mandag 14. august 2023

Når kristne kyrkjer motarbeider Gud

 Me som er kristne står alle i fare for å motarbeida Gud. Det skjer kvar gong me bryt boda hans. Det skulle ikkje skje, men det skjer, og kvar gong er det noko som vert øydelagt.

Men når me innrømmer feila våre, kan Gud for Kristi skuld tilgje oss, og så kan me jo prøva å retta opp så mykje som mogeleg av den skade me har gjort.  

Men alt blir annleis når me ikkje lenger vil godkjenna Guds bod i Bibelen som Guds. Då ser me ingen grunn til å innrømma noko som helst, tilgjeving er irrelevant, og me finn heller ingenting å retta opp i.

Alle som annullerer Guds lover, motarbeidar Gud på ein langt meir alvorleg måte enn dei som bryt lovene og innrømmer skuld.

Guds reglar for samliv mellom kjønna har Guds kyrkje alltid sett på som gode, sanne og tenlege. Ekteskapet mellom mann og kvinne vart innstifta i Edens hage før syndefallet då Gud sa: «Difor skal mannen forlata far sin og mor si, og halda seg til kona si og dei to skal vera eitt kjøt.» Seinare la Gud ned forbod mot likekjønna samliv, og likekjønna ekteskap er difor ikkje ein gong eit tema i Bibelen.

Men for den kristne kyrkja i dag er det derimot blitt eit stort tema, ikkje lansert av Gud, men av dei homofile sine organisasjonar. Den norske kyrkja og Metodistkyrkja har begge endra syn. Begge kyrkjesamfunna aksepterer no likekjønna ekteskap, og det som Bibelen ser på som gale, ser desse kyrkjesamfunna på som rett. Slik er dei komen i konflikt med Bibelens Gud. Og sidan dei prøver å få folk til å tru at Gud i dag aksepterer det han på bibelsk tid la ned forbod mot, blir dei forføreriske, og streng er den domen som Kristus fell over dei som forfører menneska.

Det er mitt høgaste ønskje både for Den norske kyrkja og Metodistkyrkja ein dei ein dag vil venda om frå si ubibelske lære, sørgja over løgnene sine og søkja nåde og frelse ved foten av Kristi kross.  

Ingen har grunn til å setja seg på sin høge hest. Me er som kristne feilande, sårbare og påverkelege menneske. Utan Gud og hans nåde er me ingenting. Lett kan me koma til å påstå at Gud står for noko han ikkje står for, og lett er det for oss å teia still om saker og ting me veit er rett å snakka om, men som vil skapa vanskelege kjensler og reaksjonar i folk. Me er jo snille folk, og vil jo ikkje at nokon skal ha vonde kjensler. Men i møte med Gud er det umogeleg å unngå vonde kjensler når han påviser for oss at livskursen vår er feil, og at me vil gå fortapt dersom me ikkje tek sjølvkritikk og vender om til han og hans rettsoppfatning. Framleis kallar Jesus oss til å følgja seg, til tider gjennom svært krevjande terreng då det kostar meir å følgja han enn det smakar. Men ulikt alle andre vegar, er dette den einaste som fører fram, og det er eit viktig poeng.