tirsdag 20. desember 2011

Og lyset skin i mørkret, men mørkret tok ikkje i mot det.

Desse orda er henta får Johannes 1,5
Verset kan omsetjast på 2 måtar:
a) Mørket kunne ikkje forstå, fatta eller ta imot  (katalambano) lyset.
b) Mørkret kunne ikkje overvinna (katalambano) lyset.

Lys og mørkre er motsette storleikar. Lyset er alt som kan forbinast med det gode, sanne, håpefulle og vakre. Mørkret er alt som er vondt, løgnaktig, håplaust og stygt. Lyset kjem frå Gud, mørkret frå djevelen.  Mørkret og lyset kan aldri sameinast. Den eine makta vil sigra over den andre. Det er ikkje slik at lyset alltid vinn fram. Nokre gongar kjem mørkret sigande inn over menneska og overtek herredøme i liva deira. Då blir dei vonde og svikefulle. Lyset kjem til menneska gjennom Guds ord og Guds barn. Då må dei velja om dei skal opna for Gud og hans lys, eller om dei skal stenga døra og verga seg mot han. Det er menneske sitt val som gjer om lyset eller mørkret sigrar i liva deira. Ingen har Guds lys i seg sjølv. Det er Jesus som er verdas lys, og når han kjem inn, vert det lyst i hjarta. Då vert menneske fylt av Guds kjærleik, hjarta fylt av lovsong til han og ein deler gjerne av godene sine med nesten. Når lyset slepp til, må mørkret vika. Men der lyset vert stengt ute, sigrar mørkret. Så enkelt. Så skummelt. Ansvaret kviler på oss.

Ingen kan ta imot Jesus av seg sjølv. Folk flest er full av motstand mot Jesus når han kjem nær nok. Skal eit menneske bli frelst, må det han hjelp frå Den Heilage Ande som opplyser og overtyder. "Ingen kan koma til meg utan at Far dreg han," seier Jesus. Men som eg har skrive før i bloggen: Ingen kan bli fanga inn av Gud utan å høyra evangeliet. Difor er også denne teksten ei påminning til oss om å vitna om Jesus og forkynna hans evangelium til dei me ferdast med i kvardagen. Lyset ligg i evangeliet, og der evangeliet blir forkynt, lyser Gud, og der kan folk bli overvunne og frelst. 
 

Ingen kommentarer: