torsdag 12. juni 2014

Grunntankar i Romarbrevet XXII. Kap 8,32

Gud sparte ikkje sin eigen Son, men gav han for oss alle.
Nokre menneske er veldig opptekne av å spara. Men ikkje Gud. Han sparte ikkje ein gong sin eigen Son, les me her, men gav han for oss alle. Legg merke til dette: Han gav han for oss ALLE. I dette vesle ordet ALLE ligg di og mi frelse. Hadde det berre stått nokre, eller dei fleste eller dei utvalde, kunne me ikkje fått fred med Gud. Men sidan det står ALLE, kan me trygt gå Gud i møte og vita at me er inkluderte i hans familie, at me er elska av han og høgt akta. Eg er så uendeleg glad i dette ordet ALLE. Der finn eg meg sjølv, og alle som leitar etter seg sjølv, kan berre finna svar i dette Guds ALLE. Dette kan du berre rekna med er sant. Du treng ikkje føla noko som helst, berre tru at det er slik Gud seier at det er.

Og så les me: Han som gav Jesus for oss alle, han kan ikkje anna enn å gje oss ALLE ting med han. Du som trur på Guds ord om Jesus er enormt rik. Alt har Far overgjeve til Sonen, og alt dette deler Sonen med oss. Jesus er fars barn. Han held ingenting for seg sjølv. Alt han har fått, deler han med oss som elskar han. Kva er dette ALT? Alt som høyrer denne verda til, og alt som høyrer den komande verda til. Alt er vårt i Han, og han porsjonerer det ut etter som me har bruk for det.

Ingen kommentarer: