mandag 26. desember 2011

Herrens herlegdom

”Og me såg herlegdomen hans, den herlegdomen som ein einboren Son har frå Far sin, full av nåde og sanning.” Johannes 1,14 b

Me møter Herrens herlegdom gjennom heile Bibelen, anten i form av det lyset som går ut frå Gud, eller ved at hans makt, godleik og venleik på ein eller annan kjem til syne gjennom hans gjerningar. Herrens herlegdom strålte rundt englane som synte seg for gjetarane på Betlehemsmarkene. Det endra hjarto deira. Seinare fann dei barnet i krubba. Det fysiske lyset var ikkje der, men med fornya hjarto kunne sjå dei Guds herlegdom i augo åt den vesle.

Herrens herlegdom vert openberra gjennom Jesu undergjerningar (Johannes 2,11). Alle som får  hjarto sine forvandla  av Gud ”ser” hans herlegdom i det mirakuløse, og dei gleder seg. For alle andre er undera berre til forarging. 

Når Herren openberrar herlegdomen sin, vert alt anna borte for folk, og det er vanskeleg å snakka, og når ein snakkar, snakkar ein om Herren og det som har med han å gjera. Ein vert fanga, som nokre vert det av vakre bygningar eller kunstverk.  Å koma attende til ”kvardagen” kan opplevast som ein nedtur. 

Enkelte menneske har ”karisma”. Dei har ei utstråling som fyller rommet som dei er i. Nelson Mandela er ein slik. Han treng ikkje seia noko for å prega miljøet. Alle merkar nærværet hans, og han løftar folk berre ved å vera til stades. Dette er også ein del av Herrens herlegdom som fyller heile jorda. Kven får dette preget? Dei som er blitt prøvd og som har stått sin prøve, folk som snakkar og lever med substans,  folk med høgare mål enn dei trivielle, folk med karakter. 

I dette gjekk Jesus alle ein høg gong. Han hadde ei enorm utstråling. Guds kjærleik  og makt gjekk ut frå han og dreiv folk til Far. Han lækte dei sjuke og sette fri alle som var bundne av djevelen.  Livet hans lyste sterkt, og dei som var saman med han opplevde det ekstremt utfordrande. For nokre vart det for mykje av det gode. Dei fekk han drepen. 

Men ingen plassar kom hans herlegdom klårare fram enn på krossen då han midt i namnlaus pine bad for bødlane sine, tok ein røvar med seg til Paradis og så fint tok vare på mora si framtid. Og berre det faktum at han ikkje braut av dødsprosessen,  men fullførte det han var komen for, fortel om ein kjærleik til oss og ein karakter heilt  utanom det vanlege. Dette har nokre av oss sett, og det har forvandlar liva våre. Ingen over Jesus, ingen ved sida.

Ingen kommentarer: