tirsdag 13. desember 2011

På sporet etter Gud i Cern?

"Forskerne ved CERN-senteret i Sveits har sett det de tror er spor av Higgs boson, også kalt Guds partikkel og universets minste byggekloss. Men de kan fortsatt ikke bevise at den fins."

Slik  sto det å lesa i aftenposten.no i dag. Forskarane meiner at det finst ein eigen uoppdaga partikkel i atoma som kan forklara korleis alt har vorte skapt, difor kallar dei han m.a. for "Gudepartikkelen". Vel, no trur dei at dei er på sporet, sjølv om dei kan ikkje prova noko enno.

Me har skrive det før, og kan gjerne gjenta det enno ein gong: Ingen treng reisa til Cern for å finna Gud. Derimot kan det i desse juletider vera fornuftig i tanken å reisa til Betlehem, finna fram til stallen og krybba der Jesus låg, han som var Kristus, Herren, menneske og Gud i èin person. Me les i 2.Korintarbrev kap 5 at "Gud var i Kristus og forsonte verda med seg sjølv." 

Moderne fysikk er ganske uskjønleg for dei fleste av oss. Men det som løyner seg i Jesu person, er det ingen som kan forstå. Me kan berre som små barn nyta godene av at Gud vart menneske og forsonte oss med seg sjølv. 

Me treng ikkje forstå for å nyta. Eg skjønar knapt korleis ein TV fungerer, men eg veit godt korleis eg skal skru han på og få noko ut av han.

Du treng ikkje forstå Gud for å kunna nyta han. Han er kjempeavansert, men enkel i bruk, for å seia det veldig menneskeleg. Kvar den som kallar på namnet hans, blir frelst. Vanskelegare er det ikkje. Gud fungerer godt for alle som vil tru.

Skal me finna Gud, må me leita der han er. Då må me starta i hans eige dyrebare ord. Dette ordet tek oss med til Betlehem og Jersusalem der dei store hendingane fann stad, og det forklarar det heile for oss med ord som er så enkle og greie at ikkje ein gong den minst utrusta mellom oss skal kunna ta feil.

Så får me vona at forskarane i Cern finn partikkelen sin, om han finst då. Dei har brukt så pass mange milliarder kroner på dette, at det bør bli ein suksess og slik bringa vitskapen eit hakk framover. For den vitnar også om Gud.

Ingen kommentarer: