- Vaksne menn og kvinner har rett til å gifte seg og stifte familie utan nokon avgrensing som skuldast rase, nasjonalitet eller religion. Dei har krav på like rettar ved inngåing av ekteskapet, under ekteskapet og ved dets oppløysing.
- Ekteskap må berre inngåast etter fritt og fullt samtykke frå dei vordande ektefellene.
- Familien er den naturlege og grunnleggjande eininga i samfunnet og har krav på samfunnets og statens vern.
Denne artikkelen er kjempeviktig i vår tid. Den slår fast at ekteskapet, i menneskerettsperspektiv, er ei sak mellom ei kvinne og ein mann.
I våre dagar blir det repetert i det uendelege at det er ein menneskerett å gifta seg med den ein elskar, anten det er ein av motsett eller same kjønn. Men det stemmer altså ikkje.
Nasjonale lover kan sjølvsagt opna for slike "ekteskap", men ingen nasjon kan refsa ein annan nasjon for å bryta menneskerettane ved å nekta to av same kjønn å gifta seg med kvarandre.
Vidare slår denne fråsegna fast at tvangsekteskap er menneskerettsbrot. Likevel er dette vanleg i mange land, kanskje særleg i land der islam er dominerande religion.
I Menneskerettsfråsegna er kjernefamilien (med mor-far-barn) idealet. Denne familien vert omtala som den "grunnleggjande eininga i samfunnet", og det er denne eininga som har krav på samfunnet og staten sitt vern. Ein nasjons framtid kviler på at kjernefamilien med mor-far og barn fungerer godt.
Å tillata likekjønna ekteskap, fører til at det blir født barn som ikkje får rett til å veksa opp saman med biologisk far eller mor. Det er brot på Barnekonvensjonen artikkel 7 der det står at alle barn har, så langt som det er mogeleg, rett til å kjenna foreldra sine og ta imot omsorg i frå dei.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar