lørdag 19. oktober 2024

Når språket smuldrar

Språket har til oppgåve å beskriva røyndomen for oss på ein mest mogeleg sann måte. Dersom ikkje det me seier er sant, kommuniserer me på falske premissar. Me forvirrar i staden for å opplysa.

Medviten falsk språkbruk for å oppnå eit ønskja resultat, kallar me propaganda. I den politiske og kulturelle debatten er dette regelen i dag meir enn unnataket.

Oftare og oftare høyrer me til dømes at Israel driv med folkemord i Gaza.

Folkemord skjer, i følgje «FN-konvensjonen om folkemord», når ei gruppe menneske har som mål å utrydda ei anna. Me såg det i Tyrkia under første verdskrigen då muslimske tyrkarar målretta drap 2 millionar kristne armenarar og assyrarar, og under andre verdskrigen då tyske nazistar drap 6 millionar jødar og 3 millionar romfolk. DET var folkemord. Men sivile drepne i krig mellom hærar er ikkje rekna som folkemord, sjølv om det er gale nok. For all del.

Så til neste sak: I spørsmålet om å utvida grensa for sjølvbestemt abort frå 12 til 18 veker, høyrer me enno ein gong slagordet: «Kvinna må ha rett til å bestemma over sin eigen kropp». «Min kropp, mitt val!» Men det er tilslørande språk. For om det er sant at kvinna har denne retten, så har ho ikkje automatisk rett til å bestemma over barnet sitt sin kropp. Her blir språket brukt på ein måte som skal få folk til å tenkja at eit foster er ein del av kvinna sin kropp, noko som lett påviseleg ikkje er sant. «Rett til å bestemma over eigen kropp» er rett og slett rein propaganda.

Dette blir veldig tydeleg når me tenkjer oss kva som vil skje dersom ei kvinne oppsøkte ein lege med krav om å få fjerna blindtarmen utan at det var noko gale med han. Ho hadde blitt sendt rett heim med uforretta sak. Ei kvinne kan nok bestemma om ho vil tatovera kroppen sin, men ingen vil fjerna ein frisk blindtarm eller ein fullt brukbar finger, sjølv om ei kvinne måtte ønskja det, og desse organa påviseleg er hennar eigen kropp.

Ei kvinne veit jo innmari godt at det ikkje er ein del av hennar eigen kropp ho fjernar når ho vel å avbryta eit svangerskap. Det finst jo ikkje eit einaste mentalt friskt menneske som vil fjerna eit friskt organ på sin eigen kropp.

Abortsaka er betent. Eg veit det. Og akkurat difor må me snakka om henne. I dag brukar helsevesenet nyordet «reproduktiv helse» om saka. Det høyrest positivt ut, men er ikkje denne formuleringa  i røynda ei kvitvasking av ein blodraud røyndom? «Reproduktiv helse» er rett og slett språkleg avleiing.

I dag vert det snakka om «kjønnsmangfald» som om det er opplese og vedteke at det finst fleire kjønn enn dei to me alltid har levd med, og som må vera der om slekta skal vidareførast. Kan språk skapa røyndom? Ikkje i det faktiske livet, men så til dei grader inni hovuda på folk. I dag går den politiske eliten fremst i kampen for å få folk til å tru at det eksisterer mange ulike kjønn, noko som er ein rein fiksjon, og dei krev av alle oss andre at me skal ha dei same meininga som dei i denne saka. Det har med «modernitet» å gjera, seier kulturminister Lubna Jaffery.

Slik kan me ta døme etter døme på språkleg oppløysing, noko som diverre ikkje er noko anna enn løgn.

Sanninga kan stundom vera vond. Andre gongar forløysande. Tidvis keisam. Men me må tilstreba oss i all debatt å bruka ord og uttrykk som er sanne dersom verda skal gå framover. Det er ein tankekross at slagorda ser ut til å sigra berre mange nok seier dei høgt nok lenge nok.