søndag 18. desember 2011

Maria

For Maria kan julekvelden umogeleg ha vore særleg koseleg eller romantisk. Ho må ha vore fødande då ho og Josef kom tutlande inn i Betlehem. Eit varmt opplyst rom med kyndige kvinnehender og reint vatn var påkrevd, men klima var ugjestmildt og folk heller uhøflege. Ingen hadde plass til dei. Avvist ved kvar ei dør.

Seinare i livet skulle ho fleire gongar måtta takla avvisning, til og med av sin eigen kjære son. I bryllaupet i Kana i Galilea då ho ville ha Jesus til å hjelpa dei nygifte med meir vin, fekk ho til svar: "Kva har du med mitt å gjera, kvinne." Den svei.

Og då ho og dei andre sønene hennar ved eitt høve ville ha Jesus til å ta til vit og ikkje vera så provoserande, fekk ho denne helsinga: "Mor mi og søskena mine er dei som høyrer orda mine og gjer etter dei." Der fekk ho den. All særstilling fjerna med ein setning.

Men me har mykje å læra av Maria. Maria var møy, og levde i seksuelt fråhald før ho gifte seg med Josef. Der er ho eit føredøme for alle unge menneske.  Førekteskapleg sex er synd, og kan ikkje kombinerast med det å vera kristen sjølv om heile verda elles måtte meina noko anna.

Ho må ha vore ei svært trufast ung kvinne. Det kan me vita fordi det er berre dei som er tru i det små som vert betrudd dei store historiske oppdraga av Gud.

Ho gøymde Guds ord i hjarta sitt og grunda på det, les me to plassar i juleevangeliet. Det bør me gjera også. Berre slik kan me bli  menneske som bringer Guds velsigning til andre menneske (Salme 1)

Ho må ha vore ei veldig omsorgsfull kvinne sidan Gud plukka henne ut mellom alle til å ta vare på sonen sin. 

Ho må ha hatt ei levande tru sidan ho hadde fått nåde hos Gud (Lukas 1).

Ho må ha vore karismatisk. Det ser me av lovsongen hennar som var veldig profetisk. Ja, Herrens ande var over henne, les me, ein tilstand me alle skulle strekka oss mot å leva i.

Maria var ein tilbedar. Lovsongen hennar i Lukas 1 fortel oss det.
Å tilbe Gud er også vårt fremste kall. Me er både skapte og frelste til det.

Ho var lydig mot Gud, og tok på seg eit oppdrag som garantert ville påføra henne store problem, ja, kanskje døden.

Når Gud kallar oss til å gjera det umogelege, må me som Maria stilla oss til Guds disposisjon utan å vegra oss, sjølv om det skulle kosta oss alt.

Med livet som innsats bar Maria Jesus inn i verda. Slik skal me med livet som innsats bera han ut i verda.


Ingen kommentarer: