onsdag 15. mai 2024

Er islam ein tolerant fredsreligion?

 Mange av verdas kristne kyrkjer opplever det ikkje slik.  Og då snakkar eg i hovudsak om kyrkjer i land der islam er den største religionen.

Lat oss starta i Egypt. 23. april gjekk muslimar til åtak og sette fyr på kristne heimar i landsbyen Al-Fawakher i Minya-provinsen  i Øvre Egypt fordi dei hadde høyrt rykte om at det skulle byggjast ei kyrkje der. Den 26.april øydela ein mobb  grunnmuren og kloakksystemet til ei kyrkje som var under bygging i Al-Kom Al-Ahma, ein by i same provinsen. Dette melder nettstaden stefanus.no. Dei 8 millionar koptiske kristne i Egypt utgjer urbefolkninga i landet. Desse blir stadig utsette for ulike former for forfølging eller diskriminering.

I Algerie er 99% sunnimuslimar. Sidan 2019 har styresmaktene stengt 43 kristne kyrkjer fordi dei har funne ut at dei er «helsefarlege og utrygge». Klårt fabrikkerte grunnar for å eliminera ei aukande interesse for den kristne trua i landet. Parallelt blir kristne leiarar arresterte. I juli 2023 vart til pastor Youssef Ourahamane i Emmanuelkyrkja dømd til to år i fengsel og 100000 denarar i bot for «illegal tilbeding». Og i 2021 vart Hamid Soudad dømd til fengsel i fem år for å ha offentleggjort ei teikning av profeten Mohammed på eit nettforum. Etter press frå m.a. Alliance Defending Freedom, ei gruppe menneskerettsadvokatar i Austerrike, vart han imidlertid sett fri i 2023.

Iran er eit shiamuslimsk land der det er forbode for folk å konvertera frå islam og til kristen tru. Laleh Saati vart kristen og døypt medan ho budde ei tid i Malaysia. Då ho kom attende til heimlandet, synte det seg at styresmaktene hadde fått tilsendt bilete frå dåpen hennar. No er ho dømt til to år i fengsel.

I den islamske republikken Pakistan skal det lite til for å bli arrestert og dømd for blasfemi. I eit fengsel i Lahore sit Imran Rehman, ein katolsk mann på 32 år og ventar på at saka hans skal koma opp for retten. Han risikerer å bli dømd til døden eller livsvarig fengsel for å ha skrive noko kritisk om islam på WhatsApp. Blasfemilovene i landet er uvanleg strenge, og råkar minoritetar med øydeleggjande kraft. Kristne, bahaiar og amadhiah-muslimar er særleg utsette grupper.

Slik kunne eg halda fram i det uendelege. Så lenge muslimar er i mindretal i eit land, legg dei stor vekt på toleranse og fred mellom religionar og folkegrupper. Men blir dei i fleirtal, endrar dette seg på grunnleggjande vis. Då blir ytringsrommet og fridomen for minoritetar kraftig redusert. Det er grunn til å tru at me i aukande grad vil sjå at dette også skje i Europa og USA framover. I England er det t.d. alt no 130 shariadomstolar og 50 shariaråd i funksjon i områder dominert av muslimar. Dette er ikkje straffedomstolar, men institusjonar som avgjer mange sivile tvistemål mellom muslimar, eit parallelt juridisk system til det vanlege engelske.

Alle land i verda der dei grunnleggjande menneskerettane vert respekterte har ein ganske lang kristen historie. Å kombinera islam med sant demokrati er tydelegvis i beste fall svært vanskeleg. Det må sjølvsagt vera plass til islam i vårt samfunn, men me må forstå at blir denne religionen for dominant, vil det det bli mindre fridom og meir tvang. Kombinert med den nye kanselleringskulturen går me spanande tider i møte. Eg er overtydd om at det einaste som kan stoppa ei slik negativ utvikling er at me pussar støv av biblane våre, les oss opp på Guds tankar om personlivet og samfunnslivet, og let oss regulera av hans gode bod. Det gjeld både den enkelt av oss og politikarane våre.

torsdag 9. mai 2024

Juss mot pornografi

Delstaten Alabama USA innfører frå 1.oktober ei lov som set aldersgrense for å kunna konsumera pornografi på nettet. Alle som skal inn på slike sider må då identifisera seg. Dette melder nettstaden lifesitenews.com.

Målet er ikkje berre å verna barn og unge frå alle dei skadeverknaden som pornografi har på den psykiske helsa deira, men heile samfunnet mot dette.

·       Den nye lova krev av nettsider som distribuerer slikt innhald om å registrera seg, verifisera alderen på brukarane sine og merka innhaldet som skadeleg. Ein tekst skal pryda skjermen som  seier at innhaldet hindrar utviklinga av hjernen hos barn og unge, fører til avhengigheit, låg sjølvtillit, forvrengt kroppsbilete og kan føra til eteforstyrringar og mentale sjukdomar.

Bakgrunnen for vedtaket er naturlegvis at ein har sett ei oppblomstring av dei nemnde skadeverknadane hos barn og unge etter at internett gjorde tilgangen til pornografi enkel. Det blir kalla ei helsekrise.

I Utah og Virginia er slike lover alt sett i kraft, og Florida arbeider med å få det til.

I ein rapport presentert i The Journal of Nervous and Mental Disease blir det synt til klare funn av stress, angst og depresjon hos barn og unge som sterkt vert relatert til konsum av pornografisk innhald. Det vert også påvist forstyrringar i utvikling av sunne og varige sosiale relasjonar samt til fleire tilfelle av kjønnsinkongruens. Forfattarane av rapporten ottast at dei unge som vert råka kan dra problema med seg vidare i livet, og at me om nokre år står overfor eit omfattande helseproblem også hos vaksne.

Her i landet vart det registrert ein eksplosiv auke av søk på pornografiske nettsider under koronapandemien då skulane var stengde ned, og elevane sat mykje heime.  Det er vel grunn til å tru at stoda i Noreg er ganske lik den i USA, og at nokre av dei nye helseproblema me ser veks fram mellom barn og unge i dag skuldast høgt konsum av pornografi, og på nettstaden Terapivakt, blir fenomenet omtala slik: 

Pornoavehngighet påvirker mange av de eksterne faktorene i livet, som familie, nære relasjoner, arbeidsliv, økonomi og lignende. I tillegg kan det gå ut over sin egen psykiske og fysiske helse. Ved overdreven bruk av pornografi glemmer man ofte tiden, og man glemmer å ta vare på seg selv.

I tillegg peikar nettstaden på skam, isolasjon, tomheitskjensle, lågt sjølvbilete, løgnaktig livsstil og samlivsbrot, og at den det gjeld får ei kjensle av å mista seg sjølv.

Dersom det er mogeleg å hindra at barn og unge får tilgang til pornografisk innhald på nett, og det ser det altså ut til å vera, bør saka opp på den politiske dagsorden også her heime. Difor vil eg utfordra dei politiske partia i Noreg om å ta initiativ for å innføra tiltak som skjermar barn og unge mot slikt skadeleg innhald, og søka hjelp hos amerikanarane for å læra korleis dette kan gjerast i praksis.