søndag 25. desember 2011

Og Ordet vart kjøt og tok bustad mellom oss

Overskrifta er frå Johannesevangeliet 1,14.

Det er første juledag, og me feirar under over alle under. C.S Lewis skriv i boka si "Mirakler": Det at Gud vart menneske utan å slutta å vera Gud, er det store miraklet  i vår historie. Det er vanskeleg å setja ord på dette, men det at den uavgrensa vart avgrensa, den mektige avmektig, den store liten, Herren ein tenar, det er fenomen som går høgt over vår menneskelege forstand. Det er guddommelege saker.

I teologien er det viktig å halda styr på paradoksa. Eit paradoks er to utsegner om ein og same ting som tilsynelatande ikkje let seg sameina.

Det at Gud vart menneske, er eit paradoks. Likeeins at Gud er tre og på same tid èin. At du i nattverden både får Jesu lekam og blod og samstundes får brød og vin. Likeeins med dåpen, vatnet er både naturleg vatn og heilagt vatn som gjenføder og fornyar ved Den heilage ande. Den eine sida ved paradokset kan du sjå og studera. Den andre sida er ei sak for undring, tru og tilbeding.

Paradoksa audmjukar oss. Me kan strekka tanken så langt me vil, men me kan ikkje fatta dei likevel. Berre tru, tilbe, døypa, eta og nyta.

Då Gud skulle frelsa oss, måtte han bli ein av oss. Me hadde pådrege oss så mykje skuld, og denne skulda måtte sonast av eit menneske som var utan skuld, ein stedfortredar. Ingen av Adams barn høvde til denne gjerninga. Ingen hadde rett kvalitet. Ingen var store nok. Det var berre ein måte: Gud måtte gjera det sjølv. Difor vart han menneske.

Gud vart ein av oss. Ingen kan fatta stordomen i dette skikkeleg. Men den Gud som vart ein av oss for å ta på seg vår skuld og dom, han må til dei grader vera både for oss. Det er veldig for meg når eg kan seia: Gud er for meg! Han er i sin eigen persom mi rettferd, min evige representant. Det er han også for deg om du ønskjer at det skal vera slik.

Det er èin Gud, skriv apostelen Paulus, og èin mellommann mellom Gud og menneske, menneske Jesus Kristus. Gud tok vår frelse heilt og fullt ut av våre eigne hender og frelste oss med sitt eige blod utan vår medverknad. Vår lodd no er å ta imot, takka og tilbe, eller avvisa og gå vidare utan han som kom for å vera for oss og med oss.

Ingen kommentarer: