onsdag 18. juni 2025

Guds gode vilje

 I Salme 135 står det at "Herren gjer det han vil". 

Når me les Bibelen, les me om ein levande Gud som er i full aktivitet frå første til siste side

Det startar alt i første vers: "I opphavet skapte Gud himmelen og jorda".

Kvifor skapte Gud universet? Fordi han ville. Som me les i Op.4,11: 

11 Verdig er du, vår Herre og Gud,

til å få pris og ære og makt.

For du har skapt alt;

ved din vilje vart alt til, skapt av deg.

Guds vilje er god. Når me ber "må viljen din råda på jorda slik som i himmelen," så ber me om at det vonde skal fordrivast og at det gode skal sigra. 

Når denne bøna er plassert i Fader vår, fortel det oss at Guds gode vilje skjer når me ber. 

Muslimane seier ofte: "Om Allah vil." For dei er alt som skjer av godt og vondt Allahs vilje. Han er heilt uberekneleg og kan finna på både det eine og det andre, og tilhengarane må berre bøya seg for påfunna hans og underkasta seg. 

Slik er ikkje Jesus. Me veit kva han vil. Det har han avslørt for oss gjennom Bibelen: Han vil lækja dei sjuke, setja fri dei som er bundne av djevelen og tilgje syndarar som vender om. Det er hans arbeidsprogram, og alt dette vil skje når me som kjenner han ber. 

Når kristne blir slakke i bøna, skjer Guds vilje på jorda i mindre grad enn når dei er flittige og uthaldande. For dette er også Guds vilje: Han vil gjera det gode når hans barn ber han om å gjera det. Som kristne er me Guds medarbeidarar. Og når me kjem Gud på nært hald, fortel han oss kva me skal be om ganske konkret, og når me responderer på dette, grip han inn og under skjer. 

Er du ein sann kristen har du lyst å utvikla bønnelivet ditt, og då vil eg invitera deg til å bruka nettsida www.globalbonn.blogspot.com. Der vil du få hjelp til å bli både ein tilbedar og ein forbedar.


fredag 6. juni 2025

Kva er vestlege liberale verdiar

 Går me nokre år attende i tid, bygde landa i Vesten på kristne verdiar. Bibelen var anerkjent som ei heilag og normerande bok, og verdiane som folk då styrde etter var gudsfrykt (tru) nestekjærleik, livslangt ekteskap mellom ei kvinne og ein mann, morsskap og farsskap, kjernefamilien, ærelegdom, truskap, seksuell reinleik,  respekt for foreldre, respekt for menneskelivet (også det ufødde), høg arbeidsinnsats, edruskap og jakta på ny kunnskap. 

Sjølvsagt var folk folk i den tida også. Nokre braut alle normer, andre fall utanfor, og ting skjedde som ikkje var bra, men ideala og normene sto der som fyrtårn som ikkje måtte sløkkast. Det var ingen som gjorde noko galt som ikkje visste at det dei gjorde var galt. Svart var svart, og kvitt var kvitt. 

Men så kom "den seksuelle revolusjonen" og 1968-generasjonen, og fyrtårn etter fyrtårn vart sløkt, og etter kvart rive ned. Fri sex, kommunisme og ateisme prega det nye livssynet som vart dominerande etter dette ungdomsopprøret. Å tru på Gud og Bibelen vart latterleggjort. Seksualiteten skulle vera fri. Ekteskapet vart supplert med sambuarskap, det vart like mange skilsmål som nye inngåtte ekteskap, og vart ein rett å ta livet av ufødde barn. Regjeringar av ulik valørar, som elles var desperate etter å regulera alt i samfunnet, deregulerte samlivssektoren.  På livsens viktigaste område, skulle alle normer bort så lenge den seksuelle aktiviteten var bygd på samtykke. Men ingen spurde etter GUDS samtykke. Han eksisterte jo ikkje, eller han måtte takk bøya seg for menneska si nye forståing av rett og galt. 

No styrer både raude, grøne og blå regjeringar etter det dei kallar "liberale vestlege verdiar", og med det meiner dei ein ekstrem indivdualisme som munnar ut i eit massivt krav om "sjølvbestemming" når det gjeld liv eller død, kjønn og samlivsform. Og fremst i Pridetoga går politikarar av alle valørar og parti, med eit par heiderlege unnatak, og peikar nase til Gud, og seier med digre bokstavar at dei no erstattar Bibelens bod med verdiar som mangfald og inkludering, noko som primært betyr seksuelt mangfald og inkludering av alle slags kjønn, kjønnsidentitetar og kjønnsuttrykk, kva dei no i all verda måtte meina med det. Dei aksepterer og promoterer med si tilknytning ei rekkje løgner som at det eksisterer mange kjønn, at kjønn er flytande, at barn kan vera fødde i feil kropp, at det går an byta kjønn, at det eksisterer psykologiske kjønn, at menn kan bli mødre, at kvinner kan bli fedre, at kvinner kan ha penis, at menn kan ha vagina og livmor og all slagt tøv. Dei promoterer også polyamorøse relasjonar surrogati og prostituasjon. "Kjærleik er kjærleik", seier dei, og det er like intelligent som å seia at "medisin er medisin", og gje same medisin til alle sjuke. 

I tillegg til alt dette nye våset, har dei sidan 1970-talet fått folk til å tenkja at dei ufødde barna i mors liv ikkje er mennesker med menneskeverd og menneskerettar. Dei avhumaniserte barna i morsk liv for å kunna ta livet av avkommet sitt utan å kjenna på dårleg samvit, og halda fram med sin frie seksuelle livsstil utan å måtta hausta følgjene. 

Kva i all verda skal me med politikarar som ikkje kan snakka sant om dei mest grunnleggjande livsområda? Når det er så lett å lyga om ufødda barn og kjønn, korleis kan me då stola på dei i mindre viktige saker, og for all del, alle andre saker er mindre viktige enn dei me har nemnt i dette blogginnlegget. 

Me treng ein ny type politiske leiarar i dette landet, menn og kvinner som fryktar Gud, syner Bibelen respekt og audmjukt søkjer hans hjelp i store og små spørsmål. 

Noreg var eit kristent land, men er ikkje det lenger. Men landet kan rekristnast. Og det må skje om det skal gå oss godt. 


torsdag 29. mai 2025

Alliansar basert på felles hat

Den radikale venstresida med LO i spissen, LHBTQ-rørsla og radikale muslimar har slått seg saman i ein hatefull kamp mot Israel og det jødiske folket. 

Det einaste desse tre rørslene har felles er faktisk hat. Elles står dei rimeleg langt frå kvarandre, og lengst frå kvarandre står radikal islam og LHBTQ. Den som står fram som homofil i Gaza vert drepne. Det er jo det heilt ville oppi dette. Det gjev ikkje meining. Den einaste plassen i Midt-Austen at skeive folk er trygge er jo i Israel. Korleis går det då an at norske skeive hatar Israel og jødane? Forstå det den som kan. Heilt hol i hovudet, spør du meg. 

Men det er jo ein enorm avstand mellom muslimar og sosialistar også. Muslimane trur på ein gud, og er veldig overtydde om at Allah er den sanne gud. Men sosialistane er i sitt vesen ateistar. Og likevel står dei altså saman og kjempar mot det folket som muslimane har sin eksistens å takka for. Muhammed tok jo modell av jødedomen så godt han kunne då han forma ut denne nye trua si. Snakk om å saga over den greina ein sit på, men det gjer palestinarane. 

søndag 4. mai 2025

Då høgresida hamna på venstresida


Det norske samfunnet er i dag sterkt prega av ungdomsopprøret på 1960 og -70 talet. Det starta med hippierørsla der mottoet var «make love, not war», og Woodstockfestivalen i 1969 sette standarden med rock`n roll, marihuana og fri sex. Store deler av ungdomskulla på den tida vart farga av verdiane som denne rørsla representerte. Seinare glei ungdomsopprøret over i marxisme. Og dei unge nykommunistane dominerte i studentpolitikken på universitet og høgskular der dei kjempa for eit nytt kommunistisk samfunn med eittpartisystem og staten som einaste kapitaleigar. Symptomatisk meinte dei at alle avgjerder i studentpolitikken skulle fattast i allmøter. 

Sjølv gjekk eg på Lærarhøgskulen i Bergen på denne tida. Der var dei også svært aktive. Dei gjekk til felts mot kristen formålsparagraf i skulen, og ville at materialisme og kommunisme skulle vera fundamentet for oppseding og opplæring av barn. Dei framstilte Mao Zedong sitt kommunistiske Kina som eit idealsamfunn, ville innføra kulturrevolusjon (ja, «Maos vesle raude» var ein bibel for dei). Andre favorittar i gudegalleriet deira var Pol Pot og Raude Khmer i Kamodsja (som tok livet at 2 millionar av sine landsmenn) og maoisten Enver Hoxha i Albania som også etablerte eit skrekkregime i landet sitt. Dei slost mot alt som var «borgarleg» som det livslange ekteskapet mellom kvinne og mann, økonomisk fridom og private initiativ i næringslivet, dei kjempa mot USA og kapitalismen, og AKP-ml (Arbeidarane sitt kommunistparti-marxist leninistane) ville til og med gjennomføra «væpna revolusjon» i Noreg. Dessutan såg dei på ekteskapet som ein anakronisme,  og dei kjempa intenst for fri abort (to ting som heng nøye saman). Likestilling mellom kjønna var sentralt for dei, og retten til abort var viktig også av den grunn.  Alle kvinner skulle ut i lønna arbeid, og graviditet og småbarn kunne jo hindra dei i det, og den politiske kampen for å få opp så mange barnehagar som mogeleg, handla ikkje om barna sitt ve og vel, men om kvinnene sin yrkesaktive karriere. 

Maoismen brann smått om senn ut på 1980-talet. Frukta av kommunismen i Kina vart etter kvart synleg. Under «det store spranget», som vart leida av Mao på slutten av 1950-talet, leid kanskje så mange som 45 millionar menneske sveltedauden, og under Kulturrevolusjonen frå 1966-1976, vart store deler av den intellektuelle eliten i landet rydda ut av Mao sine berykta «raudegardistar». Kor mange millionar som elles vart drepne, er vanskeleg å finna ut av. Men at det var mange, er heva over all tvil. Utover på 1970-talet vart desse rystande tilhøva gjort kjent for oss, likeeins Pol Pot sitt folkemord på 2 millionar landsmenn i Kambodsja. Det rysta verda. Og då kommunistiske troppar meia ned tusenvis av studentar på «Den himmelske freds plass» i juni 1989, dabba interessa for kommunismen ut hos norske ungdommar.  Men dette skjedde utan at dei tok noko oppgjer med dei sjuke meiningane som dei hadde målbore. Mange av dei  fann imidlertid etter kvart stille og roleg  sine politiske posisjonar i SV og AP, to parti som i dag fører mykje av tankegodset frå AKP-ml tida vidare . I tillegg sikta  mange 68-arar seg inn på NRK, avisredaksjonane, norsk skule og embetsverket i departementa, og har hatt massiv påverknad både på det som har skjedd i skulen, norsk lovgjeving og på nyheitsbilete. Sosialismen frå 1960 og -70 talet er faktisk i dag merkbar  i tradisjonelt konservative parti som Høgre, Venstre, Senterpartiet og Fremskrittspartiet. Lenge hadde dei kristendomen som plattform og ramme for sine verdiar. Men det er historie. I dag er alle desse partia for fri abort, likekjønna ekteskap, kjønnsmangfald, juridisk kjønn, flytande kjønn og «kjønnsbekreftande» behandling (og no ser det ut til at FrP også vil gå inn for surrogati i Noreg). Ingen av dei vil lenger framheva ekteskapet mellom kvinne og mann som den  einaste  rette samlivform eller kjernefamilien med mor-far og barn som den normalfamilien. Dessutan går dei alle Pridetog. Det som i si tid starta langt ut på venstresida i politikken, synest omtrent alle norske politikarar i 2025 er gode greier. Men dei står på ei ustødig plattform. Her endrar ting seg fort. Kampen for likestilling mellom kjønna er i dag truga av ein tanke om at kjønn er eit flytande fenomen, eller at kjønn er ein sosial konstruksjon eller ikkje eksisterer i det heile tatt. Takka vere tidlegare helseminister Bent Høie kan alle i dag byta kjønn med eit tastetrykk på datamaskinen. Ingen politikar (med unnatak av Jenny Klinge i Senterpartiet som er tydeleg på at oksar ikkje kan fø kalvar, og no er visstnok KrF også i ferd med å sjå at det er slik ting heng i hop)  kan lenger svara på kva ei kvinne er for noko. Det er ei sann Babels forvirring. 

Alt dette rotet kjem frå sosialismen.  Men høgresida i norsk politikk vil jo ikkje bli omtalt som sosialistiske, og kallar difor den nye politikken sin for liberalisme. Men det er og blir sosialisme, og sosialismen er anti-kristen i sitt vesen. «Religion er opium for folket,» hevda Karl Marx, og dei som har adoptert tenkemåten hans har ein tendens til å heva seg høgt over Gud og Bibelen. Men dei kjem nok til å erfara at alt og alle som reiser seg mot kunnskapen om Gud ein dag kjem til å falla. 


onsdag 23. april 2025

Planlagt farløyse

 VG melder i dag at Camilla og Julie Lorentzen har fått barn nummer to saman. Dette har dei gjort på den måten at eit befrukta egg frå Camilla vart sett inn i Julie si livmor, og vipps så har barnet to mødre. Strengt tatt er vel Camilla mor her og Julie surrogatmor. Men uansett: Den dei ikkje nemner er faren til barnet. For han må jo vera ein plass han også, men har ingen rettar og ingen sjanse til å gje barnet omsorg og vera med å prega barnet sin oppvekst og oppseding. Me prisar vanlegvis fedre som ikkje tek seg av barna sine lågt. Og difor er det ingen god idè å avla barn som ikkje kjenner faren sin, og kan nyta godt av hans kjærleik, livsverdiar og ressursar. Det som skjer når det gjeld surrogati (som visstnok FrP vil gå inn for i komande stortingsperiode) er dessutan i direkte konflikt med Barnekonvensjonen som seier at alle barn har, så langt som det er mogeleg, rett til å få omsorg både frå far og mor. Og det er heva over tvil at det som Øivind Benestad i "Mor-far-barn" kallar "planlagt farløyse" er i strid med denne konvensjonens artikkel 7. Når alt dette er sagt får me ønskja den nyfødde alt godt i livet.

mandag 21. april 2025

Misjonspaven Frans I er død

 


Pave Frans 1. døydde i dag 88 år gamal. Han fungerte i jobben som "Guds representant" på jorda i 12 år. Vel, dette med Guds representant på jorda er sjølvsagt noko han deler med kvar einaste Jesustruande menneske. Det er berre èin mellommann mellom Gud og menneske, lærer Bibelen oss, og det er Jesus, og alle som tek imot han blir Guds barn, får del i guddommeleg natur og representerer Gud på jorda. 

Gjennom desse 12 åra på "Peters stol", som det heiter, har eg høyrt paven tala saka til fattige og undertrykte, og det er rett ut frå Guds hjarta. Han har tala for freden, og har ikkje vore redd for å tala verdas mektige til rette, utan at han etter min forstand har nådd så langt inn til dei. 

Han var også ein kompromisslaus forkjempar for dei ufødde barna i ei verd der abort er den vanlegaste av alle dødsårsakar. Det skal krediterast han.

Men mindre kjent er det at pave Frans I var ein mann som brann for misjon og evangelisering. Her er eit utdrag av ein gripande tale han heldt i 2017, og som eg fann i norsk omsetjing på katolsk.no:

"Selv om vi opplever at vi er svake, på så mange forskjellige vis, og selv om vi iblant kan miste motet, må vi løfte hodet og se mot Gud. Hvis vi lar oss knekke av følelsen av ikke å strekke til og gir etter for pessimisme, blir vi passive tilskuere til et slapt rutineliv. Men det fins ikke rom for frykt! For Gud selv kommer for å rense våre «urene lepper» og gjøre oss egnet til å misjonere:

«Din skyld er tatt bort, og din synd er sonet.»
Da hørte jeg Herrens røst. Han sa:
«Hvem skal jeg sende,
og hvem vil gå for oss?»
Jeg sa: «Jeg! Send meg!»
(Jes 6,6-8)

Alle misjonerende disipler kan høre denne guddommelige røsten i sitt hjerte. Røsten inviterer dem til å «gå omkring overalt» og gjøre vel og helbrede alle (jf. Apg 10,38). Ved en anledning minnet jeg om at enhver kristen blir til en «Kristoffer» ved dåpen, altså en som «bærer Kristus» til sine søsken (jf. katekesen 30. januar 2016). På en spesiell måte gjelder dette de som er kalt til et liv med særskilt konsekrering og også prestene, som har svart med et sjenerøst «Her er jeg, Herre, send meg!». Prestene er kalt til å gå ut av tempelets hellige innhegning for med fornyet misjonsiver å la Guds ømhet gå over alle bredder og komme menneskene til gode (jf. prekenen ved Oljevigselsmessen, 24. mars 2016). Kirken trenger slike prester: prester som er tillitsfulle og rolige fordi de har funnet den virkelige skatten og som lengter etter gå ut og med glede gjøre alle kjent med den (jf. Matt 13,44)". 

Heile talen kan du lesa her: 

https://www.katolsk.no/nyheter/2017/01/pave-frans-budskap-til-kallsondagen-2017

Denne delen av pave Frans I sitt liv vil eg hugsa, minnast og henta inspirasjon frå i tida som kjem. 



tirsdag 8. april 2025

Menneskerettsfråsegna artikkel 16

  •  Vaksne menn og kvinner har rett til å gifte seg og stifte familie utan nokon avgrensing som skuldast rase, nasjonalitet eller religion. Dei har krav på like rettar ved inngåing av ekteskapet, under ekteskapet og ved dets oppløysing.
  • Ekteskap må berre inngåast etter fritt og fullt samtykke frå dei vordande ektefellene.
  • Familien er den naturlege og grunnleggjande eininga i samfunnet og har krav på samfunnets og statens vern.
Denne artikkelen er kjempeviktig i vår tid. Den slår fast at ekteskapet, i menneskerettsperspektiv, er ei sak mellom ei kvinne og ein mann. 

I våre dagar blir det repetert i det uendelege at det er ein menneskerett å gifta seg med den ein elskar, anten det er ein av motsett eller same kjønn. Men det stemmer altså ikkje. 

Nasjonale lover kan sjølvsagt opna for slike "ekteskap", men ingen nasjon kan refsa ein annan nasjon for å bryta menneskerettane ved å nekta to av same kjønn å gifta seg med kvarandre.

Vidare slår denne fråsegna fast at tvangsekteskap er menneskerettsbrot. Likevel er dette vanleg i mange land, kanskje særleg i land der islam er dominerande religion. 

I Menneskerettsfråsegna er kjernefamilien (med mor-far-barn) idealet. Denne familien vert omtala som den "grunnleggjande eininga i samfunnet", og det er denne eininga som har krav på samfunnet og staten sitt vern. Ein nasjons framtid kviler på at kjernefamilien med mor-far og barn fungerer godt. 

Å tillata likekjønna ekteskap, fører til at det blir født barn som ikkje får rett til å veksa opp saman med biologisk far eller mor. Det er brot på Barnekonvensjonen artikkel 7 der det står at alle barn har, så langt som det er mogeleg, rett til å kjenna foreldra sine og ta imot omsorg i frå dei. 


onsdag 22. januar 2025

Infantil president

 Eg lytta til ein pressekonferanse med president Donald Trump i dag. Det var selsomt. Han snakka som eit barn. "Alle er så stygge med oss (amerikanarar) sjølv om me er kjempesnille mot dei. Ingen forstår oss. Ingen tek omsyn til oss. Alle utnyttar oss," osv. Kva snakk er dette? Kva statsmannskap er dette? Eg hadde vona mannen hadde mogna litt på dei siste fire åra, men nei. Han har ikkje det. 

Og så skuldar han på andre for dei forferdelege problema som han meiner USA har hamna i. Alt galt er alltid alle andre sin feil, kven det no enn måtte vera. Han skal få alle til å tenkja slik at dei ikkje sjølve ber ansvaret for det som går galt i liva deira. Problema sine må dei adressera til Joe Biden eller demokratane eller Kina. Berre Putin og Russland går fri. 

Eg er konservativ. Eg er luta lei av liberalistane som slost med nebb og klør for ein falsk fridom, fri abort, fri sex, fri ditt og fri datt, og som hatar evangeliske kristne og Bibelens Gud, og som er i mot alle som vil at folk skal leva etter Guds gode lover. Eg  glad for at Donald Trump klårt seier frå om at det finst berre to kjønn, og at han har fått innskrenka retten til abort, og at han er ein talsmann for dei ufødde barna. Det er veldig stort for meg og for mange, mange gudfryktige menneske. 

Men offermentaliteten kan han berre leggja av seg, og bli ein vaksen mann som omtalar andre med respekt, og ser verdien av godt samarbeid. Det kan han gjera utan å bli uklår på noko vis. 

Eg ber om at det skal bli sånn. 

torsdag 16. januar 2025

Korleis vil framtidas kyrkje sjå ut?

 Korleis vil det religiøse kartet sjå ut i 2050 dersom utviklinga følgjer det sporet som me er inne på i dag? I følgje analysebyrået Pew-Research Center vil det då sjå slik ut:

  • Ein tredel vil framleis kalla seg kristne, slik som no.
  • Islam vil nesten vera like stor som kristendomen. Denne religionen har stor prosentvis vekst som eit resultat av høge fødselstal
  • Hinduismen, buddhisme og kinesiske religionar vil minka i storleik
  • Pga låge fødselstal vil også dei ikkje-religiøse utgjera ein mindre del av befolkninga i 2050 enn i 2025.
  • Det vil vera like mange under 15 år som no, men dobbelt så mange over 60 (talet veks frå 1 til 2 milliardar?).
  • Halvparten av menneska lever i dag i byar. I 2050 er denne delen vakse til 2/3.
  • 40% av dei kristne vil vera å finna i Afrika sør for Sahara, og 80% vil bu i det globale sør (sør for ekvator). 
  • Dette inneber alt kyrkja må innstilla seg på å møta fleire muslimar i framtida, fleire gamle, fleire som bur i byar sør for Sahara. 
Det er grunn til å be for at kyrkja i framtida skal veksa seg både djupare og breiare enn nokon gong før. Skjer det, vil den statistiske utviklinga bli påverka av folkevekkingar der kyrkja igjen begynner å veksa fortare enn folketalet. Nøkkelen til dette ser ut til å liggja i Afrika, det einaste kontinentet der fødselsraten for tida er over 2,1.