torsdag 4. september 2008

Norsk asylpolitikk i feil retning

Politikk er moral. Moral er nestekjærleik og humanitet. Alle vedtak som forringar humaniteten i samfunnet, er umoralske og representerer dermed ein politikk i feil retning.

Når det no skal stramast inn i asylpolitikken, blir det grunngjeve ut frå Noreg sine interesser. Men det er ei lygn. Det er maktpolitiske interesser som ligg til grunn. Rasismen er ytterst levande i det norske samfunnet, og dei som kan gjera det vanskelegare for folk frå framande land og kulturar å koma til Noreg, får røyster i gevinst. Så enkelt er dette. Og så skummelt. For her tenkjer ein ikkje etter moralske prinsipp, men etter omsynet til veljarar som kan gje ein makt. Ein ofrar menneske på makta sitt alter.

Det kjem ikkje mange flyktningar til Noreg. Det har det aldri gjort. 90% av dei som er på flukt hamnar i fattige land som knapt kan ta seg av dei. Det burde kome mange fleire hit til oss rett og slett fordi forfylginga av folk er så massiv og aukande mange stader. Kan nemna at årleg må omlag 160000 kristne lata livet pga trua si, og det er ikkje mange forfølgde kristne som kjem til Noreg. Men det burde dei ha gjort. Men hadde dei kome, ville dei ha vorte sende attende fordi dei har så vanskeleg for å dokumentera at akkurat dei er forfylgde.

Statsministeren vil gje opphald til dei som faktisk treng vern, og slik vil han ta vare på asylinstituttet og sørga for at det ikkje vert utvatna. Dette seier han samstundes som han veit at det vert i praksis ikkje gjeve politisk asyl til eit einaste menneske i Noreg lenger. Alle får opphald på humanitært grunnlag, også dei som soleklårt kjem inn under asylretten. Ingen er forfølgde nok, ser det ut for. Forstå det den som kan.

Ingen gjev seg ut på vandring i verda utan at han eller ho opplever situasjonen som ekstremt vanskeleg på heimstaden. Situasjonen må vera prekær om folk skal bryta opp. Når dei så kjem og bankar på hos oss, har dei kanskje ikkje alle rett på politisk asyl, men det må og bør vera ein låg terskel å gje opphald på humanitært grunnlag. Me er jo eit land som rosar oss av å byggja samfunnet på humanitære verdiar.

Frå ein kristen synsvinkel (ein gong var me eit kristent land) er det å ta godt imot framande som søkjer tilflukt hos oss, avgjerande. Gud vurdere og dømer folk og nasjonar etter korleis dei handsamar sosialt vanskelegstilte og flyktningar. Når det endelege rekneskapet snart skal gjerast opp, skal Jesus sei til dei på si høgre side: "Eg var framand, og de tok imot meg! Gå inn til min fars glede. " Og til dei på venstresida: "Eg var framand, og de tok ikkje i mot meg! Gå bort frå meg de som gjorde urett til den evige elden som er laga til åt djevelen og hans englar." Så høgt vurderer Gud ein flyktning.

At me tek imot kvoteflyktningar er bra, men neppe strålande. For det første er det ikkje mange av dei, og for det andre plukkar me dei ut etter kriterium som kan tena oss sjølve. Gamle og sjuke har liten sjanse for å koma til Noreg sjølv om dei har sete i flyktningeleirar aldri så lenge. Her er det dei nasjonale eigeninteressen som rår grunnen.

Ingen kommentarer: