fredag 25. januar 2013

Gud syner veg

"God og rettvis er Herren, difor viser han syndarar vegen!" Salme 25,8

Bibelen lærer oss at me i utgangspunktet alle er bortkomne syndarar. Me har rota oss bort frå Gud og hans plan med liva våre, og det er akkurat kva ein syndar er, ein person som er komen ut av kurs og er på veg mot feil mål. I Jesaja 53,6 les me om oss menneske at me fòr vilt som sauer, me vende oss kvar til sin veg. Slik går det gjerne med sauer når ulven spreier flokken. Og det er lett å sjå at det er slik i menneskelivet. Det er eit mylder av religionar og livsmønster i verda. Folk trur på mange ulike gudar og religiøse system, og andre trur ikkje på noko i det heile tatt, i alle fall  ikkje på noko anna enn det dei kan sansa. Det er stor dårskap, men slik er det. Frå vår synstad som kristne ser det ut til at folk gjer alt dei kan for å koma seg bort frå den einaste sanne, levande Gud, han som er kjelda til alt godt.

Kvifor er det slik? Fordi synda har ete seg inn i liva våre, snudd tankane våre frå Gud, ja, mot Gud, og gjort oss sjølvopptekne, skrytande, smalspora, introspektive, innbilske og sjølvrealiserande, medan me er skapte for å æra og elska Gud over alle ting, realisera hans planar med verda og elska våre medmenneske som oss sjølve, og overlata alt ansvar for våre eigne liv til han som er vår Far.

Men me tapte han av syne, gløymde han, vart våre eigne gudar og for å sikra våre eigne liv begynte me å lyga, stela og drepa.

Men Gud slutta aldri å elska oss. Han er god og rettvis, og han viser oss vegen attende til seg og den evige lukka som me berre kan få hos han. Ja, han ikkje berre viser oss vegen. Han sendte oss ein frelsar, Jesus Kristus, sin eigen Son, og Jesus sa om seg sjølv: "Eg er vegen, sanninga og livet. Ingen kjem til Far utan gjennom meg!" Og det må bety: Ved å tru på Jesus og følgja han, kjem me alle til Gud, både fordi Jesus ER Gud, og fordi han fører oss til Gud. Det går frå godt til betre og frå betre til best.

Har Gud fått nått deg med sitt ord? Har han fått opplyst deg med sin Ande? Har du sett din fortapte stilling? Har du sett djupna i det som er di synd? Har du nokon gong skamma deg over alt i livet ditt som ikkje er motivert ut frå tillit til Gud og kjærleik til dine medmenneske? Har du sett kor omfattande løgnene dine er? Har du fortvila over deg sjølv? Har du ropt til Gud om frelse?

Skal du bli frelst må du læra deg å avsky dei uoppgjorte syndene dine og kvitta deg med dei same kva det
måtte kosta deg. Gud tilgjev oss syndene våre når me vender oss bort frå dei. Dersom du vil leva med syndene dine, må du nok finna deg i å leva utan Gud, for Gud vil nemleg ikkje leva med syndene dine. Trass alt måtte Jesus døy på krossen for at du skulle kunna bli reinsa frå all denne uretten, og dersom du ikkje let deg reinsa, trekkjer Gud seg unna deg. Det er dette det står om.

Gud er god og rettvis, og han viser syndarar vegen, vegen til omvending, tru og nytt liv med Jesus på innsida.

Kjære Herre Jesus! Du er Guds einborne Son som gav livet ditt til soning for alle våre synder. Du tilgjev oss og reinsar oss når me kallar på deg og vender om til deg av heile vårt hjarta. Hjelp oss dagleg å seia nei til oss sjølve, ta avstand frå  løgn og egoisme og tru på deg i alle ting, både når det gjeld vår frelse og vår velferd. Du betalte for vår evige lukke med ditt eige blod. Me lovar og ærar deg for det. Hjelp oss å gjera deg kjent for syndarar me møter på vår veg, slik at du kan opplysa dei og visa dei vegen til evig liv og lukke. Gje oss Anden slik at me alltid har din autoritet, din varme og di kraft med oss ut i kvardagen. Amen!



Ingen kommentarer: