torsdag 26. juni 2014

Grunntankar i Romarbrevet XXVIII. Kap.9,14-18

I dette avsnittet lærer me at Gud vel ut kven han vil til kva han vil. Det er IKKJE slik at eit menneske kan bli kristen når han/ho vil det. Nei, på ingen måte. Me kan berre bli kristne når GUD vil det. Det er HAN som aktualiserer seg sjølv for oss og dreg oss til Jesus Kristus. Me kan stå imot Gud, men me kan aldri koma til Gud utan at han forbarmar seg over oss og dreg oss til Jesus, han som er Gud over alt og alle.
Slik er det også med den kristne teneste. Ingen av oss kan ta oss til ei teneste for Gud. Prøver me det, blir det berre til sorg for oss. Nei, det er Gud som kallar og utrustar oss til teneste, og han kallar, utrustar og brukar kven han vil, men alltid dei som har mista trua på sin eigen kapasitet. Gud gjev ikkje si ære til nokon annan.
Paulus skriv har om kar til ære og vanære. Det er eit bilete frå dagleglivet han brukar. Dei fine kara sette antikkens folk fram. Dei var både til nytte og til pynt. Som kristne er me slike kar. Gud har forma oss, og han plasserer oss og brukar oss til det han har utsett for kvar av oss.
Men heller ikkje Guds motstandarar kan unngå å måtta tena Gud. Ikkje av hjarta, men av tvang. Farao var eit døme på det. Ved at han forherda seg, fekk Gud syna si makt. Slik er det i vår tid også. Kristne forkynner evangeliet og gjer det gode mellom menneska. Andre forfølgjer dei kristne og vil gjera det av med dei. Men desse også må tena Gud om dei vil eller ikkje. Ingen plassar i verda går Gud sterkare fram enn der kristne vert forfølgde for trua si.

Ingen kommentarer: