mandag 16. juni 2014

Grunntankar i Romarbrevet XIV. Kapittel 8.35-39

Dagens avsnitt er eitt av dei mest siterte mellom kristne, og krev eigentleg ikkje så mange kommentarar. Berre dette: Alle vanskane Paulus omtalar her hadde han erfart i sitt eige liv. Det gjer forresten truande menneske over heile verda dagleg. Ingenting av det som står her er unormalt i kristnes liv. Tvert om. Ofte får kristne meir av naud, angst, forfølging, fare og sverd enn nokon andre. Alle som følgjer litt med i kva som skjer med kristne i verda, veit det. Apostelen skriv at me vert rekna som slaktefår, enkle offer for dei som vil oss vondt. Me er, menneskeleg tala, svært sårbare. Det einaste vernet me har når me stiller oss fram med evangeliet er Jesus sjølv. Han er for oss ei fast borg. Uavhengig av vår ytre lagnad, er sjela trygg hos han som elska oss og gav sitt liv for oss. Og denne kjærleiken kan ingen ta frå oss. Mangt anna kan dei ta, ja endå livet, men ikkje Kristi kjærleik. Den er vel forvart i sjela, og der kan ingen fiendar koma. Den som veit seg elska av Gud, er alltid fri i si ånd, og står slik over alle. Det er den kristne som representerer Gud, og kan med det i det minste fortelja heile verda kor skapet skal stå, om enn med livet som innsats, og går det tapt, går me til Gud.

Ingen kommentarer: