lørdag 28. juni 2014

Grunntankar i Romarbrevet XXIX. Kapittel 9,19-24

Som sagt: Ingen kan bli kristen av seg sjølv. Når eit menneske kjem til tru, er det heilt og fullt på Guds initiativ. Me er hans verk, les me Efesarbrevet 2,9. Me kan like lite bestemma oss for å bli kristne som eit dødt menneske kan bestemma seg for å bli levande att. Gud kallar og gjer levande dei han vil. Men har han då grunn til å klaga dersom det er nokon som ikkje vert kristne? Fell det ikkje då attende på han sjølv? Dersom det er han som lagar kara som er til ære og dei som er til vanære, må vel alt som skjer vera etter Guds vilje, eller? Er det då ikkje Han som bestemmer korleis livet mitt skal vera og korleis eg skal oppføra meg, og dermed er vel eg utan ansvar og skuld for noko som helst? Slik argumenterer menneska med Skaparen sin. Vår trong etter å føra rettssak mot Gud er svært stor, me vil ha alt som er galt over på han. Denne indre trongen etter å fri seg frå si eiga synd ved å leggja alt ansvar på Gud, er sjølve URSYNDA i oss. Den avspeglar eit hovmot og ei manglande dømekraft utan sidestykke. For det er DENNE SYNDA som gjer oss til Guds motstandarar. Han står dei stolte imot, men dei audmjuke gjev han nåde, les me i Jak.4,6. For dersom me audmjukar oss for Gud, og erkjenner at me sjølve har ansvaret for syndene våre, og sannar at Gud er heilt gjennom god og rettferdig, ja, då får me nåde, me blir kristne og Gud formar han oss på nytt  til kar som blir til ære og pryd for han og til gagn for vår neste. I dette avsnittet forkynner ikkje Paulus såkalla dobbel predestinasjon, dvs. at nokon er bestemt til frelse medan andre er bestemt til fortaping. Dei kara som er laga for å øydeleggast, er alle dei menneska som står Guds ord imot, sjølv om dei i hjarta vel veit at dei skulle bøygd seg for Gud og overgjeve seg til han. Han kunne med rette ha dømt og øydelagt alle menneske som er i den kategori. Men dette avsnittet lærer oss at han er overberande og tolmodig og at han var og er det for "å kunngjera kor rik hans herlegdom er for dei som han ville visa miskunn, dei som han på førehand hadde gjort ferdige til herlegdom" v. 23, og samanliknar me dette med 1.Peter 3, ser me at Gud er tomodig og overberande for at folk skal få sjansen til å venda om og berga seg. 

Ingen kommentarer: