onsdag 20. mai 2020

Kristen einskap del 1

At kristen einskap er viktig for Jesus er heva over all tvil. Han ber eksplisitt om dette i Johannes 17,20-23, og han plasserer einskapen mellom Guds barn inn i ein misjonal kontekst: 

"Eg bed ikkje berre for desse, men for alle dei som gjennom deira ord kjem til å tru på meg.  Eg bed at dei alle må vera eitt, slik du, Far, er i meg og eg i deg. Slik skal dei òg vera i oss, så verda skal tru at du har sendt meg. Den herlegdomen som du har gjeve meg, har eg gjeve dei, så dei skal vera eitt slik som vi er eitt: eg i dei og du i meg, så dei heilt og fullt kan vera eitt. Då skal verda skjøna at du har sendt meg, og at du har elska dei slik du har elska meg."

For det første: Kristen einskap er grunngjeve i einskapen mellom Faderen og Sonen. Det er ein einskap basert på fullkomen kjærleik. 
Som kristne er me eit produkt av denne guddommelege kjærleiken, og ved Den Heilage Ande er denne kjærleiken aust ut i hjarto våre. Kristen einskap er såleis eit resultat av Guds kjærleik i oss. Dersom Gud lever i oss, blir me så inderleg glad i kvarandre. Splittelse i Guds kyrkje er såleis eit resultat av at denne kjærleiken har kolna, og det eksisterer ingen annan forklaring på denne elendigheten. 

"Herre, miskunna deg over oss!"

Jesus har gjeve oss eit oppdrag som er langt større enn oss sjølve. Det kjenner me på. Å disippelgjera alle folkeslag er ei uoverkommeleg oppgåve ut frå våre naturlege føresetnader. Men her får me i det minste ein del av oppskrifta for å lukkast: kristen einskap. For når me demonstrerer at me elskar kvarandre, vil verda tru at Jesus er Guds Son, og at han kom frå Gud. 

Kjære gode Far i himmelen! Fyll oss med kjærleik til kvarandre og til den verda som du elskar, slik at folk ser deg i oss og slik at me saman gjer alt me kan for å nå fram til våre medmenneske med din kjærleik. Amen!