mandag 19. juli 2021

Menneskerettane og den kristne trua, del 4. Artikkel 5

 "Ingen må utsetjast for tortur eller grusom, umenneskeleg eller nedverdigande behandling eller straff!" 

Tortur er å påføra smerte i den hensikt å skaffa seg opplysningar om tredjeperson. Det høyrer også med til tortur å truga med å utsetja slekt og vener for overgrep om ein ikkje fortel det overgriparen ønskjer å høyra. 

Tusenvis av menneske vert torturerte kvar einaste dag. Amnesty International har registrert bruk av tortur i 141 av verdas land. Det er eit høgt tal, og land med tortur er ofte folkerike diktaturstatar som Kina. Over halvparten av verdas menneske bur i land der tortur er vanleg praktisert. Sjølv om Kina og alle andre land som driv på med dette har ratifisert Menneskerettsfråsegna, bryt dei henne systematisk utan at nokon stiller dei til ansvar. Kristne og andre religiøse minoritetar i Kina er dagleg utsette for dette, og i særleg grad gjeld det dei muslimske uighurane nord i Xinxiang-provinsen. 

Kristne og opposisjonelle  i Iran vert i stor grad utsette både for tortur og nedverdigande og skadelege soningstilhøve. Dei får gjerne lite mat og vatn, kvinner blir utsette for valdtekter, blir dei sjuke blir dei nekta tilsyn av lege, cellene er gjerne utan vindauga og det psykiske presset mot dei er massivt. 

Som kristne kan må me søka informasjon om denne type urett, og læra oss å protestera kraftfullt. Her er det ingen fridom og tryggleik som me las om i artikkel 3, berre tvang og redsle. 

lørdag 10. juli 2021

Menneskerettane og den kristne trua, del 3

 Menneskerettsfråsegna artikkel 4 seier:  "Ingen må haldast i slaveri og trældom. Slaveri og slavehandel i alle former er forbode!" 

Dette er altså internasjonal lov. Likevel reknar ein med at det er fleire slavar no enn nokon gong i historia, nærare bestemt rundt 40 millionar. Dette er menneske i Europa som på tvers av landegrenser vert utsett for sosial dumping (også i Noreg, Global Slavery Index reknar med 9000 slavar i Noreg), kvinner som er sexslavar i Thessaloniki, Amsterdam og andre europeiske byar (også norske), anleggsarbeidarar i Dubai, kvinner som jobbar som "hushjelper" i rike arabiske oljeland og blir fråtekna passa sine og utnytta både økonomisk og seksuelt, barn som jobbar i tekstilindustrien i søraust-Asia, flyktningar frå Syria, Irak og Iran som jobbar på fabrikkar i Tyrkia, folk som flyktar frå eitt afrikansk land til eit anna endar også fort opp i slaveri. Gjeldsslaveri er også eit vanleg fenomen i verda i dag. I tillegg veit me at kinesiske styresmakter tek organ frå uighurar  som dei har internert i "omskuleringsleirar", og sel organa på ein svært luguber verdsmarknad. Kristne skulejenter vert kidnappa av islamistar i Nigeria og brukt som sexslavar, kristne jenter som vert kidnappa og tvangsgifta med muslimske menn i Pakistan, lista er forferdeleg lang. 2021 er karakteristisk nok blitt av FN utropt til "Det internasjonale året for eliminasjon av barnearbeid". 

Det var metodisten William Wilberforce som gjennom mange tiårs kamp (frå 1790-talet til 1832)  i det engelske parlamentet som først fekk kjempa gjennom eit forbod mot slavehandel i engelske koloniar. Han var sterkt motivert av det kristne evangelium som legg så stor vekt på menneskeverd og personleg fridom. 

Då Abraham Lincoln fekk avskaffa slaveriet i USA, var han også motivert av kristendomen. Det måtte ein borgarkrig til, men han vann fram. 

No er det tid for ny kamp mot det uverdige slaveriet som er så utbreidd  i denne verda. Og det skjer heldigvis ting. ILO, FN og mange organisasjonar jobbar mot dette svineriet, samt nokre kristne organisasjonar og kyrkjelydar. 

Kampen mot slaveri legg innafor kristendomens kjerneområde, og burde vore lett å engasjera seg i for kristne. 

fredag 9. juli 2021

Jesus og Det gamle testamentet

 

Å setja Jesus opp mot Det gamle testamentet (GT) slik som Øystein Johnson gjer i Dagen 7. juni, er ganske meiningslaust når me les det som står om GT i Det nye testamentet (NT). I eitt og alt blir GT i NT omtalt og sitert med den største respekt. Tallause sitat av Jesus fortel oss at han såg på GT som ei autorativ bok. Ingen stader kritiserer han Skriftene. Snarare stadfester han dei. Han seier at «Skrifta kan ikkje gjerast ugyldig» (Joh.10,35), og at «ikkje ein tøddel av det som står i lova skal forgå» (Matt.5,18). Og den skriftlærde Paulus siterer og forklarer GT. Men me finn aldri spor av kritikk av Skriftene hos han heller. Nei, tvert om: han kallar Skriftene for heilage, og han skriv at dei «kan gje visdom til frelse ved trua på Jesus Kristus.» 2.Tim 3,16. Det samsvarar jo også med det Jesus seier i Joh.5,39 der han poengterer at 1) Skriftene gjev liv, og 2) Skriftene vitnar om Han.

Og Peter er også like tydeleg på dette. Han skriv i sitt andre brev kapittel 1 vers 19 at det profetiske ordet er som ein lampe som lyser på ein mørk plass til dagen gryr og morgonstjerna går opp i hjarto våre. Det er GT han skriv om, og han skriv at dette ordet står fast hos dei, dvs. hos dei første kristne.

GT var dei første kristne sin einaste bibel, og ettersom Jesus vart sanna som HERREN, og det var HERREN som talte i GT, såg dei GT som Jesu eigne ord.

Korleis skal me så vurdera alle valdshandlingane i GT opp mot fredsbodskapen i NT?

Vel, det er ein kunstig og oppkonstruert problemstilling.

Den miskunnsame Gud openberrar seg gjennom heile GT. Og den vreide Gud openberrar seg gjennom heile NT.

Men det er ein ulikskap. I GT var Israel Guds domsreidskap på jorda overfor dei folka som stod Gud og hans planar i mot. Den funksjonen har ikkje lenger Israel, ei heller kyrkjelyden. For Jesus seier i Joh.5,22 at «Far dømmer ingen, men han har overlate all dom til Sonen!»

No er det JESUS som har domsmakta.

Det første han gjorde med denne makta var å ta all Guds dom over verdas mange synder på seg sjølv, sona straffa på vegne av alle og opna ein veg til Gud for verdas folkeslag.  Konsekvensen er at ingen ytterlage dom blir felt før dette evangeliet om riket er forkynt som eit vitnemål for alle folkeslag.

Men så kjem domen der alle menneske som ikkje har trudd på Sonen, og som ikkje bøygd seg for Guds openberring vil bli synte bort til den evige elden som Gud frå først av har etla åt djevelen og hans englar, som Jesus uttrykkjer det i Matteus 25. Denne domen, som stadig fleire kristne leiarar anten fornektar eller tonar ned, er omtalt over alt i NT, og den som snakkar mest om domen er den milde Jesus. Då skjønar me at dette ikkje er ein mindre viktig ting å snakka om i den kristne kyrkje. Det er eit svik mot menneska å tona dette ned, det er som ein lege som ikkje vil offentleggjera ein kreftdiagnose for ein pasient fordi det er så vanskeleg både å snakka om og høyra om. Me skjønar i alle fall at DET er livsfarleg.

onsdag 7. juli 2021

Menneskerettane del 2


FN ratifiserte denne universelle fråsegna 10.desember 1948.

I forgårs omtalte eg artikkel 3. I dag hoppar eg attende til artikkel 1 og 2 som utgjer fundamenta for dei 27 rettane som følgjer. For det første: Artikkel 1 framstiller alle menneske som "brør", og slår fast at alle er pliktige til å oppføra seg mot kvarandre som søsken, dvs handsama kvarandre i kjærleik. Kor kjem denne tanken frå? Bibelen. Skal det vera meining i å snakka om ein "brorskap" mellom alle menneske, må dette botna i eit felles farsskap. Den einaste plassen der me finn at alle menneske har eit felles opphav er i Bibelen. Der blir det poengtert at alle stammar frå Adam og Eva, og dei to er skapt av Gud i ei eiga suveren skaparakt. Og ikkje berre det: Han skapte dei i sitt bilete for å vera hans representantar overfor resten av skaparverket. Me skulle vera som han mellom våre medskapningar. Det at me er skapte i Guds bilete løftar kvart einaste menneske til dei store høgdene. Me er blitt gjort "lite ringare enn Gud" som me les i Salme 8. 

Artikkel 2 slår fast at alle menneske har same verdi uavhengig av kjønn, hudfarge, religion, politiske haldningar eller kva det skal vera. Kor kjem dette frå? Frå Bibelen. Den første som slo ettertrykkjeleg fast at alle menneske, jødar, grekarar, kvinner, menn, barbarar, slavar og frie, har same verdi, var apostelen Paulus. I Galatarbrevet presiserer han at alle er inkludert i Guds kjærleik, alle er inkludert i Kristi frelsesverk og alle blir Guds barn ved å tru på Jesus. Her stiller alle likt. Galatarbrevet blir kalla Bibelens Magna Carta, det store fridomsbrevet, og Menneskerettsfråsegna hadde vore komplett umogeleg utan føringane som Bibelen har gjeve oss på dette som handlar om det absolutte menneskeverd. 

Magna Carta, det store fridomsbrevet frå 1215 som sikra den engelske adelen grunnleggjande rettar overfor den engelske kongen. Det var eit langt steg mot demokrati i Europa. 



mandag 5. juli 2021

Menneskerettane del 1

Når det er snakk om menneskerettar i våre dagar blir det ofte referert til rettar som seksuelle minoritetar har, dette trass i at ikkje èin einaste av dei 30 artiklane i Menneskerettsfråsegna handlar om seksuelle minoritetar. Det syner seg at sjølv om mange snakkar om menneskerettar, er det få som veit kva Menneskerettsfråsegna inneheld, så dei næraste dagane vil eg gjerne skriva litt om denne fantastiske teksten som alle bør kunna utanåt. 

Omtale av dei ulike rettsområda startar i artikkel 3. Artikkel 1 og 2 er skrivne for å sikra at alle rettane i artikkel 3-30 gjeld absolutt alle menneske utan unnatak.

Artikkel 3 seier: "Ein kvar har rett til liv, fridom og personleg tryggleik!"

Retten til liv er den mest grunnleggjande av alle rettar. Det er sjølvinnlysande. Det er jo berre den som lever som kan nyta fridom og personleg tryggleik. 

Retten til liv er ikkje avgrensa til fødde menneske, men omfattar ufødde. Menneskerettsfråsegna vart ratifisert i 1948, og då hadde ikkje kvinnene rett til å ta abort rett og slett fordi det kolliderte med fosterets rett til liv. Abort var då forbode i alle land. På den tid var altså ufødde barn inkludert i "ein kvar". Ut frå dette kan me trygt slå fast at sjølvbestemt abort er krenking av FN si Menneskerettsfråsegn. 

Retten til liv er også viktig for mange flyktningar sidan dei kjem frå områder i verda der eit menneskeliv ofte er lite verd, og styresmaktene driv med utanomrettslege avrettingar, dvs dei avlivar menneske utan rettsprosessar. Det skjer i mange land at opposisjonelle berre blir borte, eller blir funne myrda. Ikkje minst har me sett mange dømer på dette  i Russland. 

Kva retten til fridom betyr blir utdjupa i mange artiklar utover i fråsegna. Me les om religionsfridom, ytringsfridom, organisasjonsfridom og mykje meir. 

Retten til personleg tryggleik er viktig. Eg møter så mange redde flyktningar. Dei veit at blir dei sende attende til heimlandet sitt, ventar det arrestasjonar og vilkårlege rettsprosessar, eller det som verre er. Retten til personleg tryggleik må løftast fram i våre dagar då styresmaktene er så ivrige etter å senda folk ut av landet som dei meiner ikkje har rett på vern etter dei krav som Flyktningekonvensjonen fastset. Vel, Noreg er mellom dei strengaste landa i si tolking av Konvensjonen, og det er slett ikkje sikkert at det er våre styresmakter som tolkar denne teksten rett.  

lørdag 3. juli 2021

Regjeringas konverteringsforbod

Regjeringa har sendt ut på høyring eit lovforslag om å forby "konverteringsterapi", kva no enn det måtte vera, på barn og unge fram til dei er 18 år. Inntil den tid skal ingen kunna yta hjelp til eit ungt menneske som ønskjer å endra seksuell legning, og forbodet går tydelegvis så langt at ein sjelesørgjar ikkje ein gong kan be om at eit ungt menneske skal få styrke til å leva etter Guds heilage ord på det seksuelle området. Slik nærmar me oss no det som dei gamle truande kalla ein "vedkjenningssituasjon" der sivil ulydnad er den einaste farbare veg, med alt det som måtte koma av bøter og fengsel. 

Men det interessante med dette lovforbodet er at det gjeld 100% sikkert ikkje for alle, men tydelegvis berre for kristne sjelesørgjarar. For dersom ei jente på 11 år ønskjer å byta kjønn og bli ein gut, går helsevesenet meir enn gjerne i gong med SIN konverteringsterapi, og gjev barnet pubertetsblokkarar med tanke på framtidige kirurgiske inngrep. 

Her står me overfor ein stor inkonsekvens som eg vanskeleg kan sjå at me kan leva med i lengda. For dersom barnet er for sårbart til å ta imot forbøn med tanke på endring av legning, må det vel vera minst like sårbart med tanke på terapi for å endra kjønn. Det er innlysande. 

Det står klårt for meg at dette lovforslaget er lite gjennomtenkt. Og enno mindre gjennomtenkt er det som no vil koma frå AP, SV og MDG som vil leggja ned totalforbod mot konverteringsterapi. Då må jo dette forbodet gjelda for alle, og ikkje berre for èi gruppering i samfunnet. 

Ei nyleg utgjeven bok der Anette Trettebergstuen er medforfattar, ber tittelen: "Vil du bli homo?" Med atterhald at eg ikkje har lese boka, vil eg likevel spørja: Korleis kan ein hetero bli homo når ein homo ikkje kan bli hetero? 

Det ser ut til at Trettebergstuen altså er villig til å tilby hjelp til heterofile som vil bli homofile , men ho vil forby same "terapien" til homofile som har lyst til å bli heterofile. Dette heng ikkje i hop i det heile tatt, og det ser ut for meg som om alle partia må gjennomtenkja dette lovforslaget ein gong til før det hamnar i Stortinget. 

Dersom ikkje må me løfta fram at det må vera likskap for lova, og forbodet mot å behandla barn og unge (eventuelt alle) med tanke på endring av legning eller kjønn, må råkast av same forbodet.