fredag 2. desember 2011

Eit barn er oss fødd, ein son er oss gjeven.

Overskrifta er henta frå eit utruleg ord om den komande Messias i Jesaja 9,6.

Så er det ingen tvil: Jesus Messias er VÅR. Han er gjeven til OSS. Og alle som gjennom dåp og tru tek han til konge, blir medlemmer av hans rike med alle dei rettar som medfølgjer.

Kong Harald er konge for alle nordmenn, både for dei som oppfører seg fint og dei som ikkje gjer det. Det er eit  enormt privilegium å ha eit statsborgerskap. Kanskje tenkjer du ikkje noko over det, men takk gjerne Gud for at du har det.

No har eg i mange år jobba med statslause flyktningar som ikkje har rett til opphald i Noreg. Å leva slik er veldig tungt. Livet er til dei grader på vent for slike. Dei lever frå hand til munn i stadig redsle for politi og den framande statsmakta dei har rundt seg på alle kantar, og tankane og bønene deira er berre opptekne av denne eine tingen: "Å gode Gud, lat det ordna seg. Ver så snill. Ver så snill."

Godtfolk! Me mista alle vårt himmelske statsborgarskap då våre forfedre braut med Gud. Vår framtid var ytterst mørk. Men Gud såg i nåde til oss og gav oss Sonen sin, den einborne, forat alle som trur på han skulle få del i hans statsborgarskap i himmelen, og derigjennom evig liv.

Men kva om du oppfører dårleg ein dag? Misser du då statsborgarskapet ditt? Nei, så lenge du har Jesus til konge og sannar syndene dine, står det himmelske statsborgarskapet ditt fastare enn det jordiske. 

Tenk om me kunne ha forstått, men det gjer berre dei som lengtar etter Gud, himmelen og den evige rettferd. Det er grunn til å be: "Gode Gud, skap denne lengsla i alle dine menneskebarn denne jula."

Ingen kommentarer: