samanhengande kristen dogmatikk, og han begynte å samla stoff til dette føremålet. Det vart mange lappar og lause skriv som han la til sides for seinare systematisering. Men døden innhenta han så alt for tidleg, så prosjektet vart aldri fullført. Det verda sat att med var alle desse notata. Dei vart saml, sett i system og utgjeven i ei til dei grader uferdig bok som likevel har hatt ei enorm betydning både for verdslitteraturen og for mange menneskes åndelege erkjenning av Gud. Kjem attende til noko som er å finna i denne boka seinare.

Ingen kommentarer: