torsdag 22. desember 2011

Johannes sitt vitnemål

Johannes døyparen skulle "vitna om lyset, slik at alle kunne koma til tru ved han." Johannesevangeliet 1,7. Lyset var Jesus, og Johannes vitna om han og identifiserte han som Guds Son, Guds lam og som den som døyper med Den heilage ande. Alt handla om Jesus for Johannes. Han framheva aldri seg sjølv, berre Jesus. Om seg sjølv sa han: "Eg er ei røyst som ropar i øydemarka: Gjer Herrens veg bein." (v. 23). Den som er fylt av Den heilage ande og sendt av Gud, fremhevar aldri seg sjølv, berre Jesus og Guds ord. Guds kyrkje er i våre dagar full av åndelege skrytepavar som gjerne vil ha folks fokus, og som rosar seg over kor brukbare dei er for Gud og kor store resultat dei kan syna til. Dei vil så gjerne bli beundra. Sanninga er at dei er komne heilt på avvegar, og må snu og sanna sjølvglorifiseringa si som synd om dei skal bli ståande i trua. At nokon får nådegåver og blir brukt av Gud til frelse og lækjedom for andre, er nåde frå a til å og løftar dei ikkje ein millimeter høgare enn andre kristne. Den som set seg sjølv høgt, skal setjast lågt, men den som set seg sjølv lågt, skal setjast høgt. I denne saka er det aldri Andens gåver det kjem an på, men Andens frukter. Når kjærleik, glede, fred, sjølvkontroll og slike ting veks fram frå livet ditt, då er du på rett spor.

Johannes sa: "Etter meg kjem ein som er større enn meg, fordi han var før meg." Og vidare: "Han skal veksa, eg skal minka." Det skjedde. Til slutt vart han eit hovud kortare pga sin store ihuge for Guds ord og ære.

Johannes vitna om lyset, ja, han reflekterte Guds lys så sterkt at "alle kom til han." Så peika han på Jesus og sa: Det er Han det handlar om, "sjå, der er Guds lam som ber bort verdas synd." Så gjekk folket til Jesus i staden. Og Johannes gledde seg.

Ingen kommentarer: