onsdag 3. september 2008

NLM og kyrkjelyden, kor går vegen?


Eg merkar meg at generalsekretær i NLM, Ola Tulluan, ikkje vil at organisajonen skal verta eit kyrkjesamfunn. Grunngjevinga for dette er at NLM er lågkyrkjeleg og har historisk sett distansert seg frå alt embetsstyre i Guds kyrkje. NLM har frå starten av forfekta det allmenne prestedøme og eit nådegåvebasert tenestemønster. Den ideologiske plattforma for dette synet er å finna i Ludvig Hope si bok "Kyrkja og Guds folk". Der skriv han at kyrkjesamfunna og organisasjonane berre er ytre stillas som me står på når me byggjer den sanne kyrkja. Den sanne kyrkja er dei atterfødde, dei som verkeleg trur, og ingen veit sikkert kven dei er, berre Jesus. Dette synet på kyrkja har med organisasjonen si sjel å gjera.


Det er ikkje å stikka under ein stol at denne teologien utvikla seg i ei tid då presten var embedsmann både i det verdslege og åndelege regimentet på ein heilt annan måte enn tilfelle er det i dag. Det er lett å semjast om at prestane på 17 og 1800-talet representerte ei uheldig samanblanding av verdsleg og åndeleg makt i Noreg. Det er også ei kjennsgjerning at mange av desse prestane kom frå embedsmannsfamiliar og hadde lite føling med vanlege folks kvardag, og det kunne vera så som så med det åndelege livet hos dei. Mange var opplysningsmenn som hadde lite syn for å forkynna evangeliet til frelse for syndarar. Potetprestane kjenner me alle til. Likevel var det på denne tida også mange ekte kristne prestar, særleg mellom dei som vart berørte av Gisle Johnson si undervisning. Dei vart berarar av vekkjing i bygd og by.

Men også lekmannsrørsla med all si vekkjingskraft sto i ein politisk kontekst. Det er ingen grunn til å stikka under ein stol at framveksten av denne rørsla fall saman med den folkelege "opprøret" mot embedsmannsveldet generelt som voks fram på 1800-talet. Det var vanleg å vera lekmann og venstremann.

Men no trur eg NLM gjer ein alvorleg feil: dei let fortida styra framtida. Som kristne er me ikkje bundne til det som hende i fortida, men kun til Gud og hans ord, og i Bibelen finn me lett ut at kristenflokkane på kvar stad skal organiserast i kyrkjelydar med "heilage, tilsynsmenn og kyrkjelydstenarar" for å sitera Paulus i Filipparbrevet 1,1. Eg kan ikkje med min beste vilje sjå at dette skulle tyda å venda attende til ei eller anna embetsmannstenkning som tilhøyrer ei fjern fortid. Det er snakk om at flokkane får rett til å kalla og innsetja sine eigne hyrdar og diakonar, noko som frikyrkjene har gjort i mange, mange år utan at det har ført til noko embetsmannstenkning i det heile. Dersom NLM vil følgja Bibelen, blir det enkelt.


Når medlemmer NLM ikkje lenger kan gle seg over medlemskapen sin i Den norske kyrkja (og eg har skjøna at Ola Tulluan er ein av dei), må dei, for å følgja Guds ord, finna seg eit nytt kyrkjelydsfellesskap, men det vil ikkje NLM gje dei innafor sine ramer. Derimot ligg det an at organisasjonen skal kunna gje "utbrytarane" ei slags kyrkjeleg ryggdekning. Eg er redd at dette vert uklårt, og at det blir å ri fleire hestar samstundes. Det kan ikkje gå bra. Den lokale kyrkjelyden er av Gud, og det som er av han, vil alltid vinna fram. Og mitt råd til NLM - folk som vil gå med Gud i denne saka: finn fram til kvarandre lokalt, meld dykk ut or Den norske kyrkja og etablerer eigne små frie kyrkjelydar med valde hyrdar og eigen sakramentforvaltning. Så kan de tilhøyra NLM like mykje som før, men de styrer dykk sjølve, slik som NLM i alle år har tilhøyrt Den norske kyrkja, men styrt seg sjølv. Lukke til.

Ingen kommentarer: