Follow by Email

tirsdag 8. desember 2009

Førebuing


Barak Obama kjem til Noreg for å ta imot Nobels fredspris. Det har me alle fått med oss. I mange veker har folk i Oslo førebudd seg på besøket. Alt må vera klart når presidenten set føtene sine på norsk jord. Då må alt vera i orden slik at me kan ta imot han med ære.

Snart kjem Jesus Kristus tilbake til vår jord. Gud har ein timeplan for dette: når evangeliet om hans rike er forkynt som eit vitnemål for alle folkeslag, då vil enden koma, og Jesus Kristus kjem att for å døma levande og døde. Guds misjonsplan er i desse dagar i ferd med å bli oppfylt, og dermed også hans timeplan. Jesus kjem snart, og me må bu oss skikkeleg slik at me kan ta imot han med ære.

Når Jesus kjem, skal han setja føtene sine på Oljeberget, og han skal samla nasjonane før å dømma dei. Dei som har gjort godt skal gå inn til livet, og for dei som har gjort vondt ventar den evige død.

Alle må no bu seg på å møta Jesus med ære. Det skjer ved å venda seg bort frå einkvar form for vondskap og be Gud om nåde, han som for Kristi skuld meir enn gjerne tilgjev oss alle våre synder om me berre vil innrømma og beklaga dei.

Eg vil ynskja deg lukke til når du søkjer Gud. Må du finna han som elskar deg så høgt.

lørdag 5. desember 2009

Den gode gjetaren


Me er som vergelause sauer. Derfor treng me ein god leiar som både kan verna oss og føra oss framover mot gode mål. Jesus Kristus er ein slik leiar. Han kallar seg sjølv for den gode gjetaren som samlar oss og hindrar oss i å orientera oss i kvar vår retning. Likevel er det alltid nokre som klarar å rota seg bort frå han. Det er krise. For den som lever utan kontakt med Jesus er eit svært fattig menneske, og kan aldri leva i Guds plan, ei heller nå Guds mål som er himmelriket.

Den som tillitsfullt har slutta seg til Jesus manglar ingenting, i alle fall ingenting av sann verdi. Jesu vener er veldig fornøgde folk. Akkurat som små barn ved mors bryst. Sjølv om dei må gå gjennom krisetider der døden og trugar. Då erfarer dei Jesu gode nærvær meir enn nokon gong. Han er faktisk ekstra nær og oppmerksam når livet vert vanskeleg. Då kan han anten føra oss trygt tilbake til livet, eller han fører oss heilt gjennom og inn i himmelen.

Å tru på Jesus handlar om å overgje seg til han og følgja han, nett som sauen følgjer gjetaren. Gjer du det, vil du alltid bli ført på rett veg. Lukke til med det, og ha ei strålande helg.