tirsdag 13. desember 2011

I dag er det fødd dykk ein FRELSAR

"I dag er det fødd dykk ein FRELSAR," forkynte engelen.
Ein frelsar (gresk: soter) er ein som deler kår med andre som er komen i ein umogeleg situasjon, for å føra dei ut av uføret.
Det gjorde Jesus.Han var Gud, vart menneske, kom til jorda og flytta saman med oss og levde heilt under våre vilkår.

I Galaterbrevet er dette omtalt: "Då tida var fullkomen, sende Gud Sonen sin, fødd av ei kvinne, fødd under lova, forat han skulle kjøpa dei fri som var under lova, slik at dei kunne få barnkår."

Kva er det å vera under ei lov?  Det er å vera pliktig til å halda henne på alle punkt.
Jødane levde under Moselova. Men den var streng, og ingen av dei klarte å leva opp til det ho kravde av dei.

Heidningane levde under det som me kallar "den generelle morallova" som Gud har lagt ned i alle menneske, me kallar henne for SAMVIT.  Alle pliktar å snakka sant og gjera godt mot nesten. Men til dags dato har ingen utanom Jesus heilt ut late seg styra av rettferdigheten. Det manglar mykje på det. Saka er: Alle menneske står skuldige innfor Gud fordi dei ikkje klarar å leva korkje etter Moselova eller den morallova som dei veit er rett. ALLE MENNESKE ER SKULDIGE TIL EVIG FORTAPING, BORTE FRÅ GUD I HELVETE.

Dette kunne ikkje Gud la skje. Difor sende han Frelsaren til jorda, og Jesus gjekk inn under alle våre plikter, oppfylte dei, i tillegg til at han sonte straffa for alle våre overtramp og forsømmingar. Han var ein sann frelsar, og han ber oss i dag om å stola på at det han gjorde både var naudsynt og tilstrekkeleg. Då har me del i hans frelse, og me er frie frå lova, dvs. me treng ikkje å tenkja på lova ein gong når det gjeld frelsa vår. Då tenkjer me berre på Jesus. Men når det gjeld å oppføra seg her i verda, kan me godt tenkja på lova. Den lærer oss mangt om Guds gode vilje for vår omgang med nesten.

Ingen kommentarer: