onsdag 14. desember 2011

Stjerna

Dei vise mennene som kom frå Austen, truleg Persia, hadde sett ei ny stjerne bli fødd på himmelen. Dei var truleg astrologar, og var vane med å tolka hendingar på himmelen som tale frå Gud. Dei må, slik eg ser det, også ha kjent til Det gamle testamentet. Det var mange jødar i dette området etter 587 f.Kr., og desse hadde gjort dei heilage skriftene kjende for folka dei budde saman med, og mange heidningar hadde til og med konvertert til jødedomen. Eg tenkjer meg at denne gjengen med vise menn med interesse hadde lese 4.Mosebok 24,17, den såkalla Bileamforjettinga (profeten Bileam kom også frå Austen) der han såg Messias stiga opp frå Israel som ei stjerne. Difor, då vismennene ei natt såg den nye stjerna i vest, visste dei kva som hadde hendt, Messias var komen til verda. Ja, dei må ha forstått at denne Messias må ha vore guddommeleg, for dei tok ut den lange vegen til Israel, det må ha krevd nitid planlegging,  for å hylla han. Det er tydeleg at dette må dei ha gjort av personlege omsyn. Ingenting tyder på at dei var utsendingar frå ei statsmakt.

Den store klokskapen til desse mennene var at dei oppsøkte Jesus for å gje han, ikkje berre gåver, men seg sjølv. Dermed kunne dei ta imot barnet, som den Gud han var, i hjarto sine.

"Gudsfrykt er opphavet til visdom," les me i Salomos ordtøke. Og gudsfrykt begynnar med å koma til Jesus og overgje seg til han. Den som fryktar Gud, kapitulerer og let seg elska som eit barn.

Dei kom truleg frå Persia for å finna Gud i ein stall. Det var ei lang reise. Men denne forteljinga peikar framover: Jesus er ikkje berre for det jødiske folk, men også for heidningar som oss.

Det underlege med denne forteljinga er at det er folk utanfrå som må fortelja jødane at deira Messias er fødd, og endå meir underleg er den så den totale manglande interesse hos jødane for å bli med dei vise mennene for å finna Messias og hylla han, endå det berre var nokre få kilometer mellom Jerusalem og Betlehem. Dei gadd ikkje sjekka ein gong. Ikkje ein gong dei skriftlærde gjorde det, dei som hadde vist dei ordet frå profeten Mika som fortalde at Messias skulle bli fødd i Betlehem.

Dette lærre oss to viktige ting: Det vil vera naudsynt for Jesustruande heidningar å forkynna evangeliet for jødar, ja, evangeliet er først for jødane, skriv Paulus. Det andre poenget er at ingen blir frelst av bibelkunnskap dersom ikkje denne kunnskapen fører dei til Jesus. Bibelkunnskap utan å tilbe, hylla og æra Jesus er ein farleg ting. Guds ord forherdar dei som ikkje lyder det.

Også i dag opplever me at folk kjem frå Austerland, gjerne frå Persia (Iran) og finn Jesus i små kyrkjelydar i Noreg som liknar meir på stallar enn noko anna. Det er underleg for oss som står midt oppi dette å registrera at nordmenn ikkje har så lett for å koma til slike kyrkjelydar for å finna Jesus, medan dei som kjem langt borte frå finn han så fort som berre det. Enno er han å finna i ringe kår. Ja, kanskje spesielt der. Det er typisk Jesus, det.

Dei vise mennene vart leida av stjerna. Me kan følgja dei, følgja dei til Jesus, den einaste som er verd hyllest, dei einaste som kan gje oss evig liv, og hos han kan me leggja ned både liva våre og den rikdomen me forvaltar. Alt me har, har me frå han, og gjev me det attende til han, går me inn i velsigninga. Lukke til med det!

Ingen kommentarer: