tirsdag 27. desember 2011

Fylt av Kristus

"For av hans fullnad har me alle fått, og det nåde over nåde." Johannes 1,16.

Dette verset lærer oss at Gud er raus. Han gjev oss ikkje eit åndeleg eksistensminimum å leva på, nei han FYLLER OSS MED JESUS. Og det gjeld ikkje berre nokre få heldige kristne som er på rett plass til rett tid, nei, Kristi fullnad er fritt tilgjengeleg for ALLE frelste. Alt er nåde. Nåde over nåde, dvs dagleg ny nåde. Ingenting er av forteneste eller pga åndelege øvingar av eitt eller anna slag. Guds fullnad kjem med Guds nåde ser det ut for. 

I Efesarbrevet 3,19 er dette enno nærare forklart: den som kjenner Kristi kjærleik, blir fylt med heile Guds fullnad. Så handlar det for oss om å leva i Guds nåde. Der er Kristi fullnad å henta. Ingen andre plassar.

Likevel: det er ein link til den kristne fellesskapen her. Breidda, lengda, høgda og djupna i Kristi kjærleik fattar me SAMAN MED ALLE DEI HEILAGE, Ef, 3,18.

Kyrkjelyden er den arenaen som Jesus Kristus trivest best på. Å løysa seg frå fellesskapen er ingen suksessfaktor i kristenlivet. Den som det gjer opplever tilbakeslag på alle områder.

mandag 26. desember 2011

Herrens herlegdom

”Og me såg herlegdomen hans, den herlegdomen som ein einboren Son har frå Far sin, full av nåde og sanning.” Johannes 1,14 b

Me møter Herrens herlegdom gjennom heile Bibelen, anten i form av det lyset som går ut frå Gud, eller ved at hans makt, godleik og venleik på ein eller annan kjem til syne gjennom hans gjerningar. Herrens herlegdom strålte rundt englane som synte seg for gjetarane på Betlehemsmarkene. Det endra hjarto deira. Seinare fann dei barnet i krubba. Det fysiske lyset var ikkje der, men med fornya hjarto kunne sjå dei Guds herlegdom i augo åt den vesle.

Herrens herlegdom vert openberra gjennom Jesu undergjerningar (Johannes 2,11). Alle som får  hjarto sine forvandla  av Gud ”ser” hans herlegdom i det mirakuløse, og dei gleder seg. For alle andre er undera berre til forarging. 

Når Herren openberrar herlegdomen sin, vert alt anna borte for folk, og det er vanskeleg å snakka, og når ein snakkar, snakkar ein om Herren og det som har med han å gjera. Ein vert fanga, som nokre vert det av vakre bygningar eller kunstverk.  Å koma attende til ”kvardagen” kan opplevast som ein nedtur. 

Enkelte menneske har ”karisma”. Dei har ei utstråling som fyller rommet som dei er i. Nelson Mandela er ein slik. Han treng ikkje seia noko for å prega miljøet. Alle merkar nærværet hans, og han løftar folk berre ved å vera til stades. Dette er også ein del av Herrens herlegdom som fyller heile jorda. Kven får dette preget? Dei som er blitt prøvd og som har stått sin prøve, folk som snakkar og lever med substans,  folk med høgare mål enn dei trivielle, folk med karakter. 

I dette gjekk Jesus alle ein høg gong. Han hadde ei enorm utstråling. Guds kjærleik  og makt gjekk ut frå han og dreiv folk til Far. Han lækte dei sjuke og sette fri alle som var bundne av djevelen.  Livet hans lyste sterkt, og dei som var saman med han opplevde det ekstremt utfordrande. For nokre vart det for mykje av det gode. Dei fekk han drepen. 

Men ingen plassar kom hans herlegdom klårare fram enn på krossen då han midt i namnlaus pine bad for bødlane sine, tok ein røvar med seg til Paradis og så fint tok vare på mora si framtid. Og berre det faktum at han ikkje braut av dødsprosessen,  men fullførte det han var komen for, fortel om ein kjærleik til oss og ein karakter heilt  utanom det vanlege. Dette har nokre av oss sett, og det har forvandlar liva våre. Ingen over Jesus, ingen ved sida.

søndag 25. desember 2011

Og Ordet vart kjøt og tok bustad mellom oss

Overskrifta er frå Johannesevangeliet 1,14.

Det er første juledag, og me feirar under over alle under. C.S Lewis skriv i boka si "Mirakler": Det at Gud vart menneske utan å slutta å vera Gud, er det store miraklet  i vår historie. Det er vanskeleg å setja ord på dette, men det at den uavgrensa vart avgrensa, den mektige avmektig, den store liten, Herren ein tenar, det er fenomen som går høgt over vår menneskelege forstand. Det er guddommelege saker.

I teologien er det viktig å halda styr på paradoksa. Eit paradoks er to utsegner om ein og same ting som tilsynelatande ikkje let seg sameina.

Det at Gud vart menneske, er eit paradoks. Likeeins at Gud er tre og på same tid èin. At du i nattverden både får Jesu lekam og blod og samstundes får brød og vin. Likeeins med dåpen, vatnet er både naturleg vatn og heilagt vatn som gjenføder og fornyar ved Den heilage ande. Den eine sida ved paradokset kan du sjå og studera. Den andre sida er ei sak for undring, tru og tilbeding.

Paradoksa audmjukar oss. Me kan strekka tanken så langt me vil, men me kan ikkje fatta dei likevel. Berre tru, tilbe, døypa, eta og nyta.

Då Gud skulle frelsa oss, måtte han bli ein av oss. Me hadde pådrege oss så mykje skuld, og denne skulda måtte sonast av eit menneske som var utan skuld, ein stedfortredar. Ingen av Adams barn høvde til denne gjerninga. Ingen hadde rett kvalitet. Ingen var store nok. Det var berre ein måte: Gud måtte gjera det sjølv. Difor vart han menneske.

Gud vart ein av oss. Ingen kan fatta stordomen i dette skikkeleg. Men den Gud som vart ein av oss for å ta på seg vår skuld og dom, han må til dei grader vera både for oss. Det er veldig for meg når eg kan seia: Gud er for meg! Han er i sin eigen persom mi rettferd, min evige representant. Det er han også for deg om du ønskjer at det skal vera slik.

Det er èin Gud, skriv apostelen Paulus, og èin mellommann mellom Gud og menneske, menneske Jesus Kristus. Gud tok vår frelse heilt og fullt ut av våre eigne hender og frelste oss med sitt eige blod utan vår medverknad. Vår lodd no er å ta imot, takka og tilbe, eller avvisa og gå vidare utan han som kom for å vera for oss og med oss.

lørdag 24. desember 2011

Dei som tok imot Jesus.

"Men alle dei som tok imot han, dei gav han rett til å bli Guds barn, dei som trur på namnet hans". Johannes 1,12.

Maira og Josef tok imot Jesus. Dei vart Guds barn. Gjetarane på  Betlehemsmarkene like eins. Og dei vise menn frå Austerland. Seinare har det vore millionar på millionar som har erfart det same. Kva er det som skjer når me tek imot Jesus? Me får del i alt det som han er og har, og sidan han er Guds Son, vil me då også få del i barnekåret (eller sonekåretsom det heiter på gresk) hans, og med barnekår følgjer arverett og himmelhåp.

Gud gav oss Jesus, og det har stor løn for oss å ta imot han. Då blir me adopterte som Guds barn, og får dei same rettane hos Far som Sonen har.

Å ta imot Jesus og tru på namnet hans er eitt og det same. Namnet hans er Jeshua (Josva) og tyder "Herren er frelse."

Dette er stort å tenkja på. Jesus er vår frelse. Du kan ikkje finna ut om du er frelst ved å retta blikket mot deg sjølv og analysera ditt inder menneske. Nei, det er ikkje der di frelse er. Den er hos Jesus og i han åleine. Skal du finna frelsa di, må du studera og tilbe Jesus. God jul til deg og dine.

fredag 23. desember 2011

Det sanne lyset

"Det sanne lyset, som lyser for kvart menneske, kom no til verda." Johannes 1,9

Det sanne lyset er Jesus. Uttrykket "det sanne lyset"  kan også omsetjast med "det verkelege lyset". Jesus er altså sjølve lyskjelda, den som all godleik, rettferd og sanninga kjem frå. Alle andre som måtte uttrykka desse edle eigenskapane, reflekterer berre Jesus liksom månen reflekterer sola.

Nokre oppfattar store religionsstiftarar og ideologar som lys som dei orienterer liva sine etter. Desse menneska er falske  lys som fører folk på avvegar. Berre Jesus er det lyset som fører folk til Gud. Berre han er det fyrtårnet som viser rett veg.  "Ingen kjem til Far utan gjennom meg", seier han i Johannes 14,6.

Jesuslyset finn me aleine i Bibelen. Det lyset som kjem frå truande menneske, kjem frå det ordet som bur i dei. For den som har teke imot Guds ord, har Jesus i seg, og Jesus lyset gjennom dei, og jo meir av Guds ord som bur i dei og pregar dei, jo sterkare lyset Jesus gjennom dei. Slik kan han seia til læresveinane sine: "De er lyset for verda," og knyter det opp til det å leva i samsvar med forkynninga i Bergpreika.

Også i dette verset kjem kristendomen sin universelle karakter til syne. Jesus er det lyset som lyser opp kvart (panta = kvart, eller alle)  menneske. Alle er like kjær for han. Han rangerer ikkje. Alle kjem på førsteplass.

Å lysa opp kvart menneske skildrar det som skjer når Jesus kjem inn i folks liv. Då kjenner ein seg så rik og elska. Rett nok avslører lyset alt i liva våre av fusk og fanteri, og alt me har gjort som ikkje har vore motivert av kjærleik til Gud og nesten, samt all eigenrådighet og ulydnad, alt det som Bibelen kallar synd, det som sender oss i fortapinga dersom me ikkje Jesus får koma inn og dekka det heile med sin nåde. Men jo meir me forstår av den slags, jo større blir det for oss at me er elska, ein kjærleik som får hjarto våre til å svulma av forløyst glede. Jesus skaper fest i hjarta.






torsdag 22. desember 2011

Jødane og Jesus.

Jødane er Jesu næraste familie. Då Gud vart menneske, valde han å bli jøde. Det har stor betydning for dette folket. Jesus er deira evige konge. Gud er jøde, og det plasserer for alltid jødane i ei særstilling i frelseshistoria. "Frelsa kjem frå jødane," sa Jesus til den samaritanske kvinna. Slik er det blitt. Jøden Jesus vart krossfestpå initiativ av jødar, og hans jødiske vener gav oss Det nye testamentet. Alt Guds ord til verda har kome gjennom munnen eller pennen til jødar.

Det var altså til dei Jesus kom med Guds gåver. Men dei avviste han, ville ikkje ha han, ei heller det han hadde å gje. Slik var det då. Slik er det i dag. Det jødiske folket avviser framleis Jesus som Herre og Messias. Rett nok er det mange enkeltpersonar i Israels land og mellom verdas jødar som i desse dagar opplever frelsa i Jesus, og det er ei sterkt aukande kristen rørsle mellom jødar, men nasjonalt står dei Jesus imot. Det vil dei gjera til talet på heidningar i Guds kyrkje har nådd eit visst nivå. Når det skjer, vil det losna i Israel, og jødane vil som folk og nasjon på uventa kort tid venda seg til Kristus. Det blir ei stor innhausting av Guds eigedomsfolk, noko som i neste omgang fører til ei verdsvid kristen vekkjing. Israels godkjenningav Jesus  fører til liv av døde for verda, skriv Paulus i Romerbrevet 11.

Israels land og det jødiske folket er nøkkelen til framtida for denne verda. Det veit djevelen, og han rasar mot dei, og får ei heil arabisk verd til å gjera det same. Gjennom historia har jødane vore forfølgde og trakasserte heilt frå folket sine tidlegaste tider. Men trass i progromar og "det store brennofferet" under 2.verdskrig der Hitler klarte å drepa 6 millionar av dei, har dei imot alle odds overlevd. Det vil dei også gjera i framtida, og dei som velsignar og ærar dette landet og folket, vil bli velsigna av Gud. Dese vil han tala til, syna seg for, frelsa og verna og æra på så mange vis.

Johannes sitt vitnemål

Johannes døyparen skulle "vitna om lyset, slik at alle kunne koma til tru ved han." Johannesevangeliet 1,7. Lyset var Jesus, og Johannes vitna om han og identifiserte han som Guds Son, Guds lam og som den som døyper med Den heilage ande. Alt handla om Jesus for Johannes. Han framheva aldri seg sjølv, berre Jesus. Om seg sjølv sa han: "Eg er ei røyst som ropar i øydemarka: Gjer Herrens veg bein." (v. 23). Den som er fylt av Den heilage ande og sendt av Gud, fremhevar aldri seg sjølv, berre Jesus og Guds ord. Guds kyrkje er i våre dagar full av åndelege skrytepavar som gjerne vil ha folks fokus, og som rosar seg over kor brukbare dei er for Gud og kor store resultat dei kan syna til. Dei vil så gjerne bli beundra. Sanninga er at dei er komne heilt på avvegar, og må snu og sanna sjølvglorifiseringa si som synd om dei skal bli ståande i trua. At nokon får nådegåver og blir brukt av Gud til frelse og lækjedom for andre, er nåde frå a til å og løftar dei ikkje ein millimeter høgare enn andre kristne. Den som set seg sjølv høgt, skal setjast lågt, men den som set seg sjølv lågt, skal setjast høgt. I denne saka er det aldri Andens gåver det kjem an på, men Andens frukter. Når kjærleik, glede, fred, sjølvkontroll og slike ting veks fram frå livet ditt, då er du på rett spor.

Johannes sa: "Etter meg kjem ein som er større enn meg, fordi han var før meg." Og vidare: "Han skal veksa, eg skal minka." Det skjedde. Til slutt vart han eit hovud kortare pga sin store ihuge for Guds ord og ære.

Johannes vitna om lyset, ja, han reflekterte Guds lys så sterkt at "alle kom til han." Så peika han på Jesus og sa: Det er Han det handlar om, "sjå, der er Guds lam som ber bort verdas synd." Så gjekk folket til Jesus i staden. Og Johannes gledde seg.

onsdag 21. desember 2011

Ein mann sendt av Gud

"Det sto fram ein mann, sendt av Gud, Johannes var namnet hans." Johannes 1,6
Det står fram mange menn i våre dagar. Berre dei færraste av dei er sendt av Gud. Dei fleste står fram med sine eigne ufruktbare og bedrageriske idèar.

Den som er sendt av Gud har ein bodskap frå himmelen. Denne stemmer alltid med Bibelens ord. Ein utsending frå Gud talar aldri mot Bibelen. Dersom nokon talar mot Bibelen, og slik utgjer seg for å vera klokare enn andre utsendingar frå Gud, skal dei ikkje ha vår tillit. Då talar me mot dei så godt som me kan.

Kva særpregar elles dei som er sendt av Gud? Orda deira er aktuelle og skaper reaksjonar, anten blir folk provoserte, eller dei vender om og vert frelste. Det er tale til fall eller oppreising. Mange, mange vart frelste ved å lytta til Johannes. Herodes vart provosert og hogg hovudet av han. Slik er mønsteret.

Utsendingar frå Gud kallar alltid medmenneska sine til omvending. Johannes ropte ut: "Himmelriket er nær, vend om og tru på evangeliet!" Det same forkynte Jesus. Slik er gjennomgangstonen hos profetane. Dei ser så tydeleg at synda må ut av folks liv om det skal gå dei vel. Akseptert synd er kreft i sjela. Den må ut om sjela skal bli frelst og lækt.

Falske profetar og apostlar forkynner ikkje omvending. Dei får folk til å tru at ein kan kombinera eit liv i opposisjon til Bibelen og samstundes har Guds behag over livet. Det er løgn. Dei skjønar ikkje at Guds lov er meir verdfull enn det finaste gull, og at folk berre kan bli reine og preparerte for Gud og himmelriket ved å bøya seg for hans lov som fordrar at me tilber og elskar Jesus over alle ting, er lydige, ærlege og gode i alle livstilhøve, det vere seg økonomi, ekteskap, sex, familieliv, jobb, kyrkjelyd og samfunnet elles.

Ingen kan finna Gud utan å gå gjennom omvendinga sin tronge port. Men alle som vender om og søkjer han av heile sitt hjarta, vil koma til å finna han. Det har han sagt.

tirsdag 20. desember 2011

Og lyset skin i mørkret, men mørkret tok ikkje i mot det.

Desse orda er henta får Johannes 1,5
Verset kan omsetjast på 2 måtar:
a) Mørket kunne ikkje forstå, fatta eller ta imot  (katalambano) lyset.
b) Mørkret kunne ikkje overvinna (katalambano) lyset.

Lys og mørkre er motsette storleikar. Lyset er alt som kan forbinast med det gode, sanne, håpefulle og vakre. Mørkret er alt som er vondt, løgnaktig, håplaust og stygt. Lyset kjem frå Gud, mørkret frå djevelen.  Mørkret og lyset kan aldri sameinast. Den eine makta vil sigra over den andre. Det er ikkje slik at lyset alltid vinn fram. Nokre gongar kjem mørkret sigande inn over menneska og overtek herredøme i liva deira. Då blir dei vonde og svikefulle. Lyset kjem til menneska gjennom Guds ord og Guds barn. Då må dei velja om dei skal opna for Gud og hans lys, eller om dei skal stenga døra og verga seg mot han. Det er menneske sitt val som gjer om lyset eller mørkret sigrar i liva deira. Ingen har Guds lys i seg sjølv. Det er Jesus som er verdas lys, og når han kjem inn, vert det lyst i hjarta. Då vert menneske fylt av Guds kjærleik, hjarta fylt av lovsong til han og ein deler gjerne av godene sine med nesten. Når lyset slepp til, må mørkret vika. Men der lyset vert stengt ute, sigrar mørkret. Så enkelt. Så skummelt. Ansvaret kviler på oss.

Ingen kan ta imot Jesus av seg sjølv. Folk flest er full av motstand mot Jesus når han kjem nær nok. Skal eit menneske bli frelst, må det han hjelp frå Den Heilage Ande som opplyser og overtyder. "Ingen kan koma til meg utan at Far dreg han," seier Jesus. Men som eg har skrive før i bloggen: Ingen kan bli fanga inn av Gud utan å høyra evangeliet. Difor er også denne teksten ei påminning til oss om å vitna om Jesus og forkynna hans evangelium til dei me ferdast med i kvardagen. Lyset ligg i evangeliet, og der evangeliet blir forkynt, lyser Gud, og der kan folk bli overvunne og frelst. 
 

søndag 18. desember 2011

"I han var liv, og livet var lyset for menneska"

Sitatet i overskrifta er frå Johannesevangeliet 1,4

Det spinn nok liv i deg også, min kjære lesar. Men du har ikkje liv i deg sjølv. Livet ditt kjem frå Gud, og det står i hans makt å avslutta det når han bestemmer seg for det. 




Annleis var det med Jesus. Han hadde liv i seg sjølv. Ingen kunne avslutta hans liv. Ingen kunne ta det. Han måtte gje det. Dette forklarar han rett ut i Johannes 10.

Livet er eit mirakel. Ingen kan komponera liv ved hjelp av livlause komponentar, ingen andre enn Gud. Det som nokre kallar "primitivt" liv er så avansert at det går høgt over hovudet på den skarpaste biokjemikaren som måtte finnast. Likevel er det mange som vil ha oss til å tru at dei skjønar seg på dette her. Det gjer dei ikkje. Dei lyg om sin eigen kompetanse.


Jesus seier om seg sjølv at han er Livet. Liksom alt biologisk liv, som er avgrensa, har sitt opphav i han, så har  også det evige livet det, det som er vårt lys, dvs vårt håp.


Eit menneske utan håp er eit djupt ulukkeleg menneske. Men den som har håp, kan møta kva det skal vera. Håpet gjev ein fantastisk styrke til å takla alle typar påkjenningar. Men det er viktig at håpet er basert på realitetar og ikkje på draumar. Det kristne håpet er basert på Jesus Kristus, hans fødsel, liv, død, oppstode og himmelfart. Og det lever i oss fordi Den heilage ande har aust ut Guds kjærleik i hjarto våre. Me veit at me er elska av den evige Gud, hans kjærlege nærvær kviler i oss og gjer alt så fagert og lyst for oss, og me veit at ein Gud som elskar slik, han vil aldri svikta oss. Han vil ta imot oss i sine evige bustadar. Alt som kunne hindra han frå å gjera det, har han sjølv teke bort då han gav livet sitt for oss på skammens tre. Lova vera hans namn og verk.

Maria

For Maria kan julekvelden umogeleg ha vore særleg koseleg eller romantisk. Ho må ha vore fødande då ho og Josef kom tutlande inn i Betlehem. Eit varmt opplyst rom med kyndige kvinnehender og reint vatn var påkrevd, men klima var ugjestmildt og folk heller uhøflege. Ingen hadde plass til dei. Avvist ved kvar ei dør.

Seinare i livet skulle ho fleire gongar måtta takla avvisning, til og med av sin eigen kjære son. I bryllaupet i Kana i Galilea då ho ville ha Jesus til å hjelpa dei nygifte med meir vin, fekk ho til svar: "Kva har du med mitt å gjera, kvinne." Den svei.

Og då ho og dei andre sønene hennar ved eitt høve ville ha Jesus til å ta til vit og ikkje vera så provoserande, fekk ho denne helsinga: "Mor mi og søskena mine er dei som høyrer orda mine og gjer etter dei." Der fekk ho den. All særstilling fjerna med ein setning.

Men me har mykje å læra av Maria. Maria var møy, og levde i seksuelt fråhald før ho gifte seg med Josef. Der er ho eit føredøme for alle unge menneske.  Førekteskapleg sex er synd, og kan ikkje kombinerast med det å vera kristen sjølv om heile verda elles måtte meina noko anna.

Ho må ha vore ei svært trufast ung kvinne. Det kan me vita fordi det er berre dei som er tru i det små som vert betrudd dei store historiske oppdraga av Gud.

Ho gøymde Guds ord i hjarta sitt og grunda på det, les me to plassar i juleevangeliet. Det bør me gjera også. Berre slik kan me bli  menneske som bringer Guds velsigning til andre menneske (Salme 1)

Ho må ha vore ei veldig omsorgsfull kvinne sidan Gud plukka henne ut mellom alle til å ta vare på sonen sin. 

Ho må ha hatt ei levande tru sidan ho hadde fått nåde hos Gud (Lukas 1).

Ho må ha vore karismatisk. Det ser me av lovsongen hennar som var veldig profetisk. Ja, Herrens ande var over henne, les me, ein tilstand me alle skulle strekka oss mot å leva i.

Maria var ein tilbedar. Lovsongen hennar i Lukas 1 fortel oss det.
Å tilbe Gud er også vårt fremste kall. Me er både skapte og frelste til det.

Ho var lydig mot Gud, og tok på seg eit oppdrag som garantert ville påføra henne store problem, ja, kanskje døden.

Når Gud kallar oss til å gjera det umogelege, må me som Maria stilla oss til Guds disposisjon utan å vegra oss, sjølv om det skulle kosta oss alt.

Med livet som innsats bar Maria Jesus inn i verda. Slik skal me med livet som innsats bera han ut i verda.


lørdag 17. desember 2011

Ordet som var Gud

Johannes startar evangeliet sitt bak tid og rom. Han skriv: "I opphavet var Ordet, Ordet var hos Gud og Ordet var Gud." Ordet er Jesus. Han har alltid vore, og vil alltid bli. I den første kristne tid sto det ein stor kamp om hans identitet. Det er det enno. Folk flest i dag har vel ikkje særleg klåre meiningar om kven Jesus var eller er, dei feirar jul og syng gjerne julesongar, men når det kjem til stykke er det ikkje mange som vil godkjenna og tilbe Jesus som Gud. Men det er det han er, og å vera kristen er å tilbe han, korkje meir eller mindre.

Barnet i krubba var rett og slett den evige Gud som kom til oss frå himmelen for alltid å vera ein av oss. Det er både fantastisk og ekstremt utfordrande. For det strekker tankane våre langt ut over det naturlege, ja, me blir tvungne til å ta stilling til det som for oss er totalt ubegripeleg. Jesus får det rett og slett til å svimla for mange.

I Johannes 8 seier Jesus i ein diskusjon med dei jødiske leiarane: "Før Abraham var, ER EG!" Her dreg han forhenget solid til sides og seier: Eg er EG ER, på hebraisk JHVH, Herren, Israels Gud, han som openberra seg for Abraham og Moses, som alltid har vore, som er utan opphav og utan ende. Den evige Gud som skapte himmel og jord. Det er Jesus.

Apostelen Tomas skjøna dette då han møtte Jesus ei veke etter at denne hadde stått opp frå dei døde. Han fall ned for føtene hans og sa: "Min Herre og min Gud!" Han vart ein Jesustilbedar den dagen, ein sann kristen.

ORDET er på gresk LOGOS. Det er eit filosofisk uttrykk. Grekarane såg at materien var organisert på ein så vidunderleg intelligent måte at dei tenkte at han måtte ha ein innebygd intelligens. Denne innebygde intelligensen kalla dei LOGOS, verdsfornuften.

Johannes spela på denne erkjenninga då han skreiv evangeliet sitt. Han gav grekarane rett. Det er ein LOGOS i det heile, men de kjenner han ikkje, men det gjer me, og no kjem me for å fortelja dykk kven dette guddommelege geniet er, for han kom til oss som eit menneske, vandra mellom oss, gjorde vel, overvant døden, fòr opp til himmelen, fyller alt i alle og namnet hans er JESUS.

fredag 16. desember 2011

Immanuel. Kven er Gud med?

Immanuel tyder "Gud med oss" , og me finn dette som eit namn på Jesus i Jesaja 7,14.
Jesus er "Gud med oss". Gud sende ikkje sonen sin til verda for å døma verda, med for at verda skulle bli frelst ved han, les me i Johannes 3,17.
Neste gong Jesus kjem, kjem han for å døma levande og døde, men første gong kom han berre for å frelsa.

Kven er Gud med?

På beltespennene til dei tyske soldatane under 2. verdskrigen sto det  "Gott mit uns", altså "Gud med oss", eller "Immanuel". Det er ganske ironisk at han som ville utrydda alle jødar og alt jødisk, bestemte at soldatane hans skulle gå med eit jødisk uttrykk på beltespennene sine.

Men så enkelt er det ikkje. Ingen har Gud med seg ved å sei at dei har han med seg.  Det er Jesus som er "Gud med oss", og difor er Gud berre med dei som trur på Jesus og følgjer han. Det er saka.

Ingen kan leva mot Guds bodord og samstundes ha Gud med seg. Dei som lever mot Gud, har Gud mot seg. Difor kan ingen seia at dei har Gud med seg samstundes som dei lever illegitimt, anten det er religiøst, økonomisk, sosialt eller seksuelt.

Men alle som vender om frå synd og trur på Jesus, får nyta alle goder og gleder som kjem av å ha Guds godkjenning. Difor gjer med det, me vender om med glede og lever dagleg i omvending. Ingenting anna duger.

torsdag 15. desember 2011

Herodes si ånd lever vidare på mange plan

Herodes er sentral i juleevangeliet. Han var, som diktatorar flest, ekstremt paranoid, og då han høyrer om det nye kongsbarnet, velta mistanken, sjalusien, eigaomsorga og redsla opp i han, og han bestemte seg for å drepa barnet.

Det er ganske rart, men også i dag er det mange som opplever Jesus som eit trugsmål mot livet, og difor skjermar dei seg så godt dei kan mot han, den einaste som kan gje dei frelse og evig liv.  Dei tenkjer ikkje på at dei er meir i slekt med Herodes enn dei likar.

Herodes drapsplanar var djevelens første åtak på vår kjære Herre og Frelsar. Men Gud vere takk, han verna Jesus, og fekk Josef til å ta han og Maria med seg til Egypt. Alt i starten av livet sitt vart Jesus flyktning, og til alt hell fekk han opphaldsløyve i Egypt, men det hadde han neppe fått i Noreg i dag. 

Det er ei stor trøyst for alle som er på flukt at dei deler kår med Jesus. Han vart, som oss, testa i alle ting, men utan synd. Og fordi han sjølv vart testa i alt, kan og vil han no gje oss rett hjelp til rett tid. Det er eit ord til dagens flyktningar. Jesus er på dykkar side. Fatt mot!

For å vera sikker på at Jesus vart drepen, bestemte Herodes seg for å drepa alle gutebarn i Betlehem under 2 år. Desse barna vart dei første som  måtte døy for Jesus, historias første kristne martyrar.

Djevelen hatar barn. Difor har han inspirert verdas politiske leiarar til å innføra provosert abort som ein dagleg drapsorgie. Dagleg ofrar me hundretusenvis av barn til djevelen for å stetta blodtørsten hans. Herodes si ånd lever vidare, og er no i ferd med å desimera befolkninga i Russland og i mange andre land, samstundes som han får oss til å tru at jorda er overbefolka.


onsdag 14. desember 2011

Stjerna

Dei vise mennene som kom frå Austen, truleg Persia, hadde sett ei ny stjerne bli fødd på himmelen. Dei var truleg astrologar, og var vane med å tolka hendingar på himmelen som tale frå Gud. Dei må, slik eg ser det, også ha kjent til Det gamle testamentet. Det var mange jødar i dette området etter 587 f.Kr., og desse hadde gjort dei heilage skriftene kjende for folka dei budde saman med, og mange heidningar hadde til og med konvertert til jødedomen. Eg tenkjer meg at denne gjengen med vise menn med interesse hadde lese 4.Mosebok 24,17, den såkalla Bileamforjettinga (profeten Bileam kom også frå Austen) der han såg Messias stiga opp frå Israel som ei stjerne. Difor, då vismennene ei natt såg den nye stjerna i vest, visste dei kva som hadde hendt, Messias var komen til verda. Ja, dei må ha forstått at denne Messias må ha vore guddommeleg, for dei tok ut den lange vegen til Israel, det må ha krevd nitid planlegging,  for å hylla han. Det er tydeleg at dette må dei ha gjort av personlege omsyn. Ingenting tyder på at dei var utsendingar frå ei statsmakt.

Den store klokskapen til desse mennene var at dei oppsøkte Jesus for å gje han, ikkje berre gåver, men seg sjølv. Dermed kunne dei ta imot barnet, som den Gud han var, i hjarto sine.

"Gudsfrykt er opphavet til visdom," les me i Salomos ordtøke. Og gudsfrykt begynnar med å koma til Jesus og overgje seg til han. Den som fryktar Gud, kapitulerer og let seg elska som eit barn.

Dei kom truleg frå Persia for å finna Gud i ein stall. Det var ei lang reise. Men denne forteljinga peikar framover: Jesus er ikkje berre for det jødiske folk, men også for heidningar som oss.

Det underlege med denne forteljinga er at det er folk utanfrå som må fortelja jødane at deira Messias er fødd, og endå meir underleg er den så den totale manglande interesse hos jødane for å bli med dei vise mennene for å finna Messias og hylla han, endå det berre var nokre få kilometer mellom Jerusalem og Betlehem. Dei gadd ikkje sjekka ein gong. Ikkje ein gong dei skriftlærde gjorde det, dei som hadde vist dei ordet frå profeten Mika som fortalde at Messias skulle bli fødd i Betlehem.

Dette lærre oss to viktige ting: Det vil vera naudsynt for Jesustruande heidningar å forkynna evangeliet for jødar, ja, evangeliet er først for jødane, skriv Paulus. Det andre poenget er at ingen blir frelst av bibelkunnskap dersom ikkje denne kunnskapen fører dei til Jesus. Bibelkunnskap utan å tilbe, hylla og æra Jesus er ein farleg ting. Guds ord forherdar dei som ikkje lyder det.

Også i dag opplever me at folk kjem frå Austerland, gjerne frå Persia (Iran) og finn Jesus i små kyrkjelydar i Noreg som liknar meir på stallar enn noko anna. Det er underleg for oss som står midt oppi dette å registrera at nordmenn ikkje har så lett for å koma til slike kyrkjelydar for å finna Jesus, medan dei som kjem langt borte frå finn han så fort som berre det. Enno er han å finna i ringe kår. Ja, kanskje spesielt der. Det er typisk Jesus, det.

Dei vise mennene vart leida av stjerna. Me kan følgja dei, følgja dei til Jesus, den einaste som er verd hyllest, dei einaste som kan gje oss evig liv, og hos han kan me leggja ned både liva våre og den rikdomen me forvaltar. Alt me har, har me frå han, og gjev me det attende til han, går me inn i velsigninga. Lukke til med det!

tirsdag 13. desember 2011

Peace on earth



Denne utruleg vakre julesongen skalo visstnok ha vorten skriven av Longfellow under den amerikanske borgarkrigen kort tid etter at kona hadde blitt drepen, sonen alvorleg skada og huset deira brunne ned. I lys av dette vert denne songen ufatteleg sterk.

På sporet etter Gud i Cern?

"Forskerne ved CERN-senteret i Sveits har sett det de tror er spor av Higgs boson, også kalt Guds partikkel og universets minste byggekloss. Men de kan fortsatt ikke bevise at den fins."

Slik  sto det å lesa i aftenposten.no i dag. Forskarane meiner at det finst ein eigen uoppdaga partikkel i atoma som kan forklara korleis alt har vorte skapt, difor kallar dei han m.a. for "Gudepartikkelen". Vel, no trur dei at dei er på sporet, sjølv om dei kan ikkje prova noko enno.

Me har skrive det før, og kan gjerne gjenta det enno ein gong: Ingen treng reisa til Cern for å finna Gud. Derimot kan det i desse juletider vera fornuftig i tanken å reisa til Betlehem, finna fram til stallen og krybba der Jesus låg, han som var Kristus, Herren, menneske og Gud i èin person. Me les i 2.Korintarbrev kap 5 at "Gud var i Kristus og forsonte verda med seg sjølv." 

Moderne fysikk er ganske uskjønleg for dei fleste av oss. Men det som løyner seg i Jesu person, er det ingen som kan forstå. Me kan berre som små barn nyta godene av at Gud vart menneske og forsonte oss med seg sjølv. 

Me treng ikkje forstå for å nyta. Eg skjønar knapt korleis ein TV fungerer, men eg veit godt korleis eg skal skru han på og få noko ut av han.

Du treng ikkje forstå Gud for å kunna nyta han. Han er kjempeavansert, men enkel i bruk, for å seia det veldig menneskeleg. Kvar den som kallar på namnet hans, blir frelst. Vanskelegare er det ikkje. Gud fungerer godt for alle som vil tru.

Skal me finna Gud, må me leita der han er. Då må me starta i hans eige dyrebare ord. Dette ordet tek oss med til Betlehem og Jersusalem der dei store hendingane fann stad, og det forklarar det heile for oss med ord som er så enkle og greie at ikkje ein gong den minst utrusta mellom oss skal kunna ta feil.

Så får me vona at forskarane i Cern finn partikkelen sin, om han finst då. Dei har brukt så pass mange milliarder kroner på dette, at det bør bli ein suksess og slik bringa vitskapen eit hakk framover. For den vitnar også om Gud.

I dag er det fødd dykk ein FRELSAR

"I dag er det fødd dykk ein FRELSAR," forkynte engelen.
Ein frelsar (gresk: soter) er ein som deler kår med andre som er komen i ein umogeleg situasjon, for å føra dei ut av uføret.
Det gjorde Jesus.Han var Gud, vart menneske, kom til jorda og flytta saman med oss og levde heilt under våre vilkår.

I Galaterbrevet er dette omtalt: "Då tida var fullkomen, sende Gud Sonen sin, fødd av ei kvinne, fødd under lova, forat han skulle kjøpa dei fri som var under lova, slik at dei kunne få barnkår."

Kva er det å vera under ei lov?  Det er å vera pliktig til å halda henne på alle punkt.
Jødane levde under Moselova. Men den var streng, og ingen av dei klarte å leva opp til det ho kravde av dei.

Heidningane levde under det som me kallar "den generelle morallova" som Gud har lagt ned i alle menneske, me kallar henne for SAMVIT.  Alle pliktar å snakka sant og gjera godt mot nesten. Men til dags dato har ingen utanom Jesus heilt ut late seg styra av rettferdigheten. Det manglar mykje på det. Saka er: Alle menneske står skuldige innfor Gud fordi dei ikkje klarar å leva korkje etter Moselova eller den morallova som dei veit er rett. ALLE MENNESKE ER SKULDIGE TIL EVIG FORTAPING, BORTE FRÅ GUD I HELVETE.

Dette kunne ikkje Gud la skje. Difor sende han Frelsaren til jorda, og Jesus gjekk inn under alle våre plikter, oppfylte dei, i tillegg til at han sonte straffa for alle våre overtramp og forsømmingar. Han var ein sann frelsar, og han ber oss i dag om å stola på at det han gjorde både var naudsynt og tilstrekkeleg. Då har me del i hans frelse, og me er frie frå lova, dvs. me treng ikkje å tenkja på lova ein gong når det gjeld frelsa vår. Då tenkjer me berre på Jesus. Men når det gjeld å oppføra seg her i verda, kan me godt tenkja på lova. Den lærer oss mangt om Guds gode vilje for vår omgang med nesten.

Forbod mot omskjering av gutar er svært inkonsekvent

Justispolitisk talskvinne i Senterpartiet, Jenny Klinge vil forby ved lov omskjering av gutar. Ho meiner det er eit overgrep å fjerna ein del av eit friskt organ på ein barn som ikkje kan seia meininga si om saka. Omskjering bør berre skje etter at guten er fylt 18 år, meiner ho.

Det gode i dette er den omsorgen som Jenny Klinge har for små barn. Men det merkelege og uforståelege i dette er at den same Jenny Klinge er for fri abort før 12 svangerskapsveke. For det er vel ikkje verre å mista forhuden enn å mista livet? Og barnet har ingen talerett. Etter Klinge sitt syn bør difor abort vera forbode til barnet er 18 år og kan bestemma sjølv om han/ho vil leva eller ikkje. Det er naturlegvis ein absurd tanke.

Grunnen til at me kjem oppi slike dilemma som dette er naturlegvis at den abortlova som vart vedteken i 1981 ikkje står sin prøve innafor noko som helst kjent moralsystem, og det som er moralsk galt, kan aldri bli politisk eller juridisk rett. Å rettferdiggjera det umoralske er å gå krokvegar. Bibelen kallar det for å "bøya retten".

Omskjering av gutar er eit udramatisk inngrep. Abort er drap. Å forby omskjering samstundes som ein godtek abort er heilt utoleleg hyklerisk.

Her er forresten ein flott film om det umenneskelege og menneskefiendtlege i abortlovgjevinga i USA og den praksis som følgjer.

mandag 12. desember 2011

...for heile folket.

Jesus er ei glede for heile folket, Lukas 2,10. I den gamle omsettinga las me: Ei glede som skal timast,   (kunngjerast) alt folket. Den var sikkert like god.

Det store med evangeliet om Jesus er at det inkluderer ALLE MENNESKE. Hadde det ikkje gjordt det, kunne ingen av oss vore sikre på vår frelse. Men no kan du og eg seia: Eg veit at eg er frelst fordi Jesus er for ALLE, og er han for ALLE, så er han for MEG.

Det er her me finn freden vår, me som så gjerne vil vera Guds barn, men som dagleg kjenner på manglande verdigheit, me får stola på dette sterke pronomenet som heiter ALLE. Jesus er ikkje berre for dei fromme og flinke, men for ALLE. Lite styrkjer meg som dette ordet.

Er det nokon som lurer på om me har noko å fortelja vår neste? Dei er alle adressatar for juleevangeliet som seier oss at Frelsaren er for ALLE, og det som er FOR alle, er TIL alle. Om du ikkje har noko anna å seia til nesten din, så sei gjerne dette enkle: Fordi Jesus er for alle, så er han for deg.

søndag 11. desember 2011

Den store gleda

"Sjå, eg forkynner dykk ei stor glede,...." sa engelen til gjetarane.
Så DET er det jula handlar om: GLEDE. Ikkje glede som fenomen, men om JESUS. Det er HAN som er vår store glede.

Alle menneske søkjer glede. Glede og lukke høyrer liksom saman. Men gleder kjem og går. Berre Jesus gjev ei glede som varer og varer og aldri tek slutt. Så lenge me held fast ved han, kan me ausa så mykje glede som me berre orkar. Det tek aldri slutt.

Det er tid for julegleder. For barna er dei mange. Men utpå nyåret er dei historie. Så er det eit år til neste gong. Men Jesusjulegleda kan du ha med deg gjennom heile året, ja, heile livet, og den dagen du er komen til vegs ende, går du inn til han, og då handlar deg stort sett berre om glede og fryd.

Ordet om krossen

http://mediafire.com/?5je9x6c34b9gozm

lørdag 10. desember 2011

Ære vere Gud i det høgste

 
Det er alltid nokon i denne verda som blir æra, ein fredsprisvinnar, ein idrettsutøvar, eit popidol, ein valvinnar. Men ingen fortener ære som Gud. Det forstår englane, men i mindre grad menneska. Men ikkje desto mindre er det dette me er skapte til og for, til evig tid å elska og lova Gud som skapte oss, elskar oss og som så herleg greip inn i frelste oss frå våre synder ved å bli menneske og døy for oss.


Englane song til Jesu ære. Det var hans underfulle fødsel som utløyste lovsongen. Jula er tid for lovsong og tilbeding, og me har jo så utruleg mange vakre songar som hjelper oss til det, både gamle og nye. Syng dei. Sjølv er eg veldig glad i den gamle latinske julesalmen Adeste fideles, Å kom nå med lovsang:

1) Å, kom nå med lovsang, jordens kristenskare!

Å, kom nå med lovsang til Betlehem!

Kom for å se ham, kongen i en krybbe!

Kom, tilbe ham, Guds under!

Kom, tilbe ham, Guds under!

Kom tilbe ham, Guds under: Vår Herre Krist!



2) Gud, evig Gud og lys av lys det er han!


Til oss er han kommet som bror i dag.

Sann Gud av opphav, født før alle tider.

Kom, tilbe ham, Guds under!

Kom, tilbe ham, Guds under!

Kom tilbe ham, Guds under:


Vår Herre Krist! 

3) Syng, englehærer, syng med salig jubel!

Å syng, myriader, i himlens slott:

Ære til Gud og fred blant oss på jorden!

Kom, tilbe ham, Guds under!

Kom, tilbe ham, Guds under!

Kom tilbe ham, Guds under:

Vår Herre Krist! Herre,