torsdag 1. desember 2011

Plass for Jesus?


Jula handlar om Jesu underfulle fødsel. Ingen tvil om det. Men i vår moderne tid er jula blitt fanga av næringslivet. Her er det snakk om å selja, ikkje å tilbe.  

I forretningslivet si julesatsing er det ikkje så lett å finna spor av Jesus Kristus. Nissar og stjerner ser ut til å selja betre enn den heilage familien. 

Slik var det også den første julenatt. Det var ikkje plass for Jesus mellom menneska den gongen heller.  Han måtte ta til takke med ein stall og ei krubbe. Romantisk? Neppe. 

Jesus har aldri vore særleg populær mellom dei rike og mektige. Dei fattige har derimot langt lettare for å ta imot han, tru på han og elska han.

Dei fleste i vårt land er rike. Det gjev evangeliet tronge kår, og det er lett å merka. Men nokre tek likevel i mot han, og dei får retten til å kalla seg Guds barn, dei som trur på namnet hans. 

Slike menneske er rike midt i sin fattigdom. 

Jesus hadde eit stort oppdrag frå Gud. Han skulle frelsa oss frå våre synder, frå vår ibuande vondskap. Det var tøffe tak. Men han sto løpet, og Guds frelse blir no bode fram til alle som ei gåve.   Det skjer også i jula 2011, og alle som vil, kan ta imot og oppleva frelsa sitt under, at han som vart fødd i ein stall, også finn sin plass i dei tronge hjarto våre. Det gjer underverk.

Ingen kommentarer: