søndag 18. desember 2011

"I han var liv, og livet var lyset for menneska"

Sitatet i overskrifta er frå Johannesevangeliet 1,4

Det spinn nok liv i deg også, min kjære lesar. Men du har ikkje liv i deg sjølv. Livet ditt kjem frå Gud, og det står i hans makt å avslutta det når han bestemmer seg for det. 




Annleis var det med Jesus. Han hadde liv i seg sjølv. Ingen kunne avslutta hans liv. Ingen kunne ta det. Han måtte gje det. Dette forklarar han rett ut i Johannes 10.

Livet er eit mirakel. Ingen kan komponera liv ved hjelp av livlause komponentar, ingen andre enn Gud. Det som nokre kallar "primitivt" liv er så avansert at det går høgt over hovudet på den skarpaste biokjemikaren som måtte finnast. Likevel er det mange som vil ha oss til å tru at dei skjønar seg på dette her. Det gjer dei ikkje. Dei lyg om sin eigen kompetanse.


Jesus seier om seg sjølv at han er Livet. Liksom alt biologisk liv, som er avgrensa, har sitt opphav i han, så har  også det evige livet det, det som er vårt lys, dvs vårt håp.


Eit menneske utan håp er eit djupt ulukkeleg menneske. Men den som har håp, kan møta kva det skal vera. Håpet gjev ein fantastisk styrke til å takla alle typar påkjenningar. Men det er viktig at håpet er basert på realitetar og ikkje på draumar. Det kristne håpet er basert på Jesus Kristus, hans fødsel, liv, død, oppstode og himmelfart. Og det lever i oss fordi Den heilage ande har aust ut Guds kjærleik i hjarto våre. Me veit at me er elska av den evige Gud, hans kjærlege nærvær kviler i oss og gjer alt så fagert og lyst for oss, og me veit at ein Gud som elskar slik, han vil aldri svikta oss. Han vil ta imot oss i sine evige bustadar. Alt som kunne hindra han frå å gjera det, har han sjølv teke bort då han gav livet sitt for oss på skammens tre. Lova vera hans namn og verk.

Ingen kommentarer: