Follow by Email

torsdag 30. september 2010

Avsløringa av Alberto Contador, og oss andre...


Så har det skjedd igjen. Vinnaren av Tour de France er vorten teken i doping, akkurat som tilfelle var for 5 år sidan. Det ser ut til at profesjonelle syklistar overgår alle i juks. Det er visst ingen ende på bedrageri i denne sporten. Nokre vert avslørt, men ingen av oss veit kor mange som kjem seg unna med dette her.

Det er naturlegvis svært skadeleg for sporten at den tiljubla vinnaren av verdas største og viktigaste sykkelritt vert teken for juks. No vert han truleg fråteken sigeren, men me som publikum sit att med ein flau smak i munnen. Korleis kan nokon jubla neste gong ein vinnar går i mål i eit sykkelløp?

Løgn, bedrag og korrupsjon er rotenskap i vårt menneskelege samliv, anten det føregår i sporten, i heimen, på arbeidsplassen eller i politikken. Og det florerer, skal me tru pressa. Trongen etter pengar og ære er så stor hos mange at dei lett korrumperer samvitet sitt for å skaffa seg fordeler. Ja, problemet er visstnok sterkt aukande, og det handlar om hundretals milliardar av kroner per år, dersom me ser på verdsbasis. Nokre gjer seg galant både til tjuvar og løgnarar for å sikra sine eigne interesser.

Opp mot alt dette strålar det heldigvis mange menneske med personleg integritet og høg moral. Den fremste av dei alle er Jesus Kristus. Han seier om seg sjølv: "Eg er Vegen, Sanninga og Livet, ingen kjem til Faderen utan gjennom meg." Johannesevangeliet 14:6.

Jesus talte som ingen før han eller etter han, og han levde eit fullstendig ueigennyttig liv, ja, han gav livet sitt som eit offer for juksemakarar som Contador, men også for alle oss som vel ikkje har "drite på draget" som han, men som slett ikkje alltid har vore gjennomgåande ærlege heller. Bibelen seier: "Alle har synda og står utan ære innfor Gud," Romerbrevet 3,21, og i vers 4: "kvart menneske er ein lygnar" og i vers 10: "det finnst ikkje èin rettferdig, ikkje ein einaste, ikkje èin som søkjer Gud.!"

Kva krev Gud? At me er fullkoment ærelege i alle livsens saker, og at me stolar på han og elskar han over alle ting og vår neste som oss sjølve. Truande, ærlege og varme menneske. Lever me ikkje opp til idealet, blir me dømt skuldig.

Contador treng å bli frikjent. Det blir ikkje lett. Er A og B prøva positiv, blir han domfelt. I denne bransjen er det ingen nåde for syndarar, og det bør det heller ikkje vera. Her er det tillit som tel.

Du og eg treng også å bli frikjent. Det er også i Guds interesse. Men det var ikkje lett for han å etablera ein gjeldssanneringsordning, men han gjorde det likevel. Det kosta han Sonen sin. I Johannesevangeliet 3:16 les me desse vidunderlege orda: "For så elska Gud verda, at han gav Sonen sin, den einborne, forat kvar den som trur på Han, ikkje skal gå fortapt, men ha evig liv."

Her er det også tillit som tel. Ikkje den tilliten som Gud måtte ha til deg, men den tilliten du måtte ha til han. Trur du på han, har du vunne hans hjarta og då har du det evige livet.